Turtips frå Liv Janne

Foto: Liv Janne Bell Jonstad

For dei spreke

Angedalen på langs

Vi er glade i rundturar, eller turar på langs, der ein startar ein stad og ender opp ein annan. Det kan skape litt utfordringar i høve logistikk, men det er verdt det. Å vandre over fjelltoppane langs eit dalføre, gjev ei annleis og mektigare naturoppleving enn berre å gå opp ein topp og ned att same vegen. Turen startar ved Angedalen bru, og går via Skaret til Ørnefjellet (653 moh), og via Kariknausen til Skogstadfjellet (727 moh). Dette er ein fin tur å gå tur/retur om ein ynskjer eit kortare turmål. Frå Skogstadfjellet held ein fram over Tynningen, Stølsfjellet, Høgeheia og til Eikåsnipa (826 moh). Frå Eikåsnipa kan ein følgje merka sti ned i Flugedalen. Turen er delvis merka, men det er ope og lett terreng å gå i.

Startpunkt: Angedalen bru
Tid: 5-7 timar (ca. 1200 høgdemeter stigning)
Lengd: 17 km

Fjelltopp

Kjelstadnakken (1050 moh)

Kjelstadnakken er ein flott topp, som forsvann litt i mengda. Frå Gaular kan du starte turen både i Skudalen, på Kjelstad og på Hestad. Dette er litt meir krevjande turar. Frå Førdesida er turen grei for dei fleste. På ut.no er den omtalt som ein typisk Sunnfjordtur der du går opp jamt og trutt frå start til slutt. Lønna er utruleg god utsikt og oversyn som slår det meste. Frå parkeringa ved vegbommen i Kvanndalen, går du eit lite stykke langs veg, før du tar til høgre over elva og startar på stigninga. Det er ikkje merka, men det er sti og delvis vardar som du kan følgje. Stien er ikkje like tydeleg alle stadar, men følgjer fjellet og ryggen opp før den dreier litt austover før finalen opp til varden.

Startpunkt: Ta av frå E39 aust for Førde ved skilt til Sundsdalen. Køyr 3,6 km, ta til venstre
inn på privat bomveg (bompengar). Så er det 5 km på smal og bratt grusveg mot Kvanndalen.
Lengd: 8 km t/r
Tidsbruk: ca. 3 timar t/r

Kjelstadnakken

For barnefamiliar

Botnavatnet

Inst i Angedalen, i Botnen, ligg eit av dei finaste turområda i Førde. Få stadar ser du så flotte haustfargar, og du kan fylle magen med gode blåbær! Her finn du eit utal turalternativ, alt etter om du ynskjer ein lett, middels eller ein meir krevjande tur. For barn er det fint å gå til Vassbrekka eller Botnavatnet. Vil du ha ein litt lengre tur, kan du gå vidare langs vatnet inn til Botnastølen. For dei sprekaste er det mange flotte fjelltoppar rundt Botnavatnet. Angedalsgruppa har det siste året gjort ein kjempejobb med å merke mange av turane.
Turen til Botnavatnet er flott for barnefamiliar, og det er råd å ta med seg barnevogn. Det er god parkering ved enden av bilvegen i Botnen. Ein kan og køyre vidare til Aksla, og parkere der. Turen går på relativt flat veg inn til Vassbrekka. Her er det ei bratt stigning før det flatar litt ut rett før ein kjem til vatnet. Ved vatnet er det fint å grille, og er du der ein varm sommardag, så er eit bad obligatorisk! Om du ynskjer det, kan du gå over brua til hyttefeltet og ta turen ned att på andre sida av elva, forbi Gamlestølen og Øyastølen.

