Proresult er ein viktig del av mangfaldet på Peak Sunnfjord. I første etasje i det livlege fellesskapet har dei laga kontorlandskapet til sitt eige. Dei er den største leigetakaren på Peak, har den største plantesamlinga på huset og arrangerer legendariske bollefredagar. Men dei er også ein godt bevart hemmelegheit.
Midt i Sentrum Sør finn du JKE Design. Å tre inn i butikken er litt som å komme heim. Stemninga er lun og varm, og du blir alltid møtt av ein smilande og imøtekommande Mindor Sellevold. JKE er kjent for sitt stilreine, nordiske design og sin høge snikkarkvalitet, og butikken i Førde sentrum er ikkje noko unntak.
1. november tok Susanne Nyttingnes Kragseth over stafettpinnen på mat- og vinhuset Pikant. Sjølv om ho er relativt ny som dagleg leiar, er ho ikkje eit ukjent fjes i den populære restauranten. Ho begynte tilbake i 2020, og skulle eigentleg berre vere i tre månadar. Men så skjer livet, slik det ofte gjer, og no leiar ho restauranten som år etter år tronar på førsteplass over spisestadar i Førde på Trip Advisor.
I store lokale midt i sentrum sør held Spenst Førde til. Med sine 3 500 kvadratmeter er dei ein av Norges største Spenst-treningssenter, og det største senteret i vår region. Dei er ein del av Helsehuset Førde, og i tillegg til Spenst finn du også fysioterapeut, psykolog, lege, urolog og manuellterapeutar under same tak.
Midt i smørauget til Sentrum Sør ligg storstova til Sunnfjord kommune, nemleg rådhuset. I bygget som vart nominert til arkitekturprisen i 2015, jobbar 200 tilsette. To av desse er Julie Daling og Vigdis Lobenz. Julie er by- og arealplanleggar, medan Vigdis jobbar spesifikt med tiltaka i Førdepakken. Saman er eit av måla deira å utvikle Førdepakken.
Er du på jakt etter eit moderne, fleksibelt og prisgunstig kontorlokale? Leit ikkje lenger; Firdavegen 12, det gamle Firda-bygget er ledig for utleige. Bygget var i mange år heimen til lokalavisa, og på det meste husa bygget over 50 menneske i arbeid.
Ein del av suksessoppskrifta til Peak Sunnfjord er det unike miljøet som kjem av at folk frå mange bransjar og bedrifter jobbar under same tak. Det gir inspirasjon og utveksling av kompetanse. På Peak kan du vere med i Remote-ordninga, og sitte her kostnadsfritt. I artikkelen får du fem gode grunnar til kvifor det kan vere lurt!
Når vi seier at variasjonen på Peak Sunnfjord er stor, meiner vi det. Det er godt utval bedrifter innom dørene i Hafstadvegen. Ei av dei driv ein av Sunnfjord sine største YouTube kanalar, og er heilt i verdstoppen innan sitt område.
Det er ikkje vanskeleg å skjønne forretningsidéen til Pål Anders Kårstad og Peak Sunnfjord. Saman med nokre ivrige gründerar starta han opp kontorfellesskapet med eit einaste mål.
Det ligg meir bak Førde Flis enn namnet tilseier. Med dagleg leiar Marek Czarny i spissen har dei utvida tenestespekteret sitt dei siste åra. – Mange kjenner oss for flislegginga vår, og det er ein viktig del av bedrifta. Men vi gjer mykje meir, og det er få som veit
Vi kjenner alle til det. Systemet låser seg, alt er svart og lyden fungerer halvvegs akkurat når vi startar eit viktig Teamsmøte. Noko så typisk tenkjer du kanskje, men det slepp gjengen på Vest Rekneskap. Dei får alle sine IT-tenester levert frå Total Data.
Då Lone Dvergsdal Engevik og Leif Joar Ellingsund Apalseth vart foreldre, vakna behovet for ein skikkeleg familiebil. Og då var vegen kort til ein Toyota RAV4 Plug-in Hybrid.
Innhaldsartikkel Toyota Nordfjord og Førde