Kategorier


Arkiv

Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»

Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»

Etter eit år som statssekretær i Kulturdepartementet fikk Gunhild Berge Stang jobb som dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling, som ho byrjar i 1. oktober. Karantenetida mellom jobbane gir seg utslag i ein særs ryddig heim – og kanskje ein like organisert hage?


– Då eg fikk telefon om eg ville bli statsekretær, tok eg med realpolitisk erfaring frå tida som ordførar i Fjaler. Det er ikkje dum bagasje å ha med seg inn i departementet, men eg kom inn i ei spesiell tid. Normalt inneber jobben som statsekretær mykje reising, deltaking på konferansar og slike ting. I staden handla jobben om krisehandtering frå dag 1, fortel ho.

1. april takka ho av som statsekretær, etter eit særs hektisk år. No ventar seks månadar i karantene, før ho kan byrje i ny jobb.

– Det er ein stor overgang, frå å ha full oversikt til å ikkje vite noko: Eg sit og veit at no er det morgonmøte i departementet, eller snart pressekonferanse, og eg veit ikkje kva som skjer. Eg får nesten abstinens til tider, og må nesten avstå frå å høyre på nyheiter, seier ho og ler.
– Eg blir litt manisk av at eg ikkje veit kva som skjer. No er det nesten som å vere pensjonist. I påska gikk det greitt, men sidan har det blitt mykje rydding og stell heime. Du kjem aldri til å sjå ei «heime-hos-reportasje» med meg. Eg er ikkje av dei som har mest fokus på husstell, men det har blitt mykje husmoraktivitet i det siste. Det har sjeldan vore så reint og ryddig heime som no. Og no står utomhus for tur, men eg veit ikkje kor høge forventingar du skal skape i høve det, seier ho og ler.
Men å bli tvungen til å ta ein time out har nokre positive effektar.   

– Eg er glad i å lese, så det er kjekt å få tid til å lese anna enn nyhende. Og eg har tre born, som eg har fått litt for lite tid til siste året grunna pendling til Oslo. Så det prøver eg å ta igjen, og det er veldig kjekt.   


– Du kjem aldri til å sjå ei «heime-hos-reportasje» med meg

Frå krisehandtering til husarbeid
– Korleis blir overgangen frå å jobbe tett på makta til å skulle jobbe opp mot næringslivet?
– Det skal gå fint. Eg er god til å omstille, og eg likar å tre inn i nye rollar og prøve nye ting. Det blir kjekt. Eg er spent på å bli kjent med aktørane i næringslivet i Sunnfjord, og på å finne ut kva dei forventar meg. Det blir kjekt å kome i gang, og då reknar eg med at ballen byrjar å rulle, men det er lenge å vente. Eg byrja å gire meg opp i søkeprosessen, og så må eg vente i 6 månadar etter å ha fått jobben, seier ho og fortel kva ho tek med seg inn i jobben.
– Blant anna erfaringa frå eit år der alt har handla om korona, og krisehandtering. Det har gitt meg godt innsyn i korleis regjeringsapparatet fungerer, som blir nyttig i mi nye rolle. Det blir fint å skulle fokusere på næringsutvikling, samtidig som mykje av næringslivet i Sunnfjord også har blitt hardt råka av pandemien. Erfaringa eg har gjort har relevans og overlappande perspektiv. Når vi kjem ut i oktober, håpar eg vi skal snakke om andre ting enn koronaen, sjølv om langtidseffektane vil vere der. Eg trur eg hadde hatt meir nytte av å ha leiarerfaring i Sunnfjord Utvikling når eg vart statssekretær, enn omvendt. Du kjem tettare på konsekvensane for næringslivet i den jobben eg skal inn i. Sjølv om vi har fått masse innspel frå næringslivet.

 

Tidlig sikker på framtidig yrke
– For dei som ikkje kjenner deg, kven er Gunhild Berge Stang?

– Ei litt naiv sjel frå Stongfjorden, fødd i 1974, som vaks opp på slektsgarden. Forholda var små, alle kjente alle på 80-talet, og vi hadde store slekter. Det var ein trygg stad å vekse opp, med marka og fjøra som naturlige leikeplassar. Seinare i livet har eg jobba mykje med kultur, men det var jo ikkje så mange kulturtilbod i oppveksten. Vi hadde nok ein heilt anna eigenaktivering enn dagens unge, seier ho og smiler.

I 1990 flytta ho til Sandane.

– Etter kvart vaks trongen til utferd, slik sett er eg standard skrudd saman: Eg var klar for å komme meg ut i den større verda, i dette tilfellet Firda Gymnas, fortel ho.

Og med seg i bagasjen hadde ho ein bestemt plan om kva ho skulle bli:
– Yrkesvalet tok eg då eg 12 år: Arkeolog! Den planen haldt eg, sjølv om det har vore periodar der eg vurderte andre ting. Sjølvdisiplinen er god, og av natur er eg litt sånn at om eg tillèt meg å ombestemme meg, så er eg redd for at ting flyt ut. Så eg tok ansvar for valet, og gikk med liv og lyst inn for å bli arkeolog, seier ho med eit smil og fortel kvifor.

– Eg vaks opp i ein familie med sterk interesse for historie. Det fikk eg inn med morsmjølka, saman med politikken.

 

Kursskifte
Etter gymnaset gikk ferda vidare til Universitetet i Bergen.

