Kategorier


Arkiv

«Vinterjobb» ved verdas ende

«Vinterjobb» ved verdas ende

For nokon har det vore enklare å overhalde coronameteren enn andre. Anstein Felde sit saman med tre kollegaar mo åleine på øya Hopen, over 290 km unna nærmaste nabo, i Longyearbyen. 


Øya Hopen ligg mo åleine i Barentshavet, 185 km aust for sydspissen av Spitsbergen. På denne tid av året ligg øya hylla inn i mørke, som ein liten kvit strek på 33 km, omgitt av is, jamleg vitja av isbjørnar, og i ny og ne eit helikopter med forsyningar. 

Elles er Anstein og hans tre kollegaer heilt åleine i verda. Og slik likar han det. 


–  Eg er bort i mot allergisk mot, og blir fysisk dårlig av, folkemengder

Frå utelivsbransjen i Førde og Bergen, til eit annleis uteliv.

Frå utelivsbransjen i Førde og Bergen, til eit annleis uteliv.


Lite uteliv 

– Etter mange år i utelivsbransjen, både i Førde og Bergen, har eg opplevd nok bråk og leven for mange livstider, vil eg seie. Det har nok gjort meg litt «skada», eg er bort i mot allergisk mot, og blir fysisk dårlig av, folkemengder, seier han med eit smil. 
– Så eg lev eit stille og rolig liv etterkvart. 
– Eg er 49 år gamal, og utdanna innan naturforvaltning og naturoppsyn. No jobbar eg for Meteorologisk institutt, og har dei siste åra blant anna jobba som oppsynsmann i Femundsmarka, seier han og fortel at lidenskapen for natur stikk djupare enn berre yrkesval. 

– Eg brukar mykje av fritida mi i fjellet. Spesielt mykje turar blir det i Byrkjelo og Breimsfjella, og eg brukar ein del tid på fisking i ulike vatn. 

Anstein kjem frå Breim, men mor hans held til i Førde. Og det er dei to stadane du mest sannsynleg treff han, når han ikkje er på eit av sine mange opphald på øya Hopen. 
– Eg går mykje turar med hundane når eg vitjar mor mi. 

- Vi har fem hundar som er våre kollegaer. Dei er isbjørnvaktene våre, med ansvar for tryggleiken vår.

- Vi har fem hundar som er våre kollegaer. Dei er isbjørnvaktene våre, med ansvar for tryggleiken vår.

 
Kjem heim – ein gang 

Dette er andre gangen Anstein overvintrar på Hopen. Den førre turen var på 7 månadar i strekk, og denne blir omlag like lang. 

– Det er litt usikkert kor lang turen blir. Eg reiste heimafrå 18.novemner, og reknar med å bli til rundt 8-12.juni. Så det blir rundt 7 månadar i strekk. Både utreise og heimreise blir styrt av vær, vind, forsvaret, sysselmannen og vêrvarslinga i Nord-Norge. Det er ein del utanforståande faktorar som speler inn, som vær og vind, som ein ikkje rår over, seier han og forklarar. 
– Vi har ein utfordrande skjergard, som berre kan køyrast med småbåt om været er bra. Det vil blant anna seie ikkje for stor bølgjer. Det kan også ligge isrestar som kan gjere det litt utfordrande også. Vi haikar med kystvakta nedover om dei har kapasitet og høve, om ikkje må sysselmannen hente oss. Desse faktorane speler inn, både på veg og på veg heim. Så det blir mykje ca. tider, og få eksakte datoar begge vegar, seier han. 

 

Lite tid til å kjede seg

Sjølv om dei sit åleine i stummande mørke i månad etter månad, blir det lite tid til å kjede seg. 

– Jobben er utruleg interessant, viktig og lærerik, på ein særs eksotisk arbeidsplass, seier han og beskriv ein vanleg dag. 

 
Det finnast ikkje vatn på Hopen, difor må snø tinast til drikkevatn.

Det finnast ikkje vatn på Hopen, difor må snø tinast til drikkevatn.

– Opp klokka 05.50, setje på kaffi, gå ut og sjekke veret og ta inn nedbørspotte, registrere dette på PC-en, så sende inn flymetar (flyver). Dette er viktig for både fly og helikopter som er i nærleiken. Difor må vi registrerer dette kvar tredje time, døgnet rundt, året rundt. Når det er is på havet skal den målast i tjukkleik, drivretning og type is, på tre faste punkt utover frå land, seier han og held fram. 


– Vi har også diverse førefallande arbeid. Blant anna tine snø til drikkevatn, som vi pumper over på eigen tank. Det finnast ikkje vatn på øya, berre litt smeltevatn om sommaren. Vi må også draine heilfuel ein gang i veka, sidan vi er base for redningshelikopter i Barentshavet. Dei kjem innom for fuel når dei treng det. I tillegg er det vedlikehald av meteorologisk utstyr og bygningar. Vi har fem hundar som er våre kollegaer. Dei er isbjørnvaktene våre, med ansvar for tryggleiken vår. Dei må trimmast, matast og få kos dagleg. Så dagane er ganske fulle, smiler han. 



– Stillheit, kvit jul, kokk som lagar mat – det er fint med jul på Hopen



Ei annleis, men god jul

– Korleis var jula på Hopen?

– Julefeiring her oppe i ishavet er koseleg og kjekt. Ein slepp å ta del i den sjuk stressande førjulstida inne på fastlandet. I staden får vi stillheit, kvit jul, kokk som lagar mat – det er fint med jul på Hopen, smiler han. 
– Julenissen kom, og kokken diska opp med pinnekjøt, medisterkaker, pølser, kålrabistappe, potet og rispudding. Det var kjempemykje mat. Eg tvilar på dei fikk slik bevertning i 1908, året det først var overvintring her. 

Hopen ligg langstrekt, langt frå sivilisasjon.

Hopen ligg langstrekt, langt frå sivilisasjon.


Liten i storslagen natur 

Motivasjonen til Anstein ligg i naturen. Den gjennomsyrar det meste i livet hans. 

– Eg blir veldig motivert av naturopplevingane her oppe, som ein kjenner på kvar einaste dag. Ein blir utruleg liten i naturen her, den er storslagen. Stillheita er heilt vanvitig, her er det berre naturen sine eigne lydar ein høyrer. Du veit du ikkje kjem til å møte andre menneske om ein går tur. Samtidig er det enormt med isbjørn her. Det gjer det heile litt meir spennande og eksotisk, sjølv om det nok har blitt litt lenger mellom bamsane på Hopen no enn før. På 80- og 90-talet låg dei i snitt frå 600-900 isbjørnobservasjonar frå stasjonsområdet og på stasjonen. No ligg vi på 50-200 observasjonar. Det er høge tal det også, og dei skuldast at Hopen ligg i trekkruta til isbjørnen, som høyrer til aust om Svalbard og Barentshavet. Med andre ord er det naturopplevingane som er drivkrafta mi, seier han. 


Sjå fleire bilete frå Hopen:

 

Gler seg til seriegull i 2021

– Det må no vere eit og anna du gler deg til når du kjem heim, sjølv om du trivast der oppe?
– Eg brukar nokre ord ein gamal reingjetar sa til meg når eg snakka med han på telefon, og fortalte at eg skulle innom Bergen: «Tusenvis av menneske som vandrar rundt utan mål og meining, hostar og harkar, bråk og skrål frå menneske, bakteriar og stress over alt. Nei fysj!», seier han og ler. 

– Så kva skal ein glede seg til når ein høyrer slike visdomsord? Tja, vere litt heime med familie. Ta ein tur på hytta på Brem, og ein langtur anten i Breimsfjella, Fjærland, Jotunheimen eller Femundsmarka. Og at Vålerenga tek seriegull i 2021, seier han og ler. 

– Og så blir det vel ein ny tur til Hopen neste vinter!


Alle foto: Privat 

Hopen meteorologiske stasjon. Det er eit godt stykke heim att for Anstein.

Hopen meteorologiske stasjon. Det er eit godt stykke heim att for Anstein.


Faktaboks

Hopen meteorologiske stasjon, tidligare Hopen Radio, er ein meteorlogisk stasjon på øya Hopen, på Svalbard. Stasjonen ligg ca. 7 kilometer nord for øyas sin sørlege spiss. Stasjonen er den faste busetnaden på Svalbard som ligg lengst aust.  
Stasjonen blir driven av Meteorologisk institutt, og er heilårleg bemanna av fire personar, som er engasjert for eit halvt år om gangen. Stasjonen består av fleire bygningar, helikopterlandingsplass, fleire store antenner og anlegg for strøm, kloakk og vann. Bygningane blir eigd av Statsbygg.  

Kystvakta transporterer forsyningar til Hopen oftast ein gang i juli og ein gang i september kvart år, blant anna drivstoff til dieselaggregata som blir pumpa frå kystvaktskipet via ein fleire hundre meter lang slange. Om vinteren flyr ein oftast inn forsyningar med helikopter. 


 
Jobben min: Astrid Marie Vie

Jobben min: Astrid Marie Vie

Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til

Når man blir 66 – då tek jobbspesialisten til