Intensiv dansehelg i Førde

Laster kart ....

Dato / tid
lørdag 23.06.2018-søndag 24.06.2018
10:00-18:00

Stad
Sunnfjord Folkehøgskule

Kategori


Denne sommaren startar vi opp ei intensiv dansehelg i Førde med heile 12 klassar i ulike dansestilar spreidd over to dagar, 23. og 24.juni. Dansarane bak prosjektet er Ingvild Maria Thingnes, Mathias Engelstad og Andrine Faleide. Vi er tre dansarar med veldig ulike personlege stilar, så det vil bli undervist i eit breitt spekter av teknikkar, bl.a. ballett, moderne, fusion, jazz og hiphop. Alle danseinteresserte er velkomne – ein treng ikkje å ha danseerfaring for å delta. Målet med prosjektet er å inspirere dansarar og danseinteresserte i lokalområdet ved å tilby noko nytt og undervise i andre stilartar enn det som er tilgjengeleg ved dei lokale danseskulane. Detaljert timeplan og betalingsinformasjon vil bli publisert seinare.

Anbefalt aldersgrense: 13 år og eldre.
Pris: 150kr for 1 klasse, 350kr for 3 klassar, 100kr pr klasse deretter.