iFørde – eit nytt nettmagasin

Velkommen til nye iFørde - eit lokalt nettmagasin, med fokus på dei gode historiene, folka og opplevingane som vi saman deler. Magasinet består av ei blanding av redaksjonelle saker om personar og tema som engasjerer i Førde, og betalt innhald i form av gode innhaldssaker frå kundar. iFørde er eit samarbeid mellom foreininga Førde Industri- og Næringssamskipnad og kommunikasjonsbyrået Rein Design.

 

10 år med gode historier!

iFørde er eit magasin med lange røter. Rein Design gav ut magasinet for første gong i 2010. Seinare tok Førde Industri- og Næringssamskipnad over namnet og merkevara, og utvikla ein digital arrangement-kalender. Frå 2017 gav dei også ut magasinet årleg, i samarbeid med Rein Design, med fokus på handel, opplevingar og arrangement i vårt område. No er tida inne for å tenke nytt. Velkommen til nye iFørde i digital drakt!

IMG_web.jpg
 

iFørde er produsert av kommunikasjonsbyrået Rein Design

 

REDAKSJON

Roy Sunde - redaktør og tekstforfattar
Tone Løtuft - marknadsførar og tekstforfattar
Henriette Berntsen - marknadsførar og tekstforfattar

DESIGN

Kristin Gjelsvik - grafisk design
Elin Sørbø - webdesign