Fann drøymejobben i Førde

Mange jobbar med noko dei trivast med, og brukar fritida på det dei elskar. Emil Fagerli er så heldig å kunne leve av det han likar best å drive med: Nemleg å vere aktiv i naturen, som lærar på linja Fjellsport Freeride på Sunnfjord Folkehøgskule.