– Der hadde eg ei kjekk og livat studietid. Eg var veldig i den bobla, slik ein skal vere i den alderen. Eg levde og anda for fag og studentmiljø, seier ho.

– Eg byrja å jobbe som arkeolog også. Det er eit fag der du blir gåande som «feltslusk»: Du jobbar i sommarhalvåret, og må sutte litt på labben om vinteren. Eg jobba frå Hammarfest til Østfold. Du blir reisande på prosjekt etter prosjekt, for museum og fylkeskommunar. Vi snakka om utferdstrong, i neste fasen av livet er det gjerne omvendt. Då vil ein heim. Eg byrja å tenke i den retning, og innsåg at eg aldri kom til å få jobb som arkeolog heime, seier ho.
– Så dukka det opp ein moglegheit for å bli kultursjef i Bremanger. Ikkje hadde eg relevant erfaring, og eg var ganske nyutdanna, men eg fikk jobben i 2004. Det var første steget på vegen heim, seier ho.

– Vi snakka om utferdstrong, i neste fasen av livet er det gjerne omvendt

Gunhild gler seg veldig til å komme i gang i sin nye jobb, som leiar av Sunnfjord Utvikling

Gunhild gler seg veldig til å komme i gang i sin nye jobb, som leiar av Sunnfjord Utvikling

Politikar på si
Ho vart også leiar av Noregs Ungdomslag, frå 2005 til 2009, og fikk seg ny jobb.  

– Som arkeolog for Fylkeskommunen i 2006, i Førde. Den jobben fikk eg permisjon frå når eg vart fulltidspolitikar, så den har eg nyleg sagt opp, seier ho med eit smil.

For parallelt med alt anna gikk ho også inn i politikken. Det førte til plass i kommunestyret i Askvoll, for partiet Venstre, i 2007.
– Eg hadde aldri ein slagplan om å bli politikar. Det var meir at eg fikk spørsmål om eg ville, og eg er slik av natur at eg gjerne seier ja. Eg er nysgjerrig på det eg ikkje kan, og så tok det eine det andre. Kombinert med at eg hadde flytta heim, vaks engasjement for næringslivet i regionen. Eg ønska å bidra til å skape arbeidsplassar. Dette heng saman. Når du flyttar heim, investerer du i å bu her. Då fell det naturlig å engasjerer seg og ta ansvar for omgivnadane, seier ho og fortel at det var ei hektisk tid. 
– Roy jobba i Oslo, så vi hadde delvis base der, og ei slags pendlartilvære mellom Stongfjorden og Oslo. Og ungane kom trillande. Eg fikk tre barn i løpet av dei fire åra i kommunestyret i Askvoll, seier ho og deler eit minneverdig augneblikk.
– Eg måtte i blant ha med barn i salen under kommunestyremøte. På eit av dei sat eg og amma i salen, så kom eit innlegg som provoserte meg veldig. Dermed måtte eg ta replikk, og ta ungen med på talarstolen, seier ho og ler.

Etterkvart engasjerte ho seg også i fylkespolitikken. Ho vart fylkesleiar for Venstre og frå 2013 til 2017 var ho vara for Sveinung Rotevatn på stortinget. I perioden 2015-2019 var ho ordførar i Fjaler.

– Eg er oppteken av små og mellomstore bedrifter, og av å skape arbeidsplassar. Det var litt av grunnen til at eg valte Venstre i mi tid. Som ordførar handlar mykje av jobben om næringsutvikling, i ei politisk rolle. Ein skal vere ein viktig tilretteleggar for næringslivet. Så det engasjementet låg i botnen.

– Eg er slik at natur at eg gjerne seier ja


Oppteken av å få ting til
– Kvifor ønska du å jobbe som «næringssjef» i nabokommunen?

– Eg har veldig tru på næringslivet i Sunnfjord. Det skjer mykje, og eg trivast best med action rundt meg. Det små skje ting, og jobben må vere spennande. Dagleg leiar i Sunnfjord Utvikling er ein slik jobb. Det er også utruleg viktig at det skjer mykje i næringslivet. Det å få bidra til at næringslivet fungerer er ei meiningsfylt oppgåve, som eg brenn for. Næringslivet er pålane samfunnet vårt står på. Eg har born, som eg ønskjer skal bli verande i vår region. Det krev eit heilskapleg samfunn, med eit mangfaldig næringsliv, statlege arbeidsplassar, gode skular og alt anna vi treng for å behalde og rekrutterer arbeidskraft, seier ho.
– Eg håpar og trur eg har noko å tilføre næringslivet i Sunnfjord. Og så sit eg ikkje med ein klar plan på førehand om kva eg skal gjere. Eg er her for å prøve å realiserer næringslivet sine ambisjonar, ikkje omvendt. Eg er ikkje oppteken av ideologi, men av å få ting til å skje, finne løysingar og få til utvikling. Eg likar å jobbe operasjonelt og realpolitisk, seier ho.
– Eg har ikkje jobba i næringslivet sjølv, men eg har vore gift med ein som har drive med næringsutvikling heile vegen. Som «næringsfrue» fikk eg innsyn i og kompetanse om korleis det er å drive i næringslivet: Opp- og nedsider, risiko og ikkje minst kor oppslukande det er å drive ei bedrift og ha ansvaret for inntekta til dei tilsette.  

 
Stine fann drøymejobben i Førde

Stine fann drøymejobben i Førde

Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola

Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola