Kategorier


Arkiv

Stine fann drøymejobben i Førde

Stine fann drøymejobben i Førde

Kvart år reiser ungdom frå Sunnfjord, på jakt etter utdanning, jobb og byliv. Det gjorde også Stine Bortheim, men ho var aldri i tvil om at ho skulle heim.


I dag jobbar ho som marknadsførar, i Intin i Førde, men det var ikkje det ho eigentlig skulle bli.

– Av yrke er eg utdanna mediegrafikar, og i tillegg har eg teke bachelor i marknadsføring og merkevaredesign. Den eigentlige planen min var å bli fotograf. Eg brukte konfirmasjonspengane mine på kamera, og syns det var utruleg kjekt å gå rundt og finne motiv og ta bilete, seier ho. 

Interessa for grafisk design starta når Stine byrja på Mo og Jølster Vidaregåande skule.

– På skulen oppdaga eg yrket grafisk design, som eg fatta interesse for. Eg fikk ei brennande interesse for design, eg likar å skape fine ting. Så når eg var ferdig på skulen kontakta eg bedrifta Rein Design, og spurte etter lærlingplass. Det hadde dei i utgangspunkt ikkje, men dei valte å bli lærebedrift, slik at eg kunne ta læretida der. Så der var eg i to år, og tok fagbrev, seier ho.

– Den eigentlige planen min var å bli fotograf

Heimlengt 1
Med fagbrev i lomma, fann Stine ut av ho ville ha meir kunnskap.
–  Eg ønska meir «kjøt på beina», spesielt innan marknadsføring, så eg reiste til Australia for å studerer, i god tru på at eg skulle vere der tre år. Det vart med eitt, seier ho og ler.
– Det var for langt heimafrå. Eg er himla familiekjær, og alt for glad i Vestlandet! Eg reiste tilbake til Norge for å ta utdanninga i Bergen. Dermed byrja eg litt på nytt, men det var like vel meir nyttig. I Bergen fikk eg både relevante erfaringar og kontaktar, seier ho.
– I tillegg byrja eg å jobbe for «Studentbyrået», beståande av studentar som ønska å jobbe med grafisk design. Vi skapte magasinet «Egenart», som vart nominert til prisen SRF Kuben, som blir delt ut av «Salg og Reklameforeningen» (SRF), seier ho og held fram.
– Slik vart eg kjent SFR, der eg også byrja å jobbe. Det er det beste som har skjedd meg. Det er ein veldig kul organisasjon, som har ført til at eg har blitt kjent med mykje folk i Bergen. Og Mariell Sæternes og Hans Martin Opsal er supre folk å jobbe med, seier ho.

– Eg er himla familiekjær og alt for glad i Vestlandet

Stine trivast godt heime i Førde, både med å jobbe i Intin og med å fellesskapet på Peak Sunnfjord

Stine trivast godt heime i Førde, både med å jobbe i Intin og med å fellesskapet på Peak Sunnfjord

Heimlengt 2
Men sjølv Bergen var litt langt unna, og heimlengten vaks.
– Eg var aldri i tvil om at eg skulle flytte nærmare familien og kjærasten igjen. I Førde dukka  moglegheita til å bli trainee i Intin opp, med akkurat dei arbeidsoppgåvene eg ønska å jobbe med: Marknadsføring og grafisk design i kombinasjon. Eg er særs takksam for det, seier ho og held fram.
– Frå første dag fikk eg ansvar, og spennande arbeidsoppgåver av dagleg leiar Hugo Mølmesdal. Intin var i gang med å utvikle Invite, ei programvare som skal gjere kvardagen lettare for utleigebransjen. Selskapet Netlife hadde laga grunndesign for programvara, men mykje var ikkje klart. Tidlig i karrieren gav dagleg leiar meg beskjed: «Du tar deg av resten av utforminga av Invite». Eg fekk enorm tillit, så eg hoppa i det. Det første halvåret låg det meste av fokuset mitt der. Etter kvart som det nærma seg ferdig, gikk meir av fokuset over på nettsida vår, både i tekst og design, som snart er særs oppdatert. I tillegg til at eg jobbar med marknadsføringa av bedrifta, til ulike flater, seier ho.

