Jonsok på Sunnfjord Museum

Laster kart ....

Dato / tid
lørdag 23.06.2018
16:00-19:00

Stad
Sunnfjord Museum, Movika

Kategori


Jonsok for alle er blitt ein tradisjon i Movika: Folket i Sunde krins og museet inviterer til feiring i historiske rammer, det vakre tunet som viser vår felles kulturarv. Utstillinga «Roser og snirkler av gult og blått» om Viksdalsmålinga er verd eit besøk! I år er det tende grillar frå kl. 14 for dei som vil lage sitt måltid i lag med små og store vener, kjende og ukjende, og ønskje brurefølgjet på Movatnet velkomne til tuns kl. 16. Bål på vatnet og musikk i tunet skal det bli om veret tillet det. Kaker, is og drikke er å få kjøpt. Og så: «Ta sjansen!» – den årlege kappestriden mellom raskaste, raraste, tøffaste farkost med mannskap som fryktlaust kastar seg ut i Movatnet til jubelrop frå sine tilhengarar. Museet er ope frå klokka 12. Kom gjerne tidleg, få med deg utstillinga, ta ein dukkert i Movatnet, kappgå på stylter og nyt livet før programmet startar. Billett: Vaksne kr. 60,- / Born gratis

Fjellklang 4H, Farsund Vel, Sunde Krins Grendalag og Movika Not- og Samkomelag inviterer til ei stemningsfull stund på Sunnfjord Museum. Go’kajakk stiller med færing til brureferd på Movatnet. Velkommen til alle!

Kl. 21:30 Påmeldingsfest i Sersjantløa med musikk og dans.
Arr. Sunde Krins Grendalag