Sunnfjord Vinterfest

Laster kart ....

Dato / tid
lørdag 16.02.2019-søndag 17.02.2019
21:00-2:00

Stad
Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Kategori


LANDSKAMP – Kokken Tor & Jävlar på Kärlek! til Sunnfjord Vinterfest
Norske rockeslagar møter svenske megahits!

I ein gigasmell av verdas kulaste låtar, over ausande energi og aggressive gitarriff møtas coverbanda Kokken Tor og Jävlar på Kärlek til Landskamp! Her er målet å være tøffast, råast og ha dei aller kulaste låtane for å få publikum på si side! Det handlar om å spele høgare og hardare, være tøffare og knuse fleire gitarar enn det andre bandet. Bortsett frå alt som handlar om rivalisering mellom banda stemmer dette.

Ja visst handla det om å vinne Landskampen, men den skal vinnes saman! Kokken Tor og Jävlar på Kjärlek er dei to fremste banda i Norge til å presentere coverlåtane i sin sjanger! Der Kokken Tor spelar hardtslåande norske rockelåtar frå mellom andre DumDum Boys, CC Cowboys, Oslo Ess, deLillos og Jokke, gjer Jävlar på Kärlek det same med svenske megahits! Her blir det på løpande band smelt i veg hitlåtar frå mellom andre Roxette, Gyllene Tider, ABBA, Kent og Håkan Hellström.

Korleis vinner vi denne Landskampen, saman?
Jo, vi går rett i angrep! Vi går i 0 – 0 – 3 formasjon!
Publikum – Kokken Tor – Jävlar på Kjärlek.
Med to av verdas beste landslag på scena og det publikum skal sørge for å bli verdens beste landslag føre scena, er målet å få jentene på fremste rad til å hoppe høgast og få gutane til å overdøyve høgtalarane på refrenga ! Det handlar om å få det til å koke, det handlar om ekstase og totalt ukontrollerte bevegelsar i samhandling med verdens kulaste låtar å få servert på fest!

Laurdag 16.februar 2019 kl.22.00 spelar LANDSKAMP opp til fest og dans på Larris scene i Førde.

-Fjordane Musikkforum