Kategorier


Arkiv

Jaktar hovud for Sunnfjord

Jaktar hovud for Sunnfjord

I oktober melde Firda at Hovudjeger Kathe var på veg til Sunnfjord for å jakte slike som seg sjølv. Det er nok til at vi måtte ta ein statusoppdatering etter ein knapp månad med jakt.



Når ein jobbar med skriving, blir ein i blant nøydd å ta eit kne i bakken, og sjekke ut kva eit ord eigentlig betyr.

Nynorskordboka
Oppslagsord: Hovudjeger: person som driv hovudjakt

Oppslagsord: Hovudjakt:
1: menneskejakt som visse primitive folk driv på fiendar for å skaffe seg hovuda som trofé (og såleis truge under seg ånda til den drepne)

2: jakt på gode hovud, leiaremne i næringslivet

Heldigvis for oss sunnfjordingar, er det alternativ 2 Kathe Arnesen har valt å vie seg til.

 

– Kva er eigentlig ein hovudjeger?
– I utgangspunktet er det ein person som finn rett person til ei ledig stilling, gjennom ei meir direkte tilnærming enn tradisjonelle stillingsannonsar. Men jobben min som prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord inneber mykje meir enn akkurat det, og det var difor eg syns jobben høyrtes så spennande ut at eg berre måtte søke, seier hovudjeger Kathe Arnesen med eit smil.

– Eg skal samarbeide med både kommunen, det lokale næringslivet og andre relevante organisasjonar nasjonalt og lokalt, og sjå til at både bedrifter og det offentlige i Sunnfjord får tak i den kompetansen dei treng i si verksemd i åra framover: Alt frå hjelpe medlemsbedriftene med å finne kandidatar til konkrete stillingar, via marknadsføring av jobbmoglegheiter i kommunen, til kandidatar andre stader i landet, til å jobbe fram tiltak som bidreg til å tiltrekke seg, og behalde den kompetansen, næringslivet her treng.

Kan, som poteten, brukast til det meste
Kathe er 49 år gamal, og opphavleg frå Sandefjord. Men som så mange andre, har ho tilbrakt dei siste to tiåra i Oslo. Ho er utdanna seg innan så ulike fagfelt som språk, marknadsøkonomi og digital forretningsforståing.
– Arbeidserfaringa er like variert, men eg har hovudsakleg jobba innan tre fagfelt: Marknadsføring og kommunikasjon, rekruttering samt digitalisering og innovasjon. Innafor desse fagfelta har eg gjort mykje ulikt, men nesten heile tida har eg jobba som prosjektleiar for både store og små prosjekt, seier ho.
– Så med andre ord er eg vel ei potet, som kan nyttast til det meste, smiler ho.
– Eg tenker at variasjonane av, og samansettinga av erfaring, kan bli særs nyttig i jobben som prosjektleiar i Rekrutteringsforum Sunnfjord. Eg ser alt no at det er mange ulike ting vi kan ta tak i for å auke rekrutteringa til kommunen på sikt.


Eg er vel ei potet, som kan nyttast til det meste

web_Kathe-Arnesen.jpg

Imponert over engasjementet og viljen
I desember var Kathe på plass i sin nye arbeidsstad, på kontoret til Sunnfjord Utvikling i Peak Sunnfjord.

– Korleis er inntrykket etter nokre veker i den nye jobben?
– 
Veldig bra. Eg har alt møtt ein god del av medlemsbedriftene og representantane frå kommunen, og eg er imponert over engasjementet og viljen dei viser til å gjere ein innsats for å få nødvendig arbeidskraft til å flytte hit både på kort og lang sikt. Når det gjeld næringslivet lokalt har eg fått inntrykk av at dei er både handlekraftige og villige til å vere med på aktivitetar som kan bidra til vekst. Då ligg jo alt til rette for at vi skal få til noko bra saman, seier ho og skryt av miljøet ho sit i.
– Eg har blitt godt teken i mot av kollegaene mine i Sunnfjord Utvikling, og alle dei andre på Peak Sunnfjord, der vi har kontor. Eg likar veldig godt det miljøet dei har fått til her. Det er mykje spennande som føregår, og ikkje minst lett å samarbeide på tvers av bedriftene og organisasjonane her på huset. Det er mykje energi og «buzz» rundt om i gangane – det er jo ikkje rart eg trivast då!


-
Alt ligg til rette for at vi skal få til noko bra saman


Motstraums
I ei verd stadig meir prega av sentralisering, er det kanskje ikkje så rart at Sunnfjord treng ein hovudjeger. Og då er det heilt naturlig å hente den frå Oslo. Du kan trygt seie at Kathe flyttar mot straumen, som normalt går frå vest mot aust her til lands.
– Kvifor i alle dagar flyttar du frå Oslo til Førde?
– Hehe, det kan du seie. For min del handlar det om at eg har familie her, eg har to søstrer som bur her, og dermed har eg også nieser og nevøar her. Så når det dukka opp ein så spennande jobb, var det ikkje mykje å lure på for min del. Sidan eg har hatt familie i Førde i over 20 år, har eg vore på vitjing her innimellom, og eg har alltid trivast her, seier ho og fortel at hobbyane hennar lett lar seg kombinerer med å bu i Sunnfjord.
– Eg er veldig glad i å reise, og eg har farta mykje rundt om i verda og opplevd mykje fint. Akkurat no under koronapandemien blir det ikkje så mykje reising, men eg håpar det blir betre i løpet av eit år eller to. Eg likar meg godt på fjellet også, men mest om sommaren og hausten. Eg eg ikkje blant dei som slit ut skiløypene om vinteren. Eg er også veldig glad i å fotografere, og bileta legg eg ofte ut på Instagram, på @kathearnesen og @myfavtravels.

Søster som er deltids hovudjeger
På eit vis kan ein faktisk seie at den eine søstera hennar har fuska i same fag.
– Det var faktisk søstera mi som tipsa meg om stillinga: Ho sende den til meg og slo fast at denne stillingsbeskrivinga er jo som skriven for deg! Og det var den nesten. I denne jobben får eg jobba både strategisk og «hands on». Eg får nytta erfaringa mi frå ulike bransjar og fagfelt eg har jobb i før. I tillegg såg eg av prosjektplanen dei la ut saman med stillingsannonsen at dette var godt gjennomtenkt og planlagt. Eg huskar faktisk at eg tenkte medan eg las prosjektplanen: «Dette trur eg på. Det er akkurat noko slik som skal til for å trekke viktig og riktig arbeidskraft frå heile landet til ein kommune på Vestlandet.

 
Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til

Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til

Lurer du på kva bøker du får til jul?

Lurer du på kva bøker du får til jul?