Kategorier


Arkiv

Førde har fått lesekiosk

Førde har fått lesekiosk

Den raude telefonkiosken ved Naustøyna i Sentrum Sør i Førde har fått nytt liv, som lesekiosk. No er den full av bøker, som ventar på lesarar. Laurdag er det offisiell opning.


Den første raude telefonkiosken dukka opp i 1933. Oslo Telefonanlegg lyste ut konkurranse, som arkitekt Georg Fredrik Fasting vant med sitt forslag «Riks». Sidan breia dei seg ut over landet. Rundt 6000 vart produsert i løpet av 60 år, den siste i 1995.

Telefonkioskane var livslinjer, som sette deg i kontakt med kven det måtte vere i verda, så lenge dei hadde fasttelefon. Og så endra mobilen gradvis verda. Telefonkiosken var død – men sto opp til nytt liv. I dag er 100 eksemplar av «Riks» freda, og blir nytta som lesekioskar rundt om i landet, i regi av regi av Foreningen !les, Telenor ogSparebankstiftelsen DNB.

Bøker ut til folket
Jorun Systad er einingsleiar for biblioteka i Sunnfjord kommune, og var ikkje i tvil når Foreningen !les tok kontakt og spurte om dei ville vere med på å opne lesekiosk i Førde.

– Det har vore snakka om å gjere dette i mange år her i Førde. Telefonkioskane er ein del av kulturhistoria vår. Dei fleste av oss har brukt dei, og det er kjekt at dei får nytt liv og ein ny funksjon. Kiosken i Førde sto til nedfall, no er den pussa opp og fylt med kvalitetsbøker., seier Jorun, og fortel kvifor det er viktig.

– Staten driv ikkje bibliotek berre for moro skuld, men fordi tilgang til litteratur er viktig, seier ho og smiler.
– Vi veit at lesande menneske er aktive og engasjerte menneske. Bibliotek skal drive folkeopplysning og sikre folk tilgang til litteratur og kunnskap, så det er viktig å nå ut til folk. Lesekioskar er i så måte eit flott låg-terskeltilbod, der folk kan plukke med seg ei bok.

I tillegg til kiosken i Førde har Lærdal, Sandane og Måløy fått, og det kjem ein i Høyanger.

– Det er kjekt at telefonkioskane får nytt liv og ny funksjon.

Jorunn Systad i lesekiosken i Førde. Foto.

Foto: Innhaldet i lesekiosken er per no levert av biblioteka i Sunnfjord.

Ta ei bok og gi ei bok (om du vil)
– Korleis fungerer eigentlig ein lesekiosk?

– Det er eit låg-terskeltilbod. Det er så enkelt som at folk kan komme, finne ei bok og ta den med seg. Og så kan dei sette igjen ei bok om ein ønskjer det, men det er ikkje eit krav. Tanken er at folk skal ta med seg bøker og sette igjen bøker, slik at utvalet fornyar seg jamt og trutt. Det er viktig for bøkene også at det blir sirkulasjon, dei tåler nok ikkje å stå for lenge her. Til opninga har vi fylt opp med eit godt utval av kvalitetsbøker, seier Jorun og viser fram eit par bøker.

– Biblioteket har også eit lager å fylle på med, når det trengs, seier ho og fortel at lesekioskane oppfyller mange gode ting.
– Her kan folk få gratis lesestoff, i eit miljøvennleg tiltak, med fokus på bærekraft. Gjenbruk er bra, det er slike ting vi er glad i og oppteken av, seier ho.



– Til opninga har vi fylt opp med eit godt utval av kvalitetsbøker


Terje Lyngstad og Jorunn Systad framfor lesekiosken i Førde. Foto.

Foto: Terje Lyngstad er fadder for lesekiosken, medan Jorun Systad og biblioteka i Sunnfjord har det overordna ansvaret.

Fadder Terje
Biblioteket har ansvar for lesekioskane, men i tillegg blir det også ein fadder som skal sjå til den. I Førde er det Terje Lyngstad, og som tidligare teatersjef for Sogn og Fjordane Teater, indie-forfattar og lærar skulle han ha god ballast til det.

– Eg bur så nær at eg har utsikt til kiosken, og går forbi den dagleg. Eg har lenge tenkt at den såg stusselig ut. Når eg såg at Jorun søkte etter fadder til lesekiosken i Førde, tente eg på det og melde meg. Eg er glad for alt positivt som skjer i Sentrum Sør. I tillegg til å bu nær, er eg også veldig glad i bøker. Så det er ikkje noko lenger historie enn det. No får eg eige nær-bibliotek, med skikkelig «kiosk-litteratur».
–Eg huskar sjølv når vi kom inn til Førde på 70-talet, for å handle på Klakegg-bygget. Det var eit tidlig «kjøpesenter», med flotte rammer rundt med elva og den vesle parken. Det er eit fint område for ein lesekiosk, seier Jorun.
– Som blir enno meir sentral når brua kjem over til nordsida her, skyt Terje inn.
– Resten av kioskane rundt om i landet har fått stått i fred, og er ikkje plaga av hærverk. Så no håper vi den får eit langt og godt liv, seier ho.

Lesekiosken er utsmykka med eit sitat frå Olaug Nilssen si bok "Tung Tids Tale". Foto.

Foto: Lesekiosken er utsmykka med eit sitat frå Olaug Nilssen si bok “Tung Tids Tale”.

Offisiell opning på frigjeringsdagen
Den offisielle opninga skjer 8.mai, klokka 13.00, og dit kjem både Jorun og Terje, saman med blant anna forfattar Olaug Nilssen, som også prydar kiosken med eit sitat frå boka «Tung Tids Tale»: «Den gongen visste eg ikkje at det var dette som var viktig, men det veit eg i dag. Vi snakka saman.»
– Sitatet er valt fordi det både seier noko om tida vår, og forfattarskapen hennar. Om du les bøker blir du flinkare til å forstå andre. Bøker gjer oss i stand til å kommuniserer betre, og forstå andre sine tankar betre. Det er utruleg viktige eigenskapar, seier Jorun.

Men sjølve opninga med klipping av snor, er det ein ung lesar som skal stå for.

– Vi kunne spurt både ordførar og andre, men vi syns det var viktig at sidan dette er for folk, så skulle ein av lesarane våre få æra av å opne den. Og då er det ekstra kjekt at det er ein ung gut som skal stå for det.
Og så er det ein litt eldre gut som også har planar.
– Eg har tenkt å døype kiosken, og seie nokre ord. Men berre nokre få, lovar fadder Terje.
At det berre blir nokre få, har truleg ingen samanheng med at Terje er ihuga Leeds-supporter, og at dei speler kamp klokka 13.30 på laurdag.

 
Advokatfirmaet Tollefsen - ditt lokale alternativ

Advokatfirmaet Tollefsen - ditt lokale alternativ

Stine fann drøymejobben i Førde

Stine fann drøymejobben i Førde