Startpunkt: Botnen – inst i Angedalen
Lengd: ca. 2 km inn til Botnavatnet
Tid: 45 minutt

Den løynde perla Erdalsdalen

Tar du turen opp i Erdalsdalen opnar det seg eit eldorado av turmål – både for familiar og dei meir spreke. Her er nokre av dei.
Skåfjellet og Espenipa (751 moh):
Ein litt meir ukjend topp enn mange av dei andre fjella kring Førde og ut mot Naustdal, men utsikta står ikkje tilbake verken mot Førdsnipa eller Smådalsnipa. Når du har køyrt svingane til Erdalsdalen frå hovudvegen, kjem du til inngangen til den flate dalbotnen. Parker på velteplassen. Gå over brua, og til venstre over eit dyrka jorde. Her kjem du til endå ei lita bru. Gå over og ta retning inn i eit granfelt langs Løypingselva. Det går sti oppover parallelt med elva, men du må følgje nøye med for å ikkje misse den. Hald til venstre for elva opp til Klopstadstølen. Derfrå ser du rett på Skåfjellet, Espenipa ligg framleis meir gøymt. Stien vidare er ikkje så tydeleg, men retninga gjev seg mykje sjølv. Følg botnen vidare på same kurs som du hadde til stølen. Etter kvart ser du ein avrunda fjellrygg til venstre, med ein stor markeringsvarde. Denne ryggen kan du ta bort på frå dalbotnen, og runde vestover og opp på Skåfjellet. Derifrå er det ein kort tur bort til Espenipa.

Startpunkt: Velteplass på venstre side av vegen ved inngangen til den flate dalbotnen i Erdalsdalen
Lengd: ca. 7,5 km t/r
Tidsbruk: 2-3 timar

Fossastølen via Fossen gard

Stølsturar er ofte like fine som toppturar, men blir lett «gløymt» til fordel for dei store turane. Då går du glipp av fine naturopplevingar, vandringar i gamalt kulturlandskap og glimt av svunnen tid og historie! Mange stølar ligg der som bortgøymde, ukjente perler. Fossastølen i Erdalen er ein av dei. Undervegs passerer du Fossen gard, ein svært velhalden fjellgard som er verdt turen i seg sjølv. Den er eit mykje brukt turmål for Barnas turlag. Til venstre, om lag halvvegs inn den flate dalbotnen, startar turen opp til Fossen gard på ein gamal kjerreveg. Det er ikkje skilta, men det er god og tydeleg sti opp til garden. Frå garden går du vidare opp langs bøen. Sjå etter ei einsleg eine, og gå inn i skogen bak den. Her finn du ein tydeleg sti som er lett å følgje. Tyngste stigninga går opp til garden, vidare er terrenget lett. Stort sett tørt og fint, men nokre myrer siste stykket. Følg same vegen til Fossen gard på returen, men ta gjerne ta turen over elva og ned stien forbi Kleiva gard. Du kjem då ned på bilvegen ved det inste huset i Erdalsdalen.

Startpunkt/parkering: Ved velteplassen ved inngangen til dalbotnen
Tidsbruk: 45 min – 1 time opp til stølen (ca. 30 minutt opp til Fossen gard)

Fossastølen

Erdalsstølen

Inst i Erdalsdalen, går det skogsveg opp til Erdalsstølane. Dette er ein fin kveldstur. Det er skogsveg heile vegen, og lett å finne fram. Det er god parkering om du køyrer forbi siste huset i Erdalsdalen og parkerer på velteplass ved starten av skogsvegen. Turen er om lag 5 km t/r. Frå Erdalsstølen er det også fint å gå vidare opp til Vasslivatnet. Ein fin plass å liggje i telt og fiske!

Liv Janne Bell Jonstad

Liv Janne Bell Jonstad driv bloggen Liv Janne sin tur- og fjellblogg. Her gir ho sine tips til fine turar.

Om du vil lese meir om flotte turar, finn du mange gode turtips til små og store turar i Sunnfjord på fjell-luft.blogspot.no

Bloggen har også si eiga Facebook-side: facebook.com/livjannesinturogfjellblogg