Utsikt frå fjelltopp

Flotte turar i Førde-regionen

Turtips frå Liv Janne

Tekst: Roy Sunde Foto: Liv Janne Bell Jonstad

Liv Janne Bell Jonstad er over snittet glad i å gå på tur. I tillegg er ho særs glad i å formidle opplevingane og gode turtips, gjennom bloggen Liv Janne sin tur- og fjellblogg.

Som mange sunnfjordingar, vaks eg opp med å gå på fjellet om sommaren og på ski om vinteren. Fjellinteressa starta for alvor då eg møtte mannen min. Lidenskapen vår er å
oppsøke nye turmål. Vi leitar stadig etter nye turar, og har alltid auga opne for flotte fjell- eller turområde. Når vi ser noko spennande, sjekkar vi alltid kartet. Vi er ein vanleg familie,
med to born på 7 og 9 år. Turgåing er ei felles interesse som skapar flotte felles opplevingar.

Gleda over å dele flotte turar

Sterk turinteresse, og eit ønske om å vise fram flotte turmål, førte til bloggen hennar i 2008.

– Det er kjekt å skrive om turane våre. Eg ønskjer å inspirere folk til å oppsøke nye turmål ved å vise fram dei «skjulte perlene» rundt oss. Vise at det ikkje berre er dei høge, flotte
toppane som gir gode turopplevingar. Små, enkle turar kan vere like fine. Mange kvir seg for å gå nye turar, men ved å gje god informasjon om turmålet, vegval, merking og startpunkt håpar vi å få fleire til å variere turane og få nye naturopplevingar! Frå bloggen sin spede start har interessa for fjellturar auka enormt. Stadig nye turmål vert merka og tilrettelagt, og blir lettare tilgjengeleg også for meir uerfarne turgåarar. Og på Facebook og Instagram inspirerer folk kvarandre til å oppdage nye turmål. Vi har så mykje fjell- og turområde at om du legg turen utom dei mest kjente turmåla, får dei som ønskjer det gå i fred.

Planlegg og prioriter

I eit samfunn der mange kjenner på tidsklemma, blir turen ut i naturen ofte prioritert ned.

– Mine beste tips til å kome seg på tur, er å planlegge og prioritere. Studer kalenderen og vêrmeldingane, kor tid passar det best å dra på tur? Ha kleda klare, og får du ein time eller to til overs, så kom deg ut. Eg kjem ofte med vått hår i selskap eller møte, fordi eg så vidt rakk å dusje og skifte klede etter å ha vore på tur før eg skal vidare. Det kan vere hektisk og
stressande der og då, men det er definitivt verdt det! Vi er gode på å pakke inn og ut av ryggsekkar fort, for å seie det sånn! Det handlar også om å prioritere. Eg har det mykje betre i
sofaen ein laurdagskveld om eg har vore ute på tur, enn om eg hadde brukt dagen på å vaske huset. Husvasken kan vente, både ein dag eller to. Faktisk gjerne ei veke! Alle bør og
planleggje turen ut i frå eigne føresetnader, ikkje kva andre gjer!

På barna sine premissar

Skal du på tur med ungar, er det viktig å leggje opp turen på deira premissar.

– Og ein treng ikkje alltid på ein fjelltopp. Born synast ofte det er vel så spennande å gå til ein støl eller ein nedlagt fjellgard, der ein kan utforske og oppdage. Turar til DNT-hytter er
også kjekt. Å ta seg tid til ein god matpause på turen er også viktig når ein har med seg born. Kosen med niste, drikke og litt tursjokolade, er mykje av turgleda for dei. Det er ikkje alltid ungane har lyst å vere med på tur. Av og til er det tungt og slitsamt undervegs, men så og seie alltid sit vi igjen med ei god oppleving. Gjer det til ein vane at ein skal ut på tur – så blir det lettare å kome seg ut gong for gong.

Sjå Liv Janne sine turtips i Førde-regionen >

Liv Janne Bell Jonstad

Liv Janne Bell Jonstad driv bloggen Liv Janne sin tur- og fjellblogg. Her gir ho sine tips til fine turar.

Om du vil lese meir om flotte turar, finn du mange gode turtips til små og store turar i Sunnfjord på fjell-luft.blogspot.no

Bloggen har også si eiga Facebook-side: facebook.com/livjannesinturogfjellblogg