Kategorier


Arkiv

OBS: Høg fare for klemmar

OBS: Høg fare for klemmar

Om du er blant dei mest sosiale blant oss, har du truleg fått velta godt om på livsstilen din i løpet av pandemien. Det har i alle fall Helena Bremer Farsund fått.  


Om du ikkje har møtt Helena, så kan ho i korte trekk beskrivast slik: Om du har høyrt nokon omtale ein person som eit fyrverkeri, så er Helena eit godt døme. Ho er ein fargeklatt, som pratar på inn- og utpust, ler hjarteleg og ofte, og er raus med klemmane. Ho fløymer over av energi og inn- og utspel, og ho har i 20 år levert show og underhaldning til folk. Helena er med andre ord også ein av dei som verkeleg har møtt seg sjølv under pandemien. For brått vart det slutt på uteliv, show, revyar, førestillingar og alt anna ho elskar å drive med.

I staden har ho brukt tida heime, ofte åleine, med å skrive, måle, rydde i både hovud og hus, og ikkje minst med å dele ut klemmar til sine nærmaste.

 

Ein klemmar ventar på betre tider
Og med det kan du sjå deg åtvara: Så fort pandemien er over, slepp ei klemmesjuk Helena laus på verda.

– Alle som kjenner meg veit at eg er ein klemmar. Når pandemien er over, er planen å stogge i eit av lyskryssa i Førde og klemme ein tilfeldig person. Og gi eit kompliment på kjøpet. Så fareskiltet i overskrifta, det er heilt reelt, seier ho og ler, før ho deler oppskrifta på å komme seg gjennom pandemien, til no.

– Eg er så heldig å vere gift med Geir. Vi er flinke til å ha det kjekt saman, og han er så heldig å få veldig mange klemmar no. Så mange at kjakane hans byrjar å bli såre. Han blir knegått av meg og kattane våre heile tida, men han er ein kosen mann som held ut. Vi er og så heldig å ha mykje familie rundt oss. Vi er ein kohort som har mykje moro saman. Eldste sonen min har flytta til Sunde også, og han og sambuaren er ofte på middag her.


– Alle som kjenner meg veit at eg er ein klemmar

Helana slik folk flest møter ho - i godt humør.

Helana slik folk flest møter ho - i godt humør.

Kulturell triologi – og ein drøss med feiringar
Pandemien har fått dei kunstnariske sidene til Helena til å blomstre opp. Så fort pandemien er over, har ho store planar.
–Heilt sidan eg har liten har eg drive med teater og revy. Eg er konferansier, speler trekkspel og har no gått ut med at eg skal komme ut av pandemien med ein kulturell triologi: bok, kunstutstilling og eit show, seier ho.
– Akkurat når dette blir, det veit eg ikkje. I tillegg ventar det ein haug med familiebesøk, til ungane våre som har etablert seg i Oslo og Bergen, familien i Hafslo og søstera mi i Aurland. Og så er det eit utal bursdagars på etterslep som skal feirast. Eg ser også fram til turar på kafé, og feriar. Eg vil til Hellas! Og overalt elles. Det blir travelt etter pandemien, seier ho og ler.

 

Når ho ikkje kunne møte andre, møtte ho seg sjølv
– Driten med pandemien har vore å ikkje kunne vitje familie i Hafslo og Aurland. Det har vore seigt, og det store saknet. Spesielt å ikkje kunne vitje ungane som bur i Bergen og Oslo, seier ho og kjem til dei meir positive tinga det har ført til.

– Eigentlig har eg hatt det ganske bra. Eg har måtte øve på å vere litt åleine, og på å godta at det ikkje treng å skje noko heile tida. Mange trur eg er slik at det må skje ting heile tida. Det likar eg, men eg er ikkje slik heile tida. På eit vis har det vore litt godt å bli tvunge inn i andre måtar å tenke og leve på. Eg har mange store interesser, men pandemien har «tvunge» meg inn i andre ting enn det eg har drive med dei siste åra. Det har også ført til at eg har fått tid til å bli betre kjent med meg sjølv. Det har vore interessant!
– Har du blitt overraska i den prosessen?

– Eg har funne mykje som har overraska meg, men eg torer ikkje dele alt, seier ho og ler.

– Det mest overraskande er nok at eg, i større grad enn eg trudde, likar å vere for meg sjølv og putle på. For meg handlar det å slappe av meir om å gjere noko, enn å ligge på ein sofa. Det å ha ein dag for meg sjølv, der middagen er planlagt og eg kan skrive, måle, ta små pausar og styre på, det er optimalt for meg. Då slappar eg av, sjølv om folk nok ville blitt overraska over det, om det var eit kamera på veggen. Eg er ikkje så mykje nedpå i løpet av dagen, seier ho og ler.

Veggane heime hos Helena er dekka med eigenprodusert kunst.

Veggane heime hos Helena er dekka med eigenprodusert kunst.

– Eg har funne mykje som overraska meg, men eg torer ikkje dele alt



Ryddar du hus, ryddar du hovudet også
Å vere meir med seg sjølv, fører til mykje tenking.

– Det har vore mykje grubling og dårlig søvn, fordi ein har 10 000 tankar. I løpet av pandemien har eg gradvis stupt ned i alle hola ein har unngått å tenke over, eller arbeide seg gjennom, før. Det å skrive ei bok er terapeutisk, seier ho og presiserer.
– Det er ikkje difor eg skriv, men det blir jo slik. Å skrive set i gang tankeprosessen. Eg skriv boka fordi eg har vore gjennom ein del ting. Og veit at mange andre sit midt i dei tinga eg har vore gjennom. Å dele vonde erfaringar er til hjelp for andre.