I mars fikk ho tilbod om fast jobb som marknadsførar i Intin i mars, som ho takka ja til.

– Kva er ein marknadsførar?
– Ein person som skal sørge for at bedrifta blir kjent i marknaden. Marknadsførar styrer kommunikasjonen frå bedrifta og ut til kundane, og passer på at den fungerer. Det er utruleg viktig, og det inneber meir tekstarbeid enn ein kanskje tenker over. Ein må definerer kven ein snakkar til, og passe på at ein gjer det på rette måten.  At eg enda opp som marknadsførar er eit resultat av vegen eg har gått. Og eg er sjukt heldig som har funne eit yrke som kombinerer interessene mine.

 

Opptur x2 – men ho gler seg til normalisering av verda
Jobben i Intin beskriv ho som ein lang opptur til no.

– Det er gøy å komme inn i eit selskap, og få så mykje ansvar og tillit. Frå første dag fikk eg kjekke og utfordrande oppgåver. Og det er kjekt å vere del av eit selskap i vekst og utvikling. Intin driv med mykje spennande, og det kjem stadig nye kollegaer til. Vi tilsette nett ein ny person, og fleire er på veg inn. Det er ein spennande arbeidsplass, seier ho og skryt av miljøet på Peak Sunnfjord.

– Det er utruleg kjekt å komme inn i miljøet på Peak Sunnfjord. Den vesle nedturen er at eg byrja midt i pandemien. Eg har høyrt mykje om alt det sosiale og kjekke dei driv med til vanleg, som eg ikkje har fått sett så mykje av til no grunna koronaen. Men å vere her er som å ha ein «bonus-arbeidsplass». Du treff mykje folk, som du pratar med på tvers av fag og bedrifter. Det er verdifullt og kjekt, sjølv om eg ikkje har fått oppleve heile pakka enno, smiler ho.


– Frå første dag fikk eg kjekke og utfordrande oppgåver

 
Noverande lidenskap: Interiør og oppussing

Noverande lidenskap: Interiør og oppussing

Tidligare lidenskap: Bil og råning

Tidligare lidenskap: Bil og råning

 

Hus og heim
– Kva gjer du når du ikkje er på jobb?
– Eg og sambuaren min skal ta over eit gamalt hus på garden til foreldra hans, så det meste av tida går i planlegging og oppussing. Kombinasjonen gamalt hus og heimekontor har også ført til at vi har fått oss katt. Vi fann ut vi hadde mus på loftet, og det går ikkje. Huset har grei standard, men det er jo frå 60-talet, så det er litt trekk når det bles. Eller som vi kallar det: Naturlig ventilasjon, seier ho og fortel at det er ingen spøk når ein designar skal pusse opp. 

– Eg er veldig glad i design, fine ting, interiør og planlegging. Eg kan sitte 8 timar og fokuser på detaljar på alt frå vindauge, dører, kjøkken og alt mogleg sånn, slik at det skal bli slik eg vil. Så det er slike ting eg har å bidra med i small talk for tida, så eg er litt kjedeleg på den fronten for tida, seier ho og ler.
– Eg huskar at du var over snittet glad i bil for nokre år sidan, nærmare bestemt Audi?

– Eg var rånedame! No er eg tidligare rånedame. Då eg flytta til Australia fikk eg litt andre interesser, og så forsvann litt ut av rånemiljøet. Då dabba det litt av. Eg skammar meg nesten litt i blant, over kor sjeldan eg vaskar bilen min no, seier ho fortel at blant dei andre interessene finn ein hagestell!
– Og med sommaren på veg er jo den sterke hageinteressa i ferd med å toppe seg, ler ho.
– Uff, kor lite spennande eg høyrast ut. Det er hus og jobb for alle pengane. Eg syns det er dødsgøy, eg kan sitte i timesvis og leite etter inspirasjon. Men eg skjønner jo at andre sikkert syns det er dritkjedeleg å høyre om, seier ho med glimt i auget.

 

 
Førde har fått lesekiosk

Førde har fått lesekiosk

Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»

Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»