Kategorier


Arkiv

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken

Valde moderne kjøkken frå JKE Førde – etter 28 år med eikekjøkken

Eit godt kjøkken varer lenge. Kanskje for lenge? For Astrid Juklestad kjentes det slik, så etter 28 år med same kjøkken var det nok. Då var vegen kort til JKE Førde, og Mindor Sellevold. 

Astrid er glad i å lage mat og ho er oppteken av kvalitet når ho vel kjøkken. Det resulterte i at ho var lei av sitt gamle kjøkken, lenge før det var utslite. 

– Eg flytta inn i nytt hus i 1994. Eg kjøpte eit fransk kvalitetskjøkken: Mobalpa i eik, med profilerte dører, slik det skulle vere den gongen, fortel Astrid, og viser fram det kjøkkenet. 

– I utgangspunktet er eit slikt kjøkken «usliteleg». Det er like fint, så eg la det ut gratis mot demontering og henting på Facebook. Det får no nytt liv, og det er kjekt å vite, smiler Astrid. 

Over snittet glad i å lage mat

– Kvifor bytte kjøkken, når det framleis er like fint?

– Eg var lei av det gamle og tida var rett. Eg er i den alderen at eg anten måtte gjere dette no, medan eg har glede av det sjølv, elles hadde det blitt når eg ein gong sel huset. Det blir lenge til, eg skal bu her så lenge eg kan, slår ho fast og deler årsaka til fornyinga av kjøkkenet. 

– Eg brukar mykje tid på kjøkkenet, meir enn «normalt». Heile familien min er glade i å lage mat, så det ligg nok i genene våre, seier ho og ler.

Provet på det er at ho er tvillingsøster til Kari Støfringsdal, som driv Fjordamattunet og har skrive ei rekke matbøker. 

Eit moderne kjøkken som toler det meste 

Når Astrid skulle ha nytt kjøkken, var ho oppteken av å finne eit som passa hennar behov. 
– Eit moderne kjøkken med lyse flater, glatte dører og store skuffer, som du ser kva som er i, framfor uoversiktlege skap. Og større benkeplass! Kjøkkenet Nordic One Trend passa behova mine særs godt. Eg valde fargen lys sand, sidan eg ikkje ville ha kvitt, seier ho.
– Nordic Trend One er eit kjøkken som tåler det meste du vel å bruke det til, seier Mindor.
– Frontane er formpressa og malt med ein lakk/maling, med omlag same styrke som billakk. Astrid har benkeplater i kompositt-stein, stålvask som er underlimt i benkeplata, koketopp med integrert ventilator og integrerte kvitevarer. Smarte løysingar som sjalusiskap i hjørnet, der du kan ha ting du normalt har på benkeplata, og gode, breie skuffer under arbeidsområdet frigjer arbeidsplass. Det gjer dette til eit veldig funksjonelt og haldbart «arbeidskjøkken». Skuffene tåler 50 kg kvar, så du kan fylle dei med tunge varer og stablar med tallerkar om du vil. Det er eit tøft kjøkken, slår han fast, samtidig som det er eit flott kjøkken. 

Ein kombinasjon av Halvor Bakke og Mindor 

– Kvifor handla du med JKE Førde?

– Eg ser mykje på «Eventyrlig Oppussing». Halvor Bakke er flink og han reklamerer for det kjøkkenet eg valde. Mindor er hovudårsaka til valet: Eg har kjent han sidan han flytta hit på 70-talet. Han er kjekk å ha med å gjere, og han samarbeider med flinke handverkarar. Eg er oppteken av å handle lokalt. Det er tryggande å ha lokale folk i prosessen, seier ho og skryt. 

– Mindor føl deg godt opp og han er flink til å forklare. Han er lett å få tak i og er til stades i prosessen, og ordnar det du vil endre på. Han har lang erfaring som kjøkkenleverandør og finn gode løysingar. Og så er han så «vaksen» at han skjønar kva eg er på jakt etter, og kva som er viktig for meg i denne fasen av livet. Han ordnar alt, smiler ho og fortel at prosessen frå lei av det gamle til nytt kjøkken montert gjekk særs raskt. 

– 11. april var eg innom Mindor første gong. I veke 28 var kjøkkenet montert. Det gikk mykje raskare enn eg hadde trudd i desse tider med lang leveringstid på det meste, seier ho.

– Vi har våre leveringstider frå leverandør å halde oss til. Når dei held fristane, har vi sjølv eit godt system med gode samarbeidspartar lokalt. Dei er samkøyrte, slik at monteringa går slag i slag. Då blir det ein rask, god prosess, seier Mindor. 

Klart til nye kjøkkeneventyr 

Etter nokre veker med nytt kjøkken, er det ein nøgd kunde vi treff.  

– Kva er det beste med å ha fått nytt kjøkken?

– Å få meir benkeplass og meir plass å jobbe på. Kjøkkenet er meir oversiktleg, med eit ryddigare skuffesystem. Og det er kjekt med eit lysare kjøkken. Jo eldre ein blir, jo meir lys treng ein, smiler ho. Det tar jo litt tid å venje seg til eit nytt kjøkken, med organisering i skuffer, men det går seg til. 

– Eg er veldig nøgd med den nye og moderne koketoppen min, men integrert ventilator. Her blir det ingen sprut, og det fangar opp alt. Eg har jo valt å gå for berr vegg bak, med våtromsmaling, og det er eg særs nøgd med. No har eg god plass til å lage saft, syltetøy og lefser. 

Astrid skryt gjerne av JKE Førde 

– Eg er overraska over kor enkelt og smertefritt dette gjekk. JKE Førde ordna alt. Røyrleggar og tømrar kom då dei skulle. Det einaste eg har gjort sjølv er å ordne malar. Dette har vore ei veldig positiv oppleving. 

– Ville du anbefalt JKE Førde og Mindor til andre?

– Heilt klart, seier ho. 

Har du lyst på nytt kjøkken? Kontakt Mindor, og finn ut korleis han kan hjelpe deg på vegen til din kjøkkendraum. 

https://jke-design.com/no/butikker/jke-design-i-foerde

Sikkerheit og service

Sikkerheit og service

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet