Kategorier


Arkiv

Sikkerheit og service

Sikkerheit og service

Innhaldsartikkel Total Data

Vi kjenner alle til det. Systemet låser seg, alt er svart og lyden fungerer halvvegs akkurat når vi startar eit viktig Teamsmøte. Noko så typisk tenkjer du kanskje, men det slepp gjengen på Vest Rekneskap. Dei får alle sine IT-tenester levert frå Total Data. Ei løysing som har fungert utmerka, heilt sidan Thomas Haug starta bedrifta tilbake i 2010. – Vi er kjempenøgde med Total Data, fortel den daglege leiaren hos rekneskapsselskapet Vest Rekneskap. Som rekneskapskontor er vi heilt avhengige av at dei digitale systema våre fungerer. Det blir ikkje ein arbeidsdag utan operative datasystem, fortel Thomas. Difor har han sett si lit til dagleg leiar Rune Ness, og resten av hans kompetente team i Total Data.

Stemninga er god mellom Rune i Total Data og dei ansatte i Vest Rekneskap. Foto: Emil Rasmussen

Frå scanning og ringpermar, til saumlaust og digitalt

Som namnet tilseier leverer Total Data komplette IT-tenester, i tillegg til å levere alt av utstyr. Både til bedrifter og privatmarknad. Til Vest Rekneskap har dei levert alt av data- og serverløysingar. I tillegg følger dei opp bedrifta kontinuerleg og syter for at systemet fungerer til ei kvar tid. – Vi køyrer oppdateringar så saumlaust at dei ikkje merkar det, sjølv om dei sit på PC’en akkurat når det skjer, fortel Rune. I tillegg til å vere leverandør, fungerer også Total Data som ein rådgjevar og sparringspartnar. – No har vi jo hatt same system sidan 2010, og det begynner å bli nokre år sidan. Total Data har sørga for at vi ikkje står igjen i fortida. Arbeidskvardagen har endra seg. Før var det scanning og ringpermar som gjaldt, slik er det ikkje no lenger. Men takka vere Total Data er vi alltid oppdaterte og funksjonelle til ei kvar tid. Det er ein god tryggheit, forklarar Thomas.

Tryggheit i samarbeidet mellom dei to Førdebedriftene. Foto: Emil Rasmussen

18 000 falske nettstadar – kvar dag

I dag er datavirus ein stor trussel. Digitale innbrot skjer utan at ein merkar det, og svindlarane er lurare enn nokon gong. Tal frå helpnetsecurity(2020) [1] viser at det blir oppretta kring 18 000 falske nettsider kvar einaste dag! Sjølv om tala er frå 2020 er det ingen grunn til å tru at det opprettast færre sider i dag, heller tvert imot. I dag er svindlarane profesjonelle, og det er mykje vanskelegare å luke dei ut. - Dagens krav til IT-sikkerheit er høge, og for ei rekneskapsbedrift er dette ekstremt viktig. Får ein virus, vil eg sei det er fullstendig krise. Difor køyrer vi dobbel backup til fleire lokasjonar, og har både online og offline backupsystem. Bandittane prøvar å ligge eit skritt framfor oss, og det jobbar vi for å unngå, fortel Rune.

Berre ein e-post unna

Førdebedriftene held til ikkje langt frå kvarandre. – Å ha Total Data i same by set vi pris på. Det er kort veg til hjelp dersom det skulle vere noko, og dei stiller alltid opp på kort varsel. Dei har det ein kallar god kundeservice, smilar Thomas, og skyt inn at dei også har gode prisar. – Vi får mykje for pengane. Han har aldri tenkt tanken på å bytte leverandør på desse 12 åra, og det må vere ein god referanse. «- Rune? Kan du komme inn hit før du drar? – Sjølvsagt Signe, kjem straks!» høyrer vi frå eit av kontora når intervjuet er over. At Total Data leverer personleg og god kundeservice kan vi gå god for.

 

[1] https://www.helpnetsecurity.com/2020/11/25/fraudulent-sites/

Førde Flis - meir enn berre flis

Førde Flis - meir enn berre flis

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken