Kategorier


Arkiv

Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola

Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola

Når du kjem inn på garden Digernes, skjønar du kvifor det kjem eit hyttefelt her: vatnet, fjellheimen rundt og det opne landskapet er som skapt for rekreasjon og turar.


Som namnet tilseier, vaks Olvar Digernes opp i Sundsdalen i Førde, på Digernes. I dag driv han familiegarden som sauebonde, saman med sambuaren sin og deira fem born, og selskapet Digernes Maskin. Kombinasjonen av å vere grunneigar og maskinførar har han brukt til å jobbe fram hyttefeltet Digernes Panorama, som no er klart for sal.

Digernes Panorma
Jo lenger opp i Sundsdalen du kjem, jo meir opnar landskapet seg igjen. Og når du er nesten på toppen, og svingar inn mot Digernes, kjem du dit det er på sitt mest opne.
– Du ser jo kor flott det er her, seier Olvar med eit smil og sveiper armen over panoramaet som byr fram på veg opp til høgdedraget over garden. Hyttefeltet ligg idyllisk til i hellinga ned mot Digernesvatnet, på 330-380 m.o.h. Det gir flott utsikt mot Storehesten og Hafstadfjellet, som ruvar mindre her oppe.
– Dei fleste på Vestlandet bur i ein dal, og ser opp på fjella. Her kjem du opp i eit ope landskap, med flott utsikt og ser bort på fjella. Namnet Digernes Panorama speglar det, seier han.  
Det har vore ein lang prosess å gå frå ide til salsstart på Digernes Panorama.
– Vi byrja arbeidet i 2008. Den gang var vi tre grunneigarar, som samarbeida om kvar sitt hyttefelt på kvar vår grunn, med mål om eit stort hyttefelt som hang saman. Sidan området ligg i nærleiken av Digernesvatnet naturreservat, har det vore mange innspel frå ulike etatar og departement, før til vi endeleg fikk ja frå Kommunaldepartementet. Det er bra, vi har fått belyst alle fakta grundig, og funne gode løysingar for å ivareta naturreservatet og området rundt. Det er ein god ting, som gir god kvalitetssikring av prosjektet, seier han.

– Her kjem du opp i eit ope landskap, med flott utsikt og ser bort på fjella.

Storehesten ligg fint til i syninga

Storehesten ligg fint til i syninga

For deg som er glad i å vere i naturen
Om du er glad i å vere i naturen, er Digernes eit særs godt utgangspunkt.
– Digernes ligg i eit rikt turterreng: Hafstadfjellet, Kjelstadnakken, Klungeren, Kvanndalen og Viestølen, blant anna. Her kan du velje toppar og utsikt etter humøret: Vil du sjå ut over Jølster, Førde eller Gaular, spør han entusiastisk.
– Hunsrasta ligg ein kort gåtur unna, og dermed Bymarka i Førde. Til Brulandsstølen og Viestølen går du på ein halv time i familieturtempo. Til Kvanndalsstølen brukar du ca. ein time til fots, eller du kan køyre opp på bomveg og fortsette inn i fjellheimen til fots. Opp Hafstadfjellet går du på omtrent same tid som om du gikk frå Bruland, men du får ein roligare start på turen, seier han og held fram.
– Sundsdalen har lysløype på 1,5 km, som kan nyttast mot å betale parkeringsavgift. Sunde Krins grendelag har løypemaskin, som køyrer opp løyper 10-20 km med løyper i området rundt og på Digernesvatnet når tilhøva tillèt det. Når isen er trygg er Digernesvatnet ein fin arena for både skøyter eller ski. For dei som likar toppturar på randonee er Klungeren eit ynda mål. Det gir ei nydeleg oppleving, spesielt i påska, men det er mange andre toppturmål rundt her og mykje urørt snø.


– Her kan du velje toppar og utsikt etter humøret




Vil dele utsikta, kveldssola og naturen med hyttenaboar
Sjølv har han budd her heile livet. Han er med andre ord ikkje eit uhilda vitne, men som han seier: “Eg vart buande grunna kvalitetane til Digernes”.
– Eg har alltid vore sikker på at det er her eg skal bu. På Digernes kjem ein vekk frå verdas kjas og mas, berre 12 km unna Førde sentrum. Utsikta er flott. Det er ein stille og rolig plass, med kveldssol til rundt 22.30 om sommaren. Og vegen er kort til Førde, om ein har lyst til å nytte seg av «by-tilbod». Kombinasjonen av natur og nærleik til byen, gjer dette til ein flott stad å bu, eller ha hytte. Og så er det fint å ha skikkelig vinter på den tida av året. Og ikkje minst nærleiken til vatnet, seier han.
Og no vil han dele godane med opptil 37 nye hyttenaboar. Det uroar han ikkje.

