Kategorier


Arkiv

Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til

Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til

For Tom Farsund har livet handla om tilfeldigheiter som klaffar når han står framfor ein krossveg. Slik starta yrkeskarrieren hans – og slik enda han med ein ny karriere på tampen av den førre, som jobbspesialist i Helse Førde.



Då pandemien råka Norge i mars tenkte Tom: Vart eg pensjonist no?

– Eg vart, som så mange andre, sittande og gape og lure på kva som skjedde når Erna stengte landet i mars. Eg vart permitert i 80 prosent. Det gav meg ein fin, fin sommar, der eg øvde meg på å bli fulltidpensjonist. Samtidig tenkte eg at den dagen eg blir det, så kan eg ikkje gå heime og surre: Eg må ha eit prosjekt, seier Tom engasjert.

– Målsetnaden for prosjektet var klart: Å gjere ein innsats, kjempe mot fattigdom, eller slå eit slag for dei som står utanfor. Då tenkte eg i første rekke på frivillig arbeid, til dømes via Raude Kross, som gjer ein fantastisk jobb, eller ved å engasjere meg politisk. Så dukka stillingsutlysinga med tittelen jobbspesialist opp. Og då klaffa det veldig for meg: Når eg tenker på dette med å vere utanfor, så kokar mykje ned til det å ikkje ha jobb. Når ein har jobb, har ein inntekt og eit tilhøyr i samfunnet. Det har stor verdi. Så då var eg ikkje i tvil om at eg skulle søkje den jobben.
Det vart ikkje pensjonist av han. I staden byrja han som jobbspesialist. Men lat oss først spole kraftig tilbake.


Eg må ha eit prosjekt

Stål i bein og armar – og i yrkeslivet
Lite ante nok Tom om kvar livet skulle ta han, sommaren1973. Han sto ute på verftet, klar for sommarjobb. Passande nok for ein aktiv kar som likte å løfte tungt og kaste langt, hadde han sikra seg jobb. Og med det starta ei karriere som skulle pregast av tilfeldigheiter.

– Nokre år før hadde eg vore så heldig at dei starta Førde Gymnas til meg, så eg kunne gå rett vidare frå realskulen og til gymnaset, seier han og ler.

– Og når eg var ferdig på gymnaset tenkte eg det at det er i grunn veldig fint at dei har starta skipsverft til meg her ute. Eg var skikkelig skulelei. Slik sett har eg vore heldig, eg trefte liksom planken fleire gangar på rad, alt i ung alder, seier Tom, og røper at han på ingen måte hadde ein plan den gang.

– Heilt ærleg – eg hadde ikkje aning om kva eg skulle bli den gang. Eg slengte inn ein søknad på lærarskulen etter gymnaset, men karakterane var ikkje gode nok til å komme inn. Og det har eg vel i grunn vore takksam for seinare, gliser han.
– Tenk all moroa eg hadde gått glipp av då. Eg kunne nok blitt ein god lærar, etterkvart som eg vart vaksen, men med fasiten i hand er eg veldig nøgd med kvar tilfeldigheitene har styrt yrkeslivet mitt. Eg var så skulelei at det var ikkje noko alternativ for meg. Seinare tok eg 15 studiepoeng innan Arbeidslivspsykologi og Organisasjonsteori. Der besto du faget om du kunne seie namnet på det, seier han med eit smil.
– Gymnastida og desse studia opna opp eit glimt av dette universet for meg, og det glimtet var nok for meg. Av natur er eg veldig handlingsorientert – «nokon må ta affære», som mor mi seier, eg likar å få ting unna. Eg hadde eigentlig ikkje tid til studiar, seier han.

 

Det lønner seg å vere engasjert
I eit parallelt univers, kunne historia handla om platearbeidaren Tom Farsund. Som jobba på verft, var tillitsvalt, engasjert kommunepolitikar, familiemann og ivrig supermosjonist i vektløfting.

