Rom for ord på Pikant

Rom for ord

Tekst: Roy Sunde

Ein fersk møteplass i Førde er litteraturhuset «Rom for ord».

– Eg tenker på «rom for ord» som eit vandrande kulturhus, som søkjer seg dit folk er. Det byrja på Pikant, så kom biblioteka i Førde og Jølster til, Larris Scene og fleire, seier Marit
Bendz. Ho er fylkessekretær i Naturvernforbundet, frilansjournalist, og ein av initiativtakarane til «Rom for ord» i 2016. Frøet til det vandrande kulturhuset vart sådd under ein tur til Berlin.

– Eg vitja ein pub der ein forfattar vart intervjua om boka si om David Bowie sin Berlin-periode. Eit smalt tema, men det var tettpakka av folk. Intervjuaren snakka i ti minutt, før ein DJ spelte Bowie-plater medan folk prata og drakk. Så intervjua dei igjen. Energien i rommet tente noko i meg. Seinare heldt Hans Jakob Reite fem kveldar med «Kultureliten på Pikant-loftet». Han runda av med ei utfordring om at no måtte andre ta over. Så sat eg og Frode Nordeide og fantaserte litt: Kva kan vi få til? På den tid fekk Førde kommune 500.000,- til nynorskbyen Førde. Etter litt drodling, der Førde Bibliotek, Tom Farsund og mange andre bidrog, byrja vi med bokbad. Det balla på seg, og vart til «Rom for ord». Det kan alle dei involverte vere litt stolte av, seier ho.

– Vi ønskte å få eit meir levande sentrum, ved å trekke nokre arrangement ut av biblioteket for å skape nye møteplassar mellom kultur og folk. I starten tenkte dei nok at vi ville ta frå
dei. Fasiten er heller at det skapte fleire arrangement. Folk går meir ut, noko som er positivt for alle, seier Frode.

– Det skjer så mykje i Førde no at eg ikkje får med meg alt, seier Marit.

Programmet er delt mellom Marit, Janne Karin Støylen, Førde Bibliotek og andre aktørar. Marit tek seg av Pikant, og vert også hyra inn som «bokbadar» og programleiar i andre rom.

– Janne er krumtappen og den organiserte. Eg likar å sjå moglegheiter som dukkar opp, hive meg rundt og få ting til.

– Vil du seie at Rom for ord er ein viktig møtestad for Førde?
– Ja, fordi det dreg stadig nye grupper folk ut for å møte andre. Kvar gong kjem det folk eg ikkje har sett på Pikant før. Det skapar nye møte og samtalar. Vi har eit breitt spekter av tema: litteratur, historie, miljø og politikk. Vi prøver å treffe ulike målgrupper og få folk ut. Responsen har vore god, sjølv om oppmøtet varierer. Andre etasje på Pikant er ein intim og god arena. Stemninga er god, om det kjem 20 eller 50. Men det er kjekkast når det er pakka.

facebook.com/Rom-for-ord-562031473970821