Kategorier


Arkiv

Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...

Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...

Men i staden vart Sivert N. Nesbø tilsett som ny akademileiar på Skrivekunstakademiet i Bergen. Dermed har forfattaren frå Førde sett si eiga skriving litt på vent, medan han går seg inn i si nye rolle.


Skrivekunstakademiet er ein uavhengig høgskule, finansiert av Vestland Fylkeskommune, som tilbyr ei eittårig utdanning innan skjønnlitteratur. Kvart år tilbyr dei 12 studentar ein moglegheit til å komme nærmare forfattardrømmen.

 

Forfattar, redaktør og lærar
I tillegg til å vere forfattar, har Sivert vore tidsskriftredaktør og manuskonsulent. Han er utdanna innan kultur- og samfunnsfag, og har jobba som lærar. Og han har sjølv gått på Skrivekunstakademiet i 2008.
– Eg debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2013, med romanen «Skårgangar». Sidan den gong har eg skrive ytterlegare fire bøker: «Som eit barn» (2015), «Sjøen om vinteren» (2018), biletboka «Hauk» (2019) og no sist «Varme og vatn» (2021). I tillegg har eg omsett William Faulkner sin roman «As I Lay Dying» for klassikarserien til Skald, og den kjem seinare i haust. Eg kjem frå Førde og reiser ofte dit, mellom anna for å vitje familien si hytte i Gaular. Eg skriv derfrå så ofte eg har høve til det, seier han.

 

Perfekt jobb-bakgrunn
Kombinasjonen av eige forfattarskap og akademileiarstillinga er ikkje uvanleg.

– Det er tradisjon for at akademileiar ved Skrivekunstakademiet er ein skjønnlitterær forfattar. Slik har det vore frå Rolf Sagen starta akademiet i 1985. Det handlar om ei forståing av korleis det skapande verkar, korleis ein kunstnarleg institusjon fungerer. Resten av staben er tilsett i mindre skrivelærarstillingar og har eigne aktive forfattarskap ved sidan av jobben på akademiet. Hovudkvalifikasjonane mine er knytt til forfattarskapen min og den formidlinga eg har gjort i samband med denne og andre emne. I tillegg har eg ein viss didaktisk og pedagogisk kompetanse sidan eg er utdanna og har jobba som lærar. Eg trur på at skrivinga har mange handverksmessige kvalitetar. Eg trur ikkje alle kan lære å verte forfattarar, men det finst mange element ved skrivinga og det skapande som det går an å ha ein samtale om, seier Sivert.

 
 
Nesb%C3%B8-Sivert-edit.jpg

– Eg trur på at skrivinga har mange handverksmessige kvalitetar

Skal kombinerer eige forfattarskap Skrivekunstakademiet
– Korleis blir det å kombinere denne jobben med eige forfattarskap?  

– Eg hadde nett byrja å skrive på eit romanmanus då eg bestemte meg for å søke på denne jobben, eit stort og omfattande manus, som mellom anna inneber å lære seg eit nytt språk, finsk, og å omsetje ein roman frå dette språket. Men så fekk eg jo denne stillinga. Førebels har skrivinga måtta stå på staden kvil, men eg kjenner det når eg går til jobb om morgonen, at eg har lyst til å skrive, seier han og fortel om jobben.
– Som akademileiar er eg ansvarleg for å legge til rette for at dei tilsette har det dei treng, og å sørge for at dei har ein god arbeidskvardag. Eg har ansvar for økonomi, personale, strategi, å søke løyvingar og uttale meg i ulike saker, men det er òg ein viktig del av jobben å vere ute og høyre på det som blir lest opp, lytte til samtalar, lese bøkene og forstå kva som rører seg.

 

 
 

Ein av dei mest ettertrakta forfattarskulane
– Kva var det som gjorde at du ønska denne jobben?
– Skrivekunstakademiet er ein viktig aktør på det litterære feltet, ikkje berre fordi vi er ein av dei mest ettertrakta forfattarskulane i Noreg og Skandinavia, men òg fordi vi driv utoverretta verksemd i Bergen og på ulike litteraturfestivalar og arrangement. I tillegg trekk vi jo skrivande menneske til Bergen, og mange av dei vert buande etter studiet og går inn i det litterære økosystemet i byen. Eg har eit stort hjarte for akademiet og har hatt det sidan eg sjølv gjekk der i 2008. Eg har eit ønske om å vere med på å utvikle institusjonen vidare og sjå kva vi kan få til, seier Sivert og held fram.
– Det er ei glede å sjå litteraturen få merksemd, at han vert anerkjend som den viktige storleiken han er. Sjå berre kor mykje merksemd debutboka til Karoline Brændjord vert til del: ho har fått ei fantastisk mottaking, Kritikarprisen og Vesaasprisen same året. Det har så vidt eg veit ikkje skjedd før. Dikta hennar rører mange og syner at litteraturen har faktisk, konkret tyding i liva til mange menneske. Den gode litteraturen kan gjere dette. I tillegg er det jo faktisk handfast språkarbeid vi held på med her på akademiet, vi er med på å halde språket og medvitet om språket framme.

– Det er ei glede å sjå litteraturen få merksemd

Krev forsaking
– Korleis blir ein eigentlig forfattar?

– Viss skrivinga er såpass viktig for ein at ein er villig til å forsake ting mange andre tek for gitt, og ein har eit visst talent og dessutan ein sterk vilje til å arbeide med å foredle talentet sitt, finst det vel ein sjanse for at ein kan verte forfattar. Litt over 40% av studentane som har gått på Skrivekunstakademiet har gjeve ut minst ei bok. Mange har berre éi bok i seg, andre greier å gjere skrivinga til ein måte å leve på og vert over tid dimed forfattarar. På eitt vis krev det vel òg ei særskilt evne til å ta ubehagelege val på vegner av eigen person og å leve med desse, slår han fast.

– Kva driv du med utanom arbeid?

– Når eg ikkje skriv eller er på jobb på akademiet, er eg heime eller på tur med familien. Steller i hagen og i huset. Som Olav H. Hauge skriv om kvardagen: setja potetor, raka lauv og bera ris, det er so mangt å tenkje på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til. Etter strævet kan du steikja flesk og lesa kinesiske vers, avsluttar han.

 
OBS: Høg fare for klemmar

OBS: Høg fare for klemmar

– Det berre palla på seg

– Det berre palla på seg