Kva ser vi – kva gjer vi?

Laster kart ....

Dato / tid
torsdag 28.02.2019
19:00-23:59

Stad
Førde bibliotek, Førdehuset

Kategori


Mange barn er utsett for omsorgssvikt, vold og seksuelle overgrep, og dei blir ikkje bli sett av menneska dei møter utanfor heimen. Dei fleste som arbeider med barn i skule, barnehage, organisasjonar eller institusjonar har opplevd å undre seg over noko barn har sagt eller gjort, men har ikkje kompetanse eller mot til å gjere det som skal til for å hjelpe barnet.

Inge Nordhaug har gjeve ut boka «Kva ser vi – kva gjer vi». Boka handlar om skulen og barnehagen sine oppgåver i å avdekke og varsle om omsorgssvikt, vold og seksuelle overgrep. Inge Nordhaug er klinisk sosionom i barne- og ungdomspsykiatri og ansatt ved RVTS Vest, Ressurssenter for vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging. Foto: Jostein Vedvik

Dag Øystein Nordanger er Dr. psychol. og Spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi. Han har kompetanse innan traumepsykologi, herunder Internasjonalt arbeid i forhold til offer for krig og politisk vold.

Torsdag 28. februar kl. 19.00.
Arrangementet er gratis.
Kjem ei stor gruppe frå til ein barnehage/skule eller annan arbeidplass er det fint med ei tilbakemelding til biblioteket!

Notabene Førde stiller med bøkene til begge foredragshaldarane med «Kva ser vi-kva gjer vi?» Inge Nordhaug og «Utviklingstraumer», Dag Øystein Nordanger denne dagen. NB! Kun betaling med kort.