– Det ligg eit beite mellom garden og hyttefeltet, så dei kjem ikkje heilt innpå. Det er eit naturlig og viktig skilje. Ei årsak til at eg gjer dette er at om ein skal drive gard i dag, så treng ein alternative inntektskjelder for å kunne utvikle garden vidare, seier han og fortel at han ikkje fryktar at hyttefeltet skal føre til for mykje trafikk.

– Reguleringsplanen seier at ferdsle til feltet skal kanaliserast gjennom eksisterande vegar. Det har alltid vore mykje folk som kjem hit. Digernes har vore eit populært mål for fritidsaktivitetar, spesielt knytt til Digernesvatnet. Bestefar min hadde sommarjobb med å ro engelske fisketuristar. Så dette går langt tilbake i tid. Vi har drive med utleige av båtar her i alle år, så slik eg ser det blir trafikkmengda den same.

Og Hafstadfjellet viser seg frå eit litt anna side enn ein er vant til frå Førde

Og Hafstadfjellet viser seg frå eit litt anna side enn ein er vant til frå Førde

– På Digernes kjem ein vekk frå verdas kjas og mas, berre 12 km unna Førde sentrum


Store moglegheiter for eit aktivt liv i naturen
Å bu i Sundsdalen er eit verdival. Du vel vekk byen, til fordel andre kvalitetar. Olvar beskriv innbyggarane som engasjerte i å skape meir aktivitet for både store og små innbyggarar.
– Sundsdalen har mykje utmark å boltre seg i, som gjer det enkelt å legge til rette for kjekke aktiviteter for barn og unge, og mykje engasjerte folk. Det er mange som syns det er kjekt å legge til rette for meir aktivitet og å utvide fritidstilboda her, seier han og fortel at det er gjort mykje dugnadsarbeid for skape gode område for friluftsaktivitet.
–Blant anna med utbygging av lysløype, køyring av skiløyper om vinteren og tilrettelegging av sykkelstiar. Det gjer Sundsdalen til eit attraktivt område for avkopling og rekreasjon, og ikkje minst er det eit positivt bidrag til betre folkehelse. Det meste ligg godt til rette for opplevingar i naturen her, seier han.  

Hobbyen er jobb, og jobben er hobby
Olvar har alltid har visst kva han skulle bli. I alle fall for halve jobben sin.  
– At eg skulle bli bonde har eg alltid vore sikker på. Eg er veldig knytt til Digernes og garden, som har vore i familien i mange generasjonar. At eg vart maskinførar var litt tilfeldig, men eg har alltid likt ting som bråkar og ståkar. Som yngre var eg også innom snikkar og betongfag, seier han og fortel at med alt han har å henge fingrane i, blir det lite fritid.
– Eg er dårlig på hobby-sida. Det går mest i jobb. På eit vis er jobben hobbyen min og omvendt, seier han og ler.
– Difor prøvar eg så godt som råd å delta på dugnadar i regi Grendelaget, anten det er å legge til rette for skiløyper, fotballbaner og anna aktivitet. Det har det blitt for lite av dei siste par åra. Det blir ikkje så mykje fritid, sidan eg har både gard og fem barn, i tillegg til eige firma. Men ein prøvar jo å komme seg ut og bruke naturen rundt oss på fine dagar. Spesielt vatnet. Det er fint å komme seg ned og fiske, eller bade, og ikkje minst ta seg ein tur ut i heiene her med niste og kaffi. Det er mest slike enkle ting eg styrar med, seier han.

Og slike solnedgangar ser vel dei fleste av oss fram til

Og slike solnedgangar ser vel dei fleste av oss fram til

Du kan lese meir om Digernes Panorma på nettsida: digernespanorama.no

 
Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»

Frå krisehandtering til «husmoraktiviteter»

30 år i teneste for utelivet

30 år i teneste for utelivet