Kategorier


Arkiv

30 år i teneste for utelivet

30 år i teneste for utelivet

Om du har vore på pub eller diskotek i Førde dei siste tre tiåra, har du truleg møtt Fred Morten Andre Andal Reiersen. Han byrja karrieren på Cherie i 1991. 30 år seinare er han framleis i bransjen, som bar og eventsjef på Scandic Sunnfjord Hotel og Spa.


I løpet av disse åra har han vore innom Cherie, Treskeværket, Pub`n Disco, Riverside og Cafe Smuget. Sidan 2009 har han vore bar og eventsjef på Scandic Sunnfjord Hotell & Spa, med ansvar for Treskeværet, Bartine, Barthold og Larris Scene. Vi tok ein prat om karrieren, til lyden av bygginga av den nye Sunnfjordsalen, som skal bli Førde si nye storstove.

Kunne blitt sogning
Men før vi kjem dit, spolar vi kraftig tilbake.

– Eg vart fødd på Høyanger sjukehus 1.mai 1973. I følgje mor mi til full baluba, med hornmusikk, tog og folkeliv. Det kan vere grunna 1.mai feiring, du kan no sjølv tenke deg korleis det var på 70-talet, seier han og ler.
– Og sidan har det gått nedover med feiringa av dagen for meg.

At han var fødd i Høyanger er ikkje så unormalt. Det er fleire i Førde som kom til verda der inne. Men etter 3 år i Førde, så vart han faktisk sogning ein periode.
– Far min fikk jobb på Hermansverk, så vi flytta dit og budde i 11 år. Vi budde i eit byggfelt med skog rundt oss. Eg vaks opp i dei tider då vi var mest mogleg ute, og minst mogleg inne. Det var ei flott tid. Så fort skulen var ferdig så var det ut i gata eller skogen og herje, og så var du heime og åt når du måtte.
Men heldigvis for denne artikkelen, fann familien ut at dei ville tilbake til Førde.
– Vi flytta heim igjen det året eg skulle konfirmerast. Først til nokre år forbi øvste snøgrensa i Slåttebakkane. Mor mi er frå Steinen i Førde, så når huset på kaia, der mormor kom i frå, skulle seljast, flytta vi dit. Det syns familien til far min, som kjem frå Sørlandet, var rart. Å flytte frå eit moderne hus til eit oppussingsobjekt, seier han og ler.
– Men det vart bra. Og i dag bur han framleis langs Jølstra, litt nærmare sentrum, med kone og fem barn i varierande alder.


– Eg vaks opp i dei tider då vi var mest mogleg ute, og minst mogleg inne.

Han vart aldri rockestjerne, men han har vore ansvarleg for å få ein god del slike til Førde i løpet av 30 år i utelivs-bransjen.

Han vart aldri rockestjerne, men han har vore ansvarleg for å få ein god del slike til Førde i løpet av 30 år i utelivs-bransjen.

Byrja å gå ut – og fikk sporenstreks jobb
I 1989 var han ikkje gammal nok til uteliv. I staden byrja han på Førde Gymnas.

– Cherie opna i 1988, og vart raskt den store utestaden i Førde. Eg vart 18 våren 91 og den gang var det fulle hus der kvar laurdag. Samt konsertar med dei største banda i Norge på den tid, som CC Cowboys og Dum Dum Boys. Sant og seie var vi vel innom før vi var 18 også, seier han og ler.

– Ein kveld hadde eg vore involvert i noko knuffing, som jo kunne hende i dei dagar, og rydda opp. Det hadde den smått legendariske bartenderen Jose Jorge D. Marcelino betre kjent som George, fått med seg. Han lurte på om eg kunne tenke meg å jobbe som vakt. Eg måtte tenke litt på det, men takka til slutt ja til jobb, seier han og fortel kvifor.
– Eg lurte jo på kva eg skulle bli den gang, og halla mot politi. Å jobbe som vakt tenkte eg ville vere god «trening». Vi var 6 vakter på jobb, som skulle ta oss av 1000 gjestar! Førde var ein utelivsmetropol: Folk frå kommunane rundt strømma til. Blant dei ein del florøværingar som kom for å slåss med førdianar, så det var ei travel tid. Eg var ein ungfole på18 år, med ei særs bratt læringskurve seier han og smiler.

