Strikk og lytt

Strikk og lytt og mykje meir

på Førdes største møteplass?

Tekst: Roy Sunde

Førdehuset er ein av våre største møteplassar. Det er også heimen til biblioteket.

Der kjem ein for å låne bøker, lese aviser og tidsskrift, og få litt tid i stille tankar.

– Biblioteket er også ein særs viktig sosial møteplass, ein funksjon byar satsar mykje på. Ofte i slik grad at ein legg meir vekt på funksjonen som møteplass, enn på det tradisjonelle
biblioteket: Eit rom med bøker. Oslo bygger nytt hovudbibliotek no, i form av eit signalbygg, rett ved Munchmuseet og Operaen, seier biblioteksjef Jorun Systad.

– Bibliotekrolla er i stor endring, med stadig meir folk innom: 2015 hadde biblioteket i Førde 27 arrangement, frå konsertar til forfattarbesøk. I fjor var talet 85, og 78.106 besøkande. No ligg vi på 1-2 arrangement i veka, seier Jorun og fortel kvifor det skjer så mykje der.

– I følgje Biblioteklova er Folkebiblioteka si oppgåve å fremje opplysning, utdanning og kulturell verksemd. Folkebiblioteka skal vere ein uavhengig møteplass og arena for offentleg
samtale og debatt. Dette ønskjer både vi og staten. Vår andre viktige funksjon er å vere inngang til verda og litteraturen. Biblioteket let deg reise kvar som helst, og gir tilgang til tankar som er tenkt, verda rundt, til alle tider. Dette er viktig.

Sjølv bidreg ho til arrangementa med «Strikk og lytt».

– Arrangementet er «kopiert» frå Deichmanske bibliotek i Oslo, men vi har vår eigen vri. Kvar lesestund har eit tema og byr på smakebitar frå heilt ny litteratur og klassikarar.

– Eg har lest mange timar dagleg heile livet. Den gleda over litteratur og lesing er eg utruleg glad i å dele. Til «Strikk og lytt» kjem det både dei som strikkar, og dei som berre har lyst å lytte. Fellestrekket er at dei likar å møtast i sosial omgang.

www.fordehuset.no/bibliotek