All sjølvransakinga ho har drive med, gir seg også utslag i kastemani.

– Om det er rot i hovudet, ryddar eg hus og kastar ting. Då ryddar ein også hovudet. Det ryk mykje ut. Det har ført til at Geir er litt urolig, fordi han lurer på kva eg kjem til å kaste ut i neste runde, seier ho og ler.

 

Måla seg gjennom pandemien
Passande nok, sidan det var linja for teikning, form og farge på heimeyrkeskulen som lokka ho til Sunnfjord, fann ho tilbake til gamle kunstnar mot slutten av 2020.
– Eg har teikna og måla sidan eg var liten, og har alltid hatt det i meg. Så glei det gradvis til sides. Måling gir meg mykje av det same som å stå på ei scene, men lenge har eg ikkje hatt tid og overskot til det fordi eg har drive med alt anna, seier ho og deler årsaka til at ho tok det opp igjen.
– Eg fikk ei utfordring på melding via Instagram frå ei venninne i Oslo: Ho meinte eg måtte byrje med måling og lage utstilling. Konkurranseinstinktet mitt gjer det vanskeleg å seie nei til ei utfordring, men det var den der dørstokkmila. Eg mangla maling, og staffeliet mitt var utstabilt og gamalt. Geir har tidlegare sagt det same, så når eg nemnte utfordringa for han konkluderte han med at det var no berre å køyre ned og kjøpe det eg trengte. Så la han seg på sofaen for å sove middag. Når han vakna lurte han på kor lenge han hadde sove, for då sat eg og måla. Eg heiv meg rundt og handla. Det var rett før jul, og sidan den gang har eg laga rundt 30 bilete, seier ho og smiler.

– Eg har teikna og måla sidan eg var liten, så eg har alltid hatt det i meg

Den perfekte jobben
Helena har alltid søkt seg til jobbar der ho får vere med folk. I dag jobbar ho som miljøarbeidar, ein jobb ho beskriv som nær perfekt.

– Du puttar ikkje meg på eit kontor. Det er kulturkrasj og lite smart. Eg må jobbe med folk, seier ho og ler.
– No er eg miljøarbeidar på Prestebøen og vikar på Bregnetunet i Førde. Nyleg byrjar eg også å ta vakter på Sande, så eg vekslar mellom desse tre stadane, seier ho og fortel at det byrja ganske så tilfeldig.

– Eg såg ei utlysing for ei stilling som miljøarbeidar. Eg har tidligare tenkt at ein slik jobb hadde passa meg godt, men det enda med at eg gjorde alt anna i staden. Psykisk helse interesserer meg, og eg likar best å jobbe med folk. Då fann eg ut at dette må eg prøve. Og det var spot on, eg har ein fantastisk arbeidsplass. Sidan eg veit korleis det er å ha det både ilt og veldig bra, fysisk som psykisk, føler at eg har noko å bidra med. Jobben handlar ikkje berre om å snakke alvor, og eg har mykje energi å by på om det trengs.

Og blant dei finn ein både lokale, og mindre lokale, kjendisar

Og blant dei finn ein både lokale, og mindre lokale, kjendisar

– Du puttar ikkje meg på eit kontor!


Framleis sogning, etter eit halvt liv i Sunnfjord
Om du har lest deg ned hit, og tenker at Helena ikkje høres ut som ein typisk sunnfjording, som både må tenke seg om og gjerne ete litt først, så har det ei særs naturlig forklaring. Trass meir enn eit som trass meir enn eit halvt liv i Sunnfjord, er ho fullblods sogning.

– Fødd og oppvaksen i Hafslo, seier ho og ler. 
­– Korleis endar ein sogning opp med å tilbringar det meste av livet i Sunnfjord?

– Det kan du lese om i boka eg skriv. Og eg må beklage til sunnfjordingar, det handlar ikkje om at Sunnfjord var endelaust vakkert. Det var mest fordi livet var som det var då. Og at eg oppdaga linja teikning, form og fare på heimeyrkesskulen. Så då vart det grunnen min til å reise. Eg og dei to karane mine fikk etablert oss i ei lita bygd på Jølster, og hadde nokre år der eg kunne dyrke teikning og maling.

 

Ver deg sjølv, utan å såre andre
Kjernen til Helena handlar om å vere seg sjølv, utan at det skal gå på kost av andre.
– Det å vere seg sjølv, utan å såre andre på min veg, er viktig for meg. Livsmottoet er tatoverert på armen, frå eit dikt av Ole Johan Grønskag: «Fortida ligg framfor oss, på ein forunderlig måte. Ho er uendeleg stor og uendeleg vakker», seier ho og held fram.

– Vi har det ikkje så gale heller. Vi må gripe nået og leve. Og dei som har ein kjærast må kroklemme dei og ikkje sakne det som er utanfor døra akkurat no. Ein får heller prøve å bruke pandemien til noko positivt. Den tvingar oss til å få tid til andre ting enn det ein kanskje ville gjort. Og så må ein dra på smilebandet så ofte ein kan.

Du kan følgje Helena sitt kunstliv på Instagram: https://www.instagram.com/huldri

 
30 år i teneste for utelivet

30 år i teneste for utelivet

Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...

Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...