– Eg jobba på verftet fram til 1987, ein fasinerande arbeidsplass, prega av eit mangfald menneskje. Så gikk det i retning av permittering. Brått ringte min gamle lærar, Arthur Hoff, meg og lurte på om eg ville bli dagleg leiar i Førde Idrettslag. Der har du igjen desse tilfeldigheitene – ei dør opna seg når eg trengte den, seier Tom, om jobben han hadde i 3,5 år.  

– Samtidig er det jo ikkje så tilfeldig heller. Det var sikkert ti andre han kunne spurt på den tid. Årsaka til at han ringte var vel at eg hadde markert meg på mitt vis, som ein aktiv, engasjert person, seier Tom og blir ivrig.

– Det er litt av styrken til Førde: det har vore ein stad som har vakse jamt, og heile tida utviklar seg. Det skaper moglegheiter. Samtidig som Førde er såpass lite og oversiktleg at ein blir synleg om ein engasjerer seg. Det er ikkje alle stader ein kan ha «snubla» seg frå jobb til jobb. Det krev utvikling, og der har Førde markert seg. Det er akkurat stort nok til at ein kan vere med på å gjere liten skilnad gjennom å engasjerer seg, og lite nok til at ein blir lagt merke til.

Sidan vart det seks år som fylkessekretær i Norges Handikapforbund Sogn og Fjordane.


-
Ei dør opna seg når eg trengte den


Der satt den!
Etter å ha jobba mange år som platearbeidar, vart det altså 9 år som «kontor-mann». Så dukka jobben som for alvor skulle prege livet til Tom opp: som arrangør.

– Arrangørkarrieren starta i 1996, då Førdearrangørane blei oppretta. Der fikk eg høve til å vere lokalpatriot på fulltid. Det passa meg veldig bra, der fikk eg utfalde mitt engasjement for samfunnet i si fulle breidde. Eg jobba med å utvikle reiselivet, med arrangement som eit verktøy for det.
– Bakgrunnen var at Førde var ein stad som eigna seg godt til arrangement, så vi jobba aktivt for å skape fleire slike. Det var ei fantastisk tid, du møtte engasjerte folk som hadde ein driv i seg til å få ting til. Blant anna Stian Grimseth. Vi jobba saman om å få til Stian Grimseth-Cup, og det vart seinare til at vi fikk EM i Vektløfting til Sunnfjord. Det var eit enormt arrangement, som varte ei veke til endes, som framleis gir meg glede. Kvar gang eg er på trening på Spenst, kan eg plukke opp vekstskiver som det står EWC 2016 Førde på, som eit minne. Det gler meg. Det var eit fantastisk prosjekt.

– Førdearrangørane, og tida vidare, var på eit vis drøymejobben. Eg fikk møte engasjerte menneske, med same mål som meg sjølv: skape liv og røre, få folk til Sunnfjord og skape arbeidsplassar. Kan det bli betre?

I 2003 utvikla Førdearrangørane seg til Reisemål Sunnfjord. Det blei i 2010-2011 slått saman med Sunnfjord Utvikling. Året etter byrja Tom i Findriv, eit kombinert reklame- og arrangementselskap. I 2018 vart det selskapet kjøpt opp av Rein Design, der Tom altså jobba fram til hausten 2020.

Jobbspesialist
48 år etter sommarjobben på Ankerløkken byrja han i det som, kanskje, blir han siste jobb i karrieren: Jobbspesialist i Helse Førde. 

– Eg hadde tenkt ei stund på at det kunne vore fint å avslutte yrkeslivet i ein jobb der eg kan hjelpe folk, seier Tom, og jobbspesialist er ein flott og meiningsfull måte å gjere dette på, seier han og fortel kvifor. 

– Det skjer utruleg mykje i Førde no. Berre her på Helse Førde, der det nye psykiatribygget no er så godt som ferdig, så skal ein til på den nye hovudblokka. Eg var innom Hellenes for å besøkje ein arbeidsgjevar, og fekk innføring i det dei held på med: To nybygg, kvar på 1500 m2 grunnflate, i fire etasjar. Det skjer mykje anna også, til dømes på Moskog. Det gler meg, samtidig som det fortel meg noko: Vi, altså Sunnfjord, kjem til å trenge arbeidskraft i framtida, og det blir ei utfordring. Der tenker eg at mitt nye yrke, Jobbspesialist, sit på ein arbeidskraftressurs samfunnet treng. Det er 11 personar i same sort stillingar som eg har, fordelt på Helse Førde, Nav og Sunnfjord kommune. Per no har vi ein stad mellom 150-200 kandidatar som ønskjer jobb! Det er ein ressurs Sunnfjord sårt treng, fortel han engasjert.