 

Tja til politi
Sommaren 92 var han ferdig på gymnaset, men sidan han skulle i militæret året etter, valte han å bli i Førde eit år og jobbe.
– Eg veksla mellom jobb på Cherie i helgene, og på kvardagane i Prestebakken barnehage. Det var store kontrastar, men jobbane var meir like enn ein skulle tru, seier han og ler.
Og når tida kom for militæret, var han framleis innstilt på å bli politimann.
– Eg var i sjøforsvaret, på Madlamoen. Eg tok helvetesveka og alt som skulle til, og vart militærpoliti på Håkonsvern. Vi hadde eigen arrest, for folk som ikkje hadde oppført seg som dei skulle, og var portvakter. Eg var sjekka også hamnebassenget frå båt kvar morgon. Denne jobben var ei veke på og ei veke av, så i friperiodane jobba eg i utelivet heime i Førde.

Alt før han var ferdig i militæret, hadde han fått ny vaktjobb.  
– Som dørvakt på Treskeværet i januar 1994, seier han og fortel at han eigentlig då var klar til å søke seg vidare til Politihøgskulen.
– Eg hadde fylt ut søknaden, og var klar til å sende den inn. Så byrja eg å tenke. Vil eg dette? Og i så fall, vil eg jobbe i Førde? Eg ville få vite veldig mykje om folk heime, og bli kjent med skyggesida av Førde. Den hadde eg alt sett ein del av gjennom jobben i utelivet. Kva om eg måtte arrestere vener og kjente? Og ville eg flytte til ein større by, og bli kjent med ulike problemmiljø? Det er eit yrke med mange utfordringar. Svaret eg enda på, var at det ville eg ikkje. Så søknaden vart aldri sendt.

 

Eit livsval blir teke
I 1996 fikk Fred eit tilbod som endra livet hans:

– Når eg byrja på Treskeværet var Tommy Hagen pubvert. I 1996 opna han Tommys Garage på Førde Hotell, og eg vart pubvert på Treskeværket. Ein jobb eg hadde til 2000. Odd Erik Gullaksen tok over som direktør etter Vidar Ødelien i 1999, så eg jobba med han eit år då, seier han og fortel om kjekke år.

– I desse fire åra ligg mykje av motivasjonen for at eg framleis er i bransjen. Eg dreiv med idrett som ung, og har konkurranseinstinkt. Då eg tok over Treskeværet låg vi nede. Riverside var det store. Vi som jobba på Treskeværket var ein liten, samansveisa gjeng. Vi gikk inn for å levere den beste servicen og gi dei gjestane vi hadde gode opplevingar. Tanken var at det då ville komme fleire. Sommaren 97 hadde også Tommys vore ope eit halvt år, men Treskeværket hadde blitt staden å vere på laurdagar. Og på hausten også på fredagar, seier han og fortel kvifor.

– Vi trefte veldig med konseptet. Odd Erik Lothe og Roger Allan Ivin var faste trubadurar, og ein del av gjengen, som skapte utruleg god stemning. DJ-en vår, Trond Kjørlaug var også utruleg flink. Den sommaren gløymer eg aldri: Lokalet dirra, av musikk og god stemning.  Det var eit kick: Vi hadde gjestar som kom laurdag etter laurdag, dansande ned trappa og inn: Klar for å synge, danse og kose seg. Kjensla det gav meg har eg prøvd å skape igjen og igjen. Det er så kjekt når folk er lukkelige og tek heilt av. Å skape glede har vore drivkrafta mi i alle desse åra. Som liten drøymte eg, som dei fleste av oss, om å bli rockestjerne. Der ligg også litt motivasjon: Eg trivast med litt sirkus rundt meg. Eg er sosial, og likar å vere med på det som skjer. Eg må ha med meg ting, seier han og ler.

Treskeværket hadde nokre fantatiske år på slutten av 90-talet, takka vere eit samansveisa team.

Treskeværket hadde nokre fantatiske år på slutten av 90-talet, takka vere eit samansveisa team.

– Det er så kjekt når folk er lukkelege og tek heilt av



På eigne bein
I 2000 gikk det ikkje så bra i utelivet i Førde. Riverside sleit. Det gjorde Tommys Garage også, så Arne Jon Dahl hoppa over elva, utan å få dreis på det.
– Så fikk eg tilbod om å leige lokala, og drive for meg sjølv. Det freista, så eg hoppa i det. Og starta Pub`n Disco, med litt same konsept som Treskeværet: Ein pub med livemusikk, og eit diskotek der vi også hadde band, sjølv om lokalet ikkje var optimale for livemusikk. Pub`n Disco gikk heile tida akkurat ikkje godt nok. Innteninga var for låg. Eg prøvde å reforhandle husleiga etter to år, men fikk nei. Så då la eg ned, sommaren 2002.

Og då hadde Fred alt byrja på eit nytt karriereløp.

– Medan eg dreiv Pub`n Disco starta eg selskapet Sunnfjordekspressen. På den tid var det ingen som dreiv bodbiltenester som leverte mat. Tanken var å serverer mat i lokala og køyre ut til folk også. Vi fikk avtale med bilforhandlarar om å levere ut delar, og laga ei rute til Nordfjord. I tillegg fikk vi avtale med Elkjøp om å levere ut kvitevarer. Så eg gikk rett over i jobb som bodbilsjåfør, seier han og kjem på ein stad til han har vore innom.
– Riverside, hausten 2002. Dei sleit med konseptet då, og prøvde nye kostar, men det var ei utfordrande tid for heile bransjen. Eg byrja på topp i 1991, då Førde hadde eit fantastisk uteliv. Folk valfarta hit på fest. Så dukka det opp stadig nye pubar rundt om kring, og så dabba det av, seier han.

 

På han igjen
Etter Riverside greidde han å halde seg utanfor bransjen ein knapt år.
– Og då følgde eg i fotspora til Arne Jon igjen. Han gikk frå Riverside til Førde Hotell, og så til Grillen-bygget der han dreiv Vertshuset. Når det ikkje gikk var vi fire kompisar som ville starte ny uteplass. Vi tok over lokala og laga Cafe Smuget i 2003. Namnet førte til at vi fikk  brev frå ein advokat som representerte Smuget i Oslo. Dei likte ikkje namnet vårt, seier han og ler,
Der vart han fram til 2005.

– Eg var i ei bilulykke, og fikk problem med ryggen. Det vart verre og verre, så hausten 2005 søkte eg om, og fikk, omskulering. I 2006 byrja eg studere engelsk og historie på Høgskulen i Sogndal. Tanken var å bli lærar, som mor mi. Ho hadde i mange år prøvd å påverke meg til det, fordi ho meinte det ville passe meg godt, seier han og fortel at han klarte å halde fingrane av utelivsfatet i mange år.
– Så lurte Arild Vie, ein tidligare kollega, på om eg kunne jobbe litt. Han hadde eit større arrangement i 2008. Så eg jobba litt med han sommaren 2008 og 09, seier han.

– Tanken var å bli lærar, som mor mi

Og sanneleg, der dukka Treskeværket opp igjen
Og så er det noko med gamle sirkushestar. Når manesjen lokkar, så vaknar dei til liv.

– Jo Arne Salthamar tok over etter meg som pubvert på Treskeværket. Men i 2009 gav han seg. Då ringte Odd Erik Gullaksen og lurte på om eg kunne ta meg av det administrative på Treskeværet: Vaktlister, booking og det praktiske rundt drifta. Så eg tok jobben, i tillegg til studia, seier han og fortel at brått var det slutt på studering.

– Eg fikk tilbod om ny jobb. Tidligare har Scandic Sunnfjord Hotell vore delt i avdelingar. Så alle barane var sjølvstendige avdelingar. Odd Erik ville samle alle i eit avdeling, med ein leiar. Så då fikk eg tilbod om jobben som bar- og eventansvarleg, seier han.

Og sidan har han hatt den jobben.

– I tillegg til å ha hatt ansvar for kursavdelinga. Men etter at vi opna Larris Scene så tok drifta og bookinga der opp så mykje tid at då måtte eg halde meg til det. Og det vil bli enno meir jobb med når Sunnfjordsalen opnar i haust.

 

Som natt og dag
Livet som bar- og eventsjef i dag er noko heilt anna enn livet som dørvakt på 90-talet. Det kunne gå hardt føre seg i utelivet i Førde på 90-talet.

– Eg var ofte redd før eg skulle på jobb. Du visste aldri kva som kom til å skje. Det var ein heilt anna kultur, og det låg på eit vis litt status i det å vere tøff på byen og slåss. Det har snudd heilt rundt. I dag er det ingen som syns mannfolk som slåss på byen er tøffe, det er heilt andre verdiar som rår, seier han og fortel at gode vakter framleis er viktig.
–Dei er ei viktig brikke i eit fungerande uteliv. Konsertar, arrangement og utestadar treng folk som passar på, slik at folk kan ha det kjekt saman. Å vere vakt i dag er ei heilt anna verd. No er det ein fin, sosial jobb. Det kan oppstå u-ønska hendingar no også, men no er det ingen som går ut for å slåss. På 90-talet kunne det vere fleire slåsskampar på ein kveld, i dag er det sjeldan å sjå slikt i dei heile. Eg trur ikkje ungdommen i dag ville skjønt kva som føregikk om dei gikk ut for 20 år sidan.

– Eg var ofte redd før eg skulle på jobb

Larris Scene har vore eit løft for utelivet i Førde.

Larris Scene har vore eit løft for utelivet i Førde.

Du må ha litt teft og sans for å drive butikk
Som bar og eventsjef er det mykje å halde styr på.

–Når ein driv utestad konkurrerer ein om merksemda til folk. Du må ha teft for å drive butikk, nå ut til kundane, og vite kva du tener pengar på og ikkje. Og ein må konstant fornye konseptet sitt. Slik har det vore sidan eg starta: Ein klare å sjå for seg kva folk syns er kjekt å gjere eit år fram i tid, og kva arrangement og artistar dei vil oppleve. Og vere oppteken av deltajar. Alt må vere på stell frå gjesten kjem til dei går heim. Og apropos vakter, så er dei den første gjesten møter. Så dei er viktige, seier han og held fram.

– Ein del av jobben min handlar om leiing. Dørvakt og bartenderar er gjennomtrekksyrke. Det er sosiale og kjekke ekstrajobbar dei fleste står i ei stund. Det betyr at ein må drive med kontinuerlig opplæring, det er alltid nokre som skal vidare, og nye som skal byrje. Det krev at ein har eit godt system for lære opp nye tilsette. No har eg vore i jobben så lenge at eg har mykje erfaring, og har vore bort i det meste. Etter Larris Scene kom har mykje av jobben min handla om booking. Det har gitt eit kontaktnettverk som gjer det lettare. Men ein må vere frampå, artistane kjem ikkje av seg sjølv. Larris Scene har blitt så bra at scena sel seg litt sjølv også. Det er det ein enkel stad å ha konsert, ikkje minst for artistane sidan alt står klar til å plugge inn instrumenta og gå i gang.

 

Eit år med pandemi
Det siste året har vore det mest spesielle i karrieren hans, takka vere pandemien.

– Alle vart permittert, frå 16 mars til ut i midten av juni. Så opna vi forsiktig igjen, med Bartine. Vi fikk ein grei sommar, mykje takka vere at det kom ein del norske turistar. I august byrja vi å ha arrangement på Larris Scene igjen. Retningslinjene kravde bordservering, så vi måtte finne konsept som fungerte. Vi landa på Musikkquiz med Geir Bjarte Hjetland, seier han og fortel at det fungerte særs bra.
– Eg fikk litt tankar tilbake til 1997: Folk komme ut nesten dansande, og gleda seg til å vere litt sosiale. Nokre av dei vart alt for ivrige når Geir Bjarte drog opp stemning og godlåtar. Så då måtte vi forklare retningslinjene. Alle skjønte ikkje alvoret, men det sette seg etter kvart. Dei som likte konseptet kom igjen og igjen, så det fungerte jo, seier han med eit atterhald.
– Eg får vondt i sjela av å be folk om å ta det med ro og ikkje danse, sitte for tett og vere sosiale. Målet med eit arrangement er at folk skal ha det kjekt, danse, treffe andre og leve i augneblikket. At folk tek av er kjekkaste eg veit, det er slike stunder vi lev for, vi som driv med dette. Og så måtte eg i staden be folk roe seg når stemninga toppa seg. Det var pyton, men vi gjorde det beste ut av det.

