Eva Weel Skram

Larris Scene

– Då Førde vart urbant

Tekst: Roy Sunde

Ein av Førde sine nyaste møteplassar er Larris Scene, som opna i september i fjor. Det var eit
kjempeløft for Scandic Sunnfjord Hotell & Spa, og for Førde som kulturarena. 

– Førde mangla ei god klubbscene. Det gjorde det vanskelig å få artistar hit, og det ønska vi å endre. Førdehuset er eit fantastisk kulturhus, men ei klubbscene gir ei anna stemning, seier event- og konferansesjef Fred Morten Reiersen.

– Mottakinga har vore fantastisk, og folk er flinke til å nytte tilbodet. I starten sa mange at dei fekk gåsehud når dei såg boksen med Torsheim-bilete på, og når dei kom inn tenkte dei: «Det følast ikkje som vi er i Førde». Vi overgjekk forventingane deira. Slike tilbakemeldingar gjer det ekstra kjekt å drive med dette.

Fred Morten fortel at Førde, blant artistar, har hatt ry på seg som ein litt vanskelig stad å spele.

– Både fordi vi mangla ei klubbscene, og fordi konsertane ofte var seint på kveld. Ein traff i for stor grad dei som berre vil på fest. Vi startar konsertar tidlegare, for å treffe dei som vil på konsert. Artistane får då spele for eit engasjert publikum, og stemninga blir topp. No skryt artistane av publikum. Når folk er engasjerte, leverer artistane endå betre og ein får desse magiske augeblikka. Beste marknadsføringa er at alle går heim nøgde. Ryet som vanskeleg spelestad ligg bak oss. Vi fungerer også både som klubbscene, og ein vanleg uteplass. Folk skal vite at dei kan komme kvar helg, og ha det kjekt. Når det er konsertar er det DJ og fest etterpå. Då treff vi både konsertpublikum, og dei som berre vil på fest, seier Fred.

Både for ungdom og godt vaksne

Og det er langt frå berre ungdommen som har sett pris på Larris Scene.

– Det kjem mykje musikkinteresserte folk hit. Eg har jobba i bransjen sidan 90-talet, og møter folk eg ikkje har sett ute på på fleire tiår. Det er kult. Målet er at «alle» skal få konsertar dei vil på, anten ein er 18 eller 80. Vi har eit spenn frå Julie Bergan til Jan Eggum. Larris Scene er for alle, det er nøkkelen, seier han og slår fast at gode sosiale arenaer der folk møtast er viktig.

– Og like viktig er det at vi brukar dei. Folk lever hektiske liv. Når vaksenlivet festar grep, dett ein vekk frå utelivet. Men vi er sosiale vesen, som har godt av å møtes. Ein kan ikkje berre «sovne hen» i stova. Å gå på konsert, stand up, quiz saman med andre, gir energi og løftar oss, seier han og trekk fram dette med å vere attraktiv som by for nye og gamle innbyggarar.

– Når du har budd i byar med breitt kulturtilbod, venner du deg til dette. Skal Førde vere attraktivt for tilflyttarar må vi ha vi ha slike arenaer i Førde også. Det føler eg Larris Scene har blitt. I tillegg til konsertar har vi til dømes hatt litterær salong, kabaret, stand-up og tangokonsert. I haust kjem Fri Flyt-turneen, for å vise skifilmar. Vi prøver å utvikle oss. Blant anna har vi snakka om å arrangere vinylkveldar, der musikkinteresserte kan ta med plater, spele dei, snakke musikk og vere sosiale rundt felles interesse.

www.facebook.com/larrisscene