– Dette er menneske med ulike utdanningar, kompetanse og erfaringar, til nytte for samfunnet, som av ulike årsaker har vore ute av drift ein periode. Samt ungdommar som ikkje har komme i gang. Alle desse folka er viktige ressursar, som samfunnet vårt treng. Dette er ei viktig oppgåve, både for samfunnet, for bedriftene som treng arbeidskraft og ikkje minst for personane sjølv som får ein meir meiningsfylt kvardag. Stort meir vinn-vinn er det vanskeleg å tenke seg, seier han.

– Jobbspesialist er ein flott og meiningsfull jobb

IMG_8931bilde2.jpg

Ingen brå overgang
Etter eit langt og aktivt liv på mange arenaer, og 25 år som arrangør, eit fagfelt der det meste må tilpassast og endrast på dagleg, var ikkje omstillinga til ny jobb så stor.
– Det var ein del nytt å lære, men eg har hatt eit skiftande arbeidsliv, der eg i grunn alltid har måtte tilpasse meg. Når du jobbar med arrangement er det alltid eit kvart, det er nye folk, nye prosjekt, nye konstellasjonar. Det har vore eit yrkesliv i kostant endring, så det er eg vant til, seier han.
– Eg byrja 1.oktober, og fikk ei mjuk start med å bli kjent med jobben, sette meg inn i ulike program og kurse meg litt. Så byrja eg å jobbe opp mot kandidatane eg skal jobbe ilag med. Akkurat no er det 13 personar eg skal følgje opp.

 

Ny karriere – men mykje er likt
– Kva er givande med din nye jobb?

– Kjernen i jobben er faktisk ganske lik det eg har jobba med i over 25 år: å ha god konktakt med næringslivet i Sunnfjord. Det som gjer den nye jobben veldig inspirerande er at eg får høve til å bli kjent med næringslivet på ein ny måte. Eg må lære dei å kjenne på ein anna måte enn tidligare: Kva jobbar bedrifta med, kva type kompetanse treng dei, korleis er utviklinga og korleis står det til med dei, seier han og held fram.
– Den andre sida av jobben, som eg likar veldig godt, er å møte jobbkandidatane. Det er utruleg gøy, det er mykje kjekke folk. Som folk flest er. Samtidig som det er ulike typar menneske, med ulike bakgrunnar og utfordringar. Det som tiltaler meg med jobben er kor målretta rolla vår er: Du sit ikkje nedlest i sakshandsaming, vår rolle som jobbspesialist er å kople saman ei bedrift med ein god jobbkandidat, seier Tom, og fortel at dette er den første jobben hans i offentlig sektor.
– Vi jobbar i team med behandlarane, og det er som eg har trudd: Dette er engasjerte folk, som jobbar for å gjere livet til folk betre, ved å gjere dei friskare. Og eit viktig ledd i å bli frisk for psykisk sjukdom, er å ha ein jobb, seier han  og fortel at han er blitt særs godt motteken på Psykiatrisk klinikk der han har kontor saman med to kollegaer.
–No har eg treft alle kandidatane eg skal jobbe ilag med, og hatt fleire møter med alle. Eg har byrja å vitje bedrifter på deira vegne, og har byrja å få litt resultat allereie. Og eg er ganske sikker på å få fleire etterkvart, seier han og deler gleda med jobben.
– I dag fekk den første av mine kandidatar jobb. Det er stort, når det vert resultat av det du held på med. Og eg har eit par til på gang, seier han.

– Eg får høve til å bli kjent med næringslivet på ein ny måte

Ikkje klar for å gi seg enno
Når man blir 66, først då tar livet til sang Wenche Myre. Og kanskje har ho rett i det. Det er i alle fall ikkje for gammalt til å byrje i ny jobb, som Tom gjorde.