Og ut på hausten byrja det å ta seg litt opp.

– Vi arrangerte stand up og ein del konsertar, og pandemien vart litt på avstand. Så kom det eit nytt smitteutbrot i Bergen i september. Då ville ikkje folk ut lenger. Vi har på eit vis jobba mot pandemien: Kvar gong det blomstrar opp, kjem tilbakeslag. Vi har lyst å samle folk til gode opplevingar, men det er vanskeleg. Spesielt i november når Erna sa haldt dokke heime, rett før julebordssesongen. Det er uføreseigbart også. Du planlegg noko, og når det nærmar seg arrangementet så brått skjer noko som endrar på situasjonen.

 

Gler seg til meteren forsvinn
Det nye året har byrja litt betre.
– Vi har hatt seks konsertar i vinter og vår, der artistane har leigd lokala våre. Fine konsertar, med eit litt annleis konsept enn vi driv med til vanleg. Sittande konsertar, med artistar som passar til det. Du kan ikkje dra til med «hoppe, danse- og skrikekonsertar».

– Kva ser du mest fram til når verda opnar igjen?

– Til at meteren forsvinn! Slik at vi igjen kan arrangerer konsertar, utekveldar og arrangement der folk kan miste hemningane, kaste seg i armane til kvarandre, danse, klemme og prate med kvarandre utan å uroe seg over at det er feil. Og å kunne planlegge eit arrangement, utan fare for at det ikkje blir slik du har tenkt, seier han.

 

 

Sunnfjordsalen
Det er ikkje berre normaliseringa av verda han gler seg til. Til hausten er Sunnfjordsalen klar.

– Det blir fantastisk. Dette er akkurat det Førde treng. Som del av eit større fylke, treng vi Sunnfjordsalen som trekkplaster. Her kan ein ha større arrangement, kurs og konferansar. Vi har arrangert mykje i den gamle konferansesalen. Og med Larris Scene fikk vi ei ny flott arena, med topp lyd og lys. Sunnfjordsalen blir eit nytt steg opp. Den er breiare enn den gamle, får topp teknisk utstyr og 7 meter takhøgd. Den har plass til 650 gjestar sittande og 1000  ståande. Det betyr at vi kan få inn artistar som normalt ikkje reiser til Førde. Sunnfjordsalen blir eit trekkplaster, som vi håpar lokkar folk til Førde for å gå på konsertar, overnatte og handle. Det er eit kinderegg av positive effektar. Salen blir fullrigga med PA og lysanlegg, så det er berre å plugge inn instrument og backline og byrje å spele, seier han og fortel at kombinasjonen av Sunnfjordsalen og Larris Scene også opnar store moglegheiter.

– Sunnfjord Country Rock er eit døme på eit stort arrangement vi har årleg, der vi har brukt både salen og Larris Scene. Tidligare var grensa 1200 gjestar samla med begge lokale i bruk. Kva som er mogleg å få til med dei nye veit vi ikkje enno. Kapasiteten på toalett og bar aukar kraftig, og arealet er ikkje noko problem. Men vi må sjå korleis lokala fungerer saman i praksis, og om det er nokre flaskehalsar, før vi ser kor mange gjestar det er plass til. 1350 kan vere eit anslag, enn så lenge.

Det blir høgt under taket og plass til mykje folk i Sunnfjordsalen.

Det blir høgt under taket og plass til mykje folk i Sunnfjordsalen.

 
 
Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola

Olvar vil dele panoramautsikta og kveldssola

OBS: Høg fare for klemmar

OBS: Høg fare for klemmar