Hans Jakob Reite

Reite i Ringen

Tekst: Roy Sunde

«Reite i ringen» var eit initiativ frå biblioteket for å skape ein debattarena.

– I dag går diskusjonar ofte i kommentarfelt på Facebook, men folk er sosiale vesen. Å snakke via skjermen er utilstrekkeleg. Eg ville gjere det på gamlemåten, ved å samlast i ring, ansikt til ansikt, hylla inn av lukta av bøker og atmosfæren på biblioteket. Vi har to innleiarar, så køyrer vi debatt der publikum deltek sterkt og har ordet mykje. Det har fungert veldig bra, seier Hans Jakob Reite, og fortel kvifor dei møtes slik.

– Nettdebattar viser at skjermkontakt skaper distanse og hardare debattklima. Å sitte fjes til fjes med andre, og ta sjansen på å vere einige eller ueinige, det går aldri av moten. Eg trur det òg gjer diskusjonen meir sakleg og nyansert. Facebook er ein viktig debattarena, men av og til unødig hardtslåande. Vi seier «ja takk, begge deler», og strøymer debatten på Facebook. Vi vil òg sleppe til spørsmål frå nett. Men eg vil alltid dyrke dei frammøtte.

– Kva ser du som Førde sine viktigaste møteplassar?
– Eg kan ikkje skryte nok over Førdehuset, med sitt enorme mangfald av tilbod. Det har i over 40 år vore viktig for å samle oss. Dei fleste møta våre skjer på kafear, handelshus og
butikkar. Fellestrekket for dei eg nemner er at dei har låg terskel for oppmøte. Du treng ikkje å vere ein av «gjengen». Slikt er viktig, spesielt i Førde, som har mange innflyttarar. Vi treng å møte både kjente, og bli kjent med nye folk. Førde har mange gode møteplassar. Tidvis er spørsmålet meir om vi er flinke nok til å nytte dei? Det krev også fornying. Om ein berre repeterer det gamle, dett folk av. Pikant har vore flinke, med quizar og ulike arrangement. Larris Scene viser at når ein torer skape noko nytt, så kjem vi. Begge viser at vi har eit behov for å møte andre, seier han.

– Ein møteplass vi burde bruke meir er området Nynorskens skog, ved Festplassen. Det burde aule her i godt vêr, men her er det påfallande lite folk. Når tek førdianaren piknik i det fri? Og kvifor ikkje møtast i Nynorskens skog?