– Eg har alltid hatt ein tanke om å runde av karrieren i ein jobb der eg kunne utgjere ein forskjell for andre. Eventuelt å engasjerer meg i frivillig arbeid når eg vart pensjonist. Hadde ikkje pandemien råka Norge hadde det truleg blitt det siste, for eg trivst særs godt med å jobbe med arrangement i Rein Design. I staden vart det ny jobb, i rekka av mange. Eg reknar med å bli pensjonist, før eller seinare. Det er ganske sannsynleg, men når, det veit eg ikkje, smiler han.
– Eg byrja i jobben i ei prosjektstilling fram til 2022. Så fikk eg brått beskjed om at prosjektet er blitt varig, og eg vart fast tilsett. Eg takka pent ja, og sa at no blir eg til dei bær meg ut. Eller i utgangspunktet til eg blir 70, i alle fall. 

– Kva er det som har motivert deg gjennom alle desse åra, i eit breitt spekter av ulike jobbar?
– Om eg ser tilbake så handlar det i stor grad om samfunnsengasjement. Det å sjå alle menneske som ein ressurs, ikkje eit problem. Det trur eg er det som har prega meg mest. Og eg har alltid interessert meg for folk og for lokalsamfunnet. Der ligg engasjementet mitt: Å bidra til å utvikle samfunnet rundt meg.

– Eg reknar med å bli pensjonist, før eller seinare

Ein praktikar kjem også til mål
Tom kjem frå den generasjonen som kunne gå frå skulebenken, utan å måtte ta høgare utdanning, finne ein jobb, og skape ein karriere. I dag virka det som om den vegen er tråare. Mastergrad-sjuka kallar nokre samfunnet vi er på veg mot.

– Kva eg skulle blitt i dag? Heilt ærleg – eg anar ikkje. Og eg veit ikkje om eg ville forandra på noko heller. Eg har vore utruleg heldig: Ved kvar krossveg har det dukka opp eit flott høve for meg, som har gitt meg den eine drøymejobben etter den andre. Om eg skulle gitt eit råd til ungdommen i dag, ville det vore: Få deg ei utdanning. Så kan du bruke den til å utøve eit yrke – eller som basis for noko anna. Det ligg ein tryggleik i å ha eit utdanning. Men for min eigen del, tippar eg det hadde blitt eit eller anna prosjekt, om eg byrja på nytt i dag.

– Så ingen vegval du angrar på?

– Eigentlig ikkje.

 

Kva gjer ein jobbspesialist  
Ein jobbspesialist har inntil 20 arbeidssøkarar som vedkomande følgjer opp individuelt. Målet er å finne ein aktuell arbeidsgjevar, ut frå arbeidssøkar sine ønsker. Det krev at jobbspesialisten kjenner sine jobbsøkarar, og ikkje minst arbeidsmarknaden.  Dei jobbar etter to forskingsbaserte metodar, som begge har vist seg å vere effektive for å få personar ut i arbeidslivet. Tom og kollegane ved Helse Førde jobbar etter IPS modellen:

Individual Placement and Support (IPS) skal hjelpe menneske med moderate til alvorlege psykiske helseproblem, og eventuelt rusproblem, ut i ordinært arbeidsliv. Brukaren får inviduell oppfølging frå ein jobbspesialist som er integrert i brukaren sitt behandlingsteam. IPS-tilbod vert gjeve utan annan føresetnad enn at brukaren sjølv er motivert for ein ordinær jobb. Oppfølging av kvar enkelt er individuelt tilpassa og uavgrensa i tid.

Supported Employment (UO) føl tre grunnprinsipp: Arbeidssøkar skal få lønna arbeid, vere i ordinært arbeidsliv, og det blir tilbudt individuell oppfølging så lenge det er behov.  

Same kva metodikk ein følgjer er målet felles: flest mogeleg i ordinært arbeid.

 
«Vinterjobb» ved verdas ende

«Vinterjobb» ved verdas ende

Jaktar hovud for Sunnfjord

Jaktar hovud for Sunnfjord