Quizane på Pikant

– Der vi møtast

Tekst: Roy Sunde

For 15 år sidan starta Pikant med quiz kvar onsdag.

– Onsdagsquizen lever i beste velgåande, med Bård Solberg Våge som vert, seier Geir Bjarte Hjetland. Han leiar den tre år gamle musikkquizen på laurdagar.

– Pikant-quizane er ein levande tradisjon med lys framtid. Dei har blitt sosiale institusjonar. «Alle» veit at onsdag kl. 21 og laurdag kl. 22 er det quiz. Are Kalvø sa at quiz er ein idrett for menn i 40-åra med fallande brystkasse og stigande hårfeste. Hos oss finn du folk av begge kjønn, frå 18-70 år. Og alle har godt av ein tur ut av stova, også på ein onsdag. Det kjekke er at det kjem stadig nye folk. Dei flyttar til Førde, og får beskjed om at viss dei skal gjere noko sosialt i veka, så MÅ dei gå på quiz på Pikant!

– Handlar deltakinga på allmennquizen her om prestisje eller sosial omgang?
– Sosial prestisje, seier Geir Bjarte og ler.

– Mange lag har vore med frå start, og kjem for å vinne. Rykta seier at nokre lag spesialsyr laget og har kvalifisering for nye deltakarar. Andre er der for å ha det gøy. I NM på ski går det løparar som år etter år trener knallhardt, utan å nå opp. Og brått prikkar dei forma og vinn. Laget «Ron Jeremy» er her nesten kvar gong, og brått i haust vann dei! Eg likar slitarar som ikkje gir opp, men ein kan ikkje gjere det for enkelt for laga heller. Når ein lagar 50 spørsmål kvar veke går nokre igjen, i ulike variantar. Det er typisk for «sporten». Men ein må vere kreativ og sette laga litt på plass. Vinnarane bør ikkje klare meir enn 80-85 prosent riktig, seier han.

Garantert god stemning

Onsdagsquizen er «alvor». Laurdagsquizen handlar mest om underhaldning.

– Slagordet er garantert god stemning. Vi ser i blant tilreisande komme for å ete middag, utan å vite om quizen. Og ofte er dei ikkje på hotellet igjen før i 02-tida, fordi dei har det så
gøy.

Musikkquizen skal vere laus og kjekk. Folk må vere sosiale og legge vekk blygskapen. Å synge med og danse gir bonuspoeng, så du må opp av stolen om du vil vinne gåvekorta. Ein gang i halvåret har vi og Dirty Dancing-kåring. Då er det dans til «Time of your life», toppa med det legendariske løftet der Patrick Swayze løfter Jennifer Grey. Der er kampen knallhard, seier han og fortel kvifor han held quiz.

– Det gir meg mykje glede å sjå andre kose seg. Som vaktsjef i NRK Sogn og Fjordane får eg tidvis høge skuldrar. I det eg set i gang quizen, sig stresset ut. Eg trivst når folk har det
kjekt.

www.facebook.com/pikantbar