Turtips frå Indre Sunnfjord Turlag

Sunnfjord har mykje spennande natur å by på. Vi utfordra Indre Sunnfjord Turlag til å by oss dei beste turane, i ulike kategoriar.

Tekst: Indre Sunnfjord Turlag

Tre lette

Nordheia/Djupeviknipa

Lettgått tur med flott utsikt over Førdefjorden mot Naustdal. Ikkje merka, men godt synleg sti. Frå Nordheia går turen vidare i svært lettgått terreng til Djupeviknipa.

Vanskegrad: Lett.
Tid: Ein liten time til toppen av Nordheia.
Startpunkt: Parkeringsplass ved Nordheiatunnelen på Fv 609 (mot Askvoll).
Høgd: 460-662-650 m.o.h.

Fossestien (Gaular)

21 km merka og tilrettelagde sti langs elva Gaula frå Viksdalen til Gaularfjellet. Total stiging på 550 m. Undervegs passerer du 14 fossar og sju vatn. Turen kan delast i etappar. Meir info på fossestien.no eller sognefjord.no.

Vanskegrad: Lett.
Startpunkt: Eldal, ca 50 minutt med bil frå Førde.
Høgd: Total stigning 550 meter.

Postvegen

Del av Den Trondhjemske postvei. Lettgått tur på grusveg i kupert terreng, gjennom skog og stølsidyllar langs eit fjellvatn. Frå Hafstadstølen har du flott utsikt mot Langelandsvatnet.

Vanskegrad: Lett.
Tid: Frå Reset til Hafstadstølen, 30 min i roleg turtempo.
Startpunkt: E39 ved Reset, sør for Førde, ved avkøyring til Nygjelshaugane. Parker her. Følg skilting til Halbrendsnipa i starten. Grusvegen startar ved europavegen.
Høgd: Høgste punktet på vegen ligg 340 m.o.h.

Frå storhavet i vest til den mektige breen i aust, i landskapet mellom fjord og fjell finn du turmål for ein kvar smak. Førde er eit flott utgangspunkt for turar. Byen har fjella tett på, og fleire av turtipsa kan nåast utan bil. Med korte bilturar når du nokre av dei flottaste turane i regionen. Vi har samla nokre turtips som vi har delt inn i ulike kategoriar.

Roy Raasholm Fauske
Roy Raasholm Fauskenestleiar i Indre Sunnfjord Turlag

«Berre må» gå

Lundeskaret

Spektakulær sti opp eit stupbratt skar i særs vilt landskap. Stien er godt merka, tilrettelagt, utbetra og sikra, og kan gåast av alle. Frå toppen ser du breen. Ein kan og krysse breen til Fjærland. Det krev ekstra utstyr og erfaring.

Vanskegrad: Krevjande.
Tid: Frå 1-1,5 time opp.
Startpunkt: 45 min biltur frå Førde. Parker ved Fjærlandstunnelen på Lunde i Kjøsnesfjorden.
Høgd: 1080 m.o.h.

Lundeskaret

Sandegga

På Nydalsstølane vert stølsvollane slått og høyet tørka på hesjar, blant velstelte hus. Frå der går du til toppen av Sandegga, med flott utsikt over fjella i Sunnfjord.

Vanskegrad: Middels (partivis bratt opp frå stølen).
Tid: Bilveg fram til stølen (bompengar, 40 kr). Turen opp tek kring 1,5 time.Startpunkt: E39 til Moskog, ta av på Rv 13, følg skilt til Nydal få kilometer frå Moskog.
Høgd: 1093 m.o.h.

Sandegga

Fantastisk utsikt

Storehesten (Kvamshesten)

Storehesten ser utilnærmeleg ut frå sør, men det er ein flott tur for små og store på god og merka sti. Frå toppen ser du frå storhavet til breen.

Vanskegrad: Krevjande, men høver for alle.
Tid: 3 timar opp.
Startpunkt: Frå Bygstad følg skilt til parkering. Bompengar på siste del av vegen.
Høgd: ca 400 – 1209 m.o.h.

Storehesten

Fauskevarden

Frå toppen nyt du storslagen utsikt over Førde­fjorden og fjellmassivet mellom Storehesten og Blegja. Lett synleg sti i ope fjellterreng med fin utsikt heile vegen.

Vanskegrad: Middels.
Tid: Ein god time opp.
Startpunkt: Parkeringsplass ved Nordheiatunnelen på Fv 609 (mot Askvoll).
Høgd: 460 – 853 m.o.h.

Fauskevarden

For barnefamiliar

Hunsrasta ved Bekkjevatnet

Brei, fin grusveg til eit flott friluftsområde, med bord, benkar, gapahuk, bålplassar, teltplass, strand, brygge og do. Tilgjengeleg for barnevogn og rullestol.

Vanskegrad: Lett.
Tid: Ca. 30 min ein veg i vaksentempo.
Startpunkt: E39 ved Langeland, sør for Førde mot Sande.

Mostien

Skogsløype ved Sunnfjord museum i Movika, der postar gir deg nyttig informasjon undervegs. I skogen er det ein støl som er fin å raste på, og utsikt over Movatnet. Det er råd å gjere ein avstikkar til Huldefossen.

Vanskegrad: Lett.
Tid: Ca 20 minuttar i vaksentempo
Startpunkt: Sunnfjord Museum ved E39 i Movika, aust for Førde sentrum.