Kategorier


Arkiv

Yt etter evne, få etter behov

Yt etter evne, få etter behov

For 15 år sidan slo Olaug Nilssen gjennom med boka «Få meg på, for faen». Med romanane «Tung tids tale» og «Yt etter evne, få etter behov» tok førdianaren steget opp i «eliteserien» blant norske forfattarar.

Foto: Bernt Synnesvåg


«Tung tids tale», er ein braksuksess: Opplaget har passert 40 000, nominert til Bragepris og motteke samstemt hyllest frå kritikarane. Å treffe både lesarar og kritikarar er ikkje alle unnt – men det har ho gjort igjen med årets bok: «Yt etter evne, få etter behov». Nominasjon til Bragepris, Bokhandlarprisen, P2 Lyttaranes romanpris og Ungdommens kritikarpris er status så langt.

- Det følast nerdete å ikkje ha drive med anna enn litteratur
  

Ganske nerdete  
Livet til Olaug har handla om det skrivne ordet. Når ho blir bedt om å beskrive seg sjølv, er det i rekkefølgja: Mor, forfattar og dramatikar.  
– Eg er ganske nerdete og allsidig på litteratur, og har jobba i ulike roller på fagfeltet sidan 1998: Som bokmeldar, med formidling i Norsk Forfattarsentrum, romanar og laga teater for Den Nasjonale Scene, Norske Teater og Riksteateret. Eg har ei brei samansetning av erfaringar, men det følast nerdete å ikkje ha drive med anna enn litteratur, seier ho og ler.  

«Få meg på, for faen» 
Vi spolar 15 år tilbake, til «Få meg på, for faen». Ei bok som vart eit fenomen. Den braut tabu knytt til ungdom og seksualitet, og vart definerande for ein generasjon. Boka fødde eit teaterstykke i 2007, og ein film i 2011, som seinare vann «Amandaprisen». 

– Beskriv kjensla av å vere ein ung forfattar, som brått oppdagar at boka di har treft folk? 

– Eg var ikkje budd på det, og forstod nok ikkje at eg hadde treft noko med det same. Eg er utdanna innan litteraturvitskap og har gått Skrivekunstakademiet. Eg følte meg som ein smal forfattar, som skreiv for dei innvigde, utforska sjangrar og var eksperimentell. Det var identiteten min. Det var nytt for meg at så mange skulle lese boka mi, og at eg skulle få så mange reaksjonar. Mange syns den gikk for langt, og det syns eg ikkje var så lett. Det var vanskeleg å ta i mot negative tilbakemeldingar, fortel ho.  

Få meg på, for faen

Få meg på, for faen

 


- Hadde lyst å trekke meg frå dei drygaste skildringane av Alma og sex 

Ville trekke dei drygaste skildringane  
– Det var både og å slå gjennom slik. Men i ettertid er eg svært stolt av boka, og kan tenke: Eg var ung, og det der var ganske bra gjort. Den boka slo fast at no er eg forfattar, seier ho.  
– Og eg har innsett at det er sant som forlaget skreiv: Boka var med på å definere ein generasjon. Eg får enno førespurnadar frå ungdom som skriv særoppgåve, men ofte er det filmen dei jobbar med, som er ganske annleis. Då har eg ikkje så mykje å tilby dei, seier ho.  
– Når boka skulle bli teater, hadde eg lyst å trekke meg frå dei drygaste skildringane av Alma og sex. Eg ville la ho bli litt meir forsiktig, seier ho og ler.  

– Det fekk eg ikkje gjennomslag for. Boka hadde blitt større en meg. Eg forstod ikkje krafta i den. Og slik er det: Ein forfattar bestemmer ikkje kva gjennomslagskraft ein roman har.  

 - Den er sjølvbiografisk, og beskriv svært tøffe år

«Tung tids tale» 
Frå 1998 til 2013 har Olaug ni utgjevingar. Så vart det stille i tre år, før «Tung tids tale» førte Olaug tilbake til rampelyset i 2017. Boka handlar om ein gut, som mistar språket og endrar personlegdom. For mora byrjar ein kamp, for å forstå kva som skjer med guten, og for å gi han den omsorga og oppfølginga han treng. Familien er i ein særs utfordrande livssituasjon, og må gjennom lange, utmattande prosessar for å gå hjelp. Det er ei sterk historie om å vere foreldre til eit autistisk barn, og kampen for at barnet skal bli sett som den han er, og få den støtta både han og familien treng.  

– Der ligg svaret på kvifor eg ikkje gav ut noko dei åra. Boka er sjølvbiografisk og beskriv svært tøffe år, der eg ikkje hadde høve til å skrive. Eg hadde ei 50 prosent stilling, og det var tøft nok. Både økonomisk, og fordi det var ein vanskeleg situasjon å stå i. Eg var sjukemeld fleire gangar. Boka var min måte å takle denne tunge tida på, seier ho.   

Tung tids tale

Tung tids tale

 
 

Brageprisvinnar  
Boka vart mildt sagt teken godt i mot. Olaug vann Brageprisen for beste roman.  
– Det var stort. Eg skreiv ein tale, i tilfelle eg skulle vinne. I den sa eg at eg var takksam for talarstolen sigeren gav. Både i høve dei i salen eg talte til, og i vidare forstand. Brageprisen gav boka større kraft og tyding. Det var eit sterkt augneblikk. Foreldra mine var i salen, og det var flott for dei å få vere med og oppleve den markeringa av mitt forfattarskap, seier ho.  

