Sunnfjord Filmklubb

Sunnfjord Filmklubb

Tekst: Roy Sunde

På Sunnfjord Skaparhus gir Reodorklubben unge ein arena for det å skape og vere kreativ. Der held også Sunnfjord Filmklubb til, stifta av Aleksander Åsnes og Øyvind Hellenes.

– Byar bør ha eit breiare kinotilbod enn berre dei nyaste filmane. Ein stad der folk samlar seg for å sjå og diskutere gode filmar. Det mangla Førde då eg flytta heim for halvtanna år sidan. Aleksander og eg var involvert i filmklubbar i studietida og venegjengen vår har stor filminteresse. Vi ser ofte film, og tenkte kvifor ikkje invitere fleire på visningane? seier Øyvind.

Dei melde seg inn i Norsk Filmklubbforbund og la klubben i lokala til Hellenes i Førde.

Vi vil bygge sosiale rammer og miljø rundt filminteressa.

– Vi trur det er lettare å bygge eit sosialt miljø her enn på kinoen. Der blir det lett til at folk ser filmen og går rett heim. Vi vil bygge sosiale rammer og miljø rundt filminteressa. Tilbakemeldingar vi får er at dette er eit kanontilbod, så vi er godt i gang, seier han.

– Det kjekke med filmklubb er det sosiale, og å møtast i ei felles interesse. Vi håpar filmklubben blir ein stad der folk får nye opplevingar, kan fordjupe seg i film og filmhistorie, og blir meir «seriøse» filmsjåarar i fellesskap. Ofte treng ein å jobbe litt med den første reaksjonen ein får i møte med nye utrykk. Utfordre seg sjølv og sette seg djupare inn i filmen, regissøren, og kva andre meiner om det. Det gjev ny forståing, ei kjensle eg likar veldig godt. Vi kjem også til å ha spesielle visningar, til dømes utekino, som vi prøvar å få til i sommar. Vi ønskjer også å ha filmquiz på Pikant, og har idear om å lage ein filmfestival. Det treng ikkje vere så påkosta, det er berre å hive seg rundt og lage ein, seier han.

www.facebook.com/sunnfjordfilmklubb