Barneverkstad med Dizu Plaatjies

Laster kart ....

Dato / tid
lørdag 06.07.2019
10:00-11:00

Stad
Eventyrrommet, Førdehuset

Kategori


Laurdag 6. juli kl. 10:00-11:00   

Barneverkstad med Dizu Plaatjies  

Instruktør: Dizu Plaatjies  

Stad: Eventyrrommet, 2. etg., Førdehuset.           

Hei alle barn! Bli med til Afrika! På denne verkstaden kan du få lære spennande songar og rytmar frå Sør-Afrika, og du får lære av ein av dei mest vidgjetne folkemusikarane derfrå, Dizu Plaatjies. Og han tar med seg nokre av musikarane i bandet sitt òg til verkstaden. 

Typisk for songtradisjonen i Sør-Afrika er «call and response»-songar, og på verkstaden får du lære kva det betyr! Du må gjerne ta med mamma eller pappa eller ein annan vaksenperson dersom du ikkje vil gå åleine.  Verkstaden passar for barn i alle aldrar!

Dizu Plaatjies er ein vidgjeten musikar, musikk- og instrumentsamlar og utrøytteleg ambassadør for den Sør-Afrikanske musikk- og dansearven. Han er son til ein tradisjonell healer og vaks opp i Cape Town. Han grunnla den legendariske gruppa Amampondo som i 15 år turnerte på festivalar og store scener på alle kontinent, og mellom anna spelte på bursdagsfest for Nelson Mandela på Wembley stadion i London.

Her kan du lese meir om Dizu Plaatjies og sjå filmklipp:

https://www.fordefestival.no/artistar-2019/2019dizu-plaatjies-amp-ibuyambo