– Endra prisen livet ditt og karrieren? 
– Det hevar forfattarskapet opp eit nivå. Og når karrieren endrar seg, endrar livet seg. Brageprisen styrkar min posisjon. Den gir sterkare sjølvtillit og meir fridom. Det opnar dører, du slepp meir til og media blir meir interessert. Det gir fordelar, som eg vil nytte meg av, til noko bra håpar eg.  

- «Tung tids tale» var utruleg viktig for meg 


Byrja å selje bodskapen 
 
– Kva er det som gjer at du har treft så godt med dine siste bøker?    
– Det er ikkje godt å vite, men «Tung tids tale», var utruleg viktig for meg. Som forfattar er ein oppteken av å la lesaren sjølv definere kva det er ein les, utan å legge sterke føringar.  Med denne boka køyrte eg på. Det har nok noko å seie for interessa for boka. Eg var enormt oppteken av at bodskapen skulle nå ut. Før var eg forsiktig med å sjølv marknadsføre bøkene mine. Med «Få meg på, for faen» hadde eg ikkje kunnskapen og motet til det. Med «Tung tids tale» gikk eg «all in» sjølv for å spreie boka så vidt som råd. Det var så viktig for meg at den skulle bli lest, så eg brukte alle triks eg kunne, stilte opp på alt eg vart invitert til og snakka tydeleg og direkte om boka, kva den handla om og kva politiske saker som er viktig for meg. Det trur eg har hatt noko å seie, seier ho.  


Ei drivkraft i endring  
Dei to siste romanane hennar har ei tydeleg drivkraft i seg.  
– Eg forstår meg sjølv på nytt for kvar bok. Det har noko å seie for korleis bøkene blir. Ein fornyar seg, og drivkrafta endrar seg med livet. Og den kjem nok til å endre seg igjen. I «Tung tids tale» var drivkrafta at eg ville at folk skal vite korleis det er å leve med eit utviklingshemma barn. Hjelpa er for dårleg i mange kommunar, det går ikkje ann at det skal vere slik. Å få sagt noko om å leve slik, som ikkje var kjent i offentlegheita, dreiv boka fram.  

Det var også tusen ting til eg ønska å skrive, men mykje av det måtte vekk, for at det skulle få plass i ei lettlest bok med struktur. «Yt etter evne, få etter behov» er tematisk i same slekt, men drivkraft var ei anna. Boka er ikkje sjølvbiografisk, det gav ein anna fridom, som var herlig der og då. Eg kunne dikte, tulle og vere meir laus i forma.  


- Eg kunne eg skrive om «det same» ein gang til, utan å føle meg feig 


«Yt etter evne, få etter behov» 
Som nemnd er «Yt etter evne, få etter behov» tematisk i slekt med «Tung tids tale».  
– Den handlar om tre søstrer, foreldra deira og den psykisk utviklingshema guten Benjamin. Perspektivet vekslar mellom fire ulike stemmer, som bygger ut historia i ulike retningar og oppfatningar. Den eine søstera, Lea, er mor til Benjamin, men gir opp omsorga. Søstera Rakel tek over. Den tredje søstera, Linda, og mor deira, Gudrun, meiner Lea burde klare seg sjølv, og at Rakel slit seg ut. Tematikken ligg i spennet mellom plikt og fridom, seier Olaug.  

– Med «Tung tids tale» tok eg veldig stor risiko. Spenninga og fallhøgda var større, og alt betydde mykje meir den gang. Eg var redd for sanksjonar som konsekvens å fortelje dette. Den boka skapte det rommet eg har no. Då blir kjensla av å gi ut den nye boka annleis. Eg snakkar til nokon som alt veit kva eg snakkar om. Det følte eg ikkje då eg skreiv «Tung tids tale». «Yt etter evne, få etter behov» er ein roman med meir humor, men litt av den same tematikken som den førre. Dette er så viktig for meg, så eg kunne eg skrive om «det same» ein gang til, utan å føle meg feig.  

 
Yt etter evne, få etter behov

Yt etter evne, få etter behov

 

- Det er veldig kjekt å bli nominert til prisar!  


Kritikarsuksess, igjen  
– Du samlar nominasjonar for «Yt etter evne, få etter behov» også. Korleis følast det? 
– Det var utruleg å vinne Brageprisen. Det gleda meg veldig. Det er veldig kjekt å bli nominert igjen, men ikkje heilt på same nivå. Ein blir kanskje litt meir blasert av å vinne? Det heng også saman med kor viktig «Tung tids tale» var for meg. Men, det er veldig kjekt å bli nominert til prisar!  

– Kva tenker du om vegen vidare etter to så suksessfulle bøker på rad?  
– No kan eg berre vakse inn i himmelen, seier ho og ler. – Eg skal ikkje lyge og seie eg ikkje tenker litt på det. For det gjer ein. Det gir fridom til å kanskje gi ut noko litt mindre ambisiøst. Det var mange tema i «Tung tids tale» eg ikkje kunne ta med, eller ikkje fikk hol på. Eg har lyst å halde fram med liknande tematikk, kanskje noko rundt nåde? Og eg har lyst å skrive ei barnebok. Eg har to idear der som eg syns er gode. Småsøskena til Daniel, som eg skriv om i «Tung tids tale», er litt fornærma over at eg skriv om han, og ikkje dei, så eg må kanskje vente til dei blir så store at dei ikkje bryr seg om det lenger, seier ho og smiler.  

– Eg har også lyst å skrive meir til aviser. Eg skriv kommentarar for Bergens Tidende og Klassekampen. Det held skrivinga varm, i ei litt anna form. Det set eg pris på. 

 


Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige

Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige

Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL

Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL