Kategorier


Arkiv

Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL

Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL

Til vanleg handlar livet til Håvard Hallerud om å ta seg raskast mogleg rundt ei bane. No for tida har køyringa hans fått ei djupare meining. Han køyrer nemleg mat for SMIL-Fond Sunnfjord og Omegn, til dei som treng det mest.  


SMIL Sunnfjord er ein frivillig organisasjon, som deler ut mat til dei som treng det mest. Frå basen på Moskog, hentar dei overskotsmat frå Matsentralen i Bergen, og frå sine samarbeidspartar Rema 1000 på Øyrane, Signes Raspeball og Naustdal Dampbakeri.

– Dei er med på å gjere dette mogleg, men vi treng all hjelp vi kan få. Vi køyrer ut matkassar til stadig fleire, men det er enno fleire som treng hjelp, seier leiar i SMIL-Fond Sunnfjord og Omegn Terje Helgheim.

Vi køyrer ut matkassar til stadig fleire, men det er enno fleire som treng hjelp, seier leiar i SMIL-Fond Sunnfjord og Omegn Terje Helgheim. Her saman med Håvard. Foto: Rein Design.

Vi køyrer ut matkassar til stadig fleire, men det er enno fleire som treng hjelp, seier leiar i SMIL-Fond Sunnfjord og Omegn Terje Helgheim. Her saman med Håvard. Foto: Rein Design.

– Uansett kva grunnen er, bør ingen svelte i Norge



Meir enn 200 fattige barn
Det er lett å gløyme at ikkje alle lev i overflod, det er tvert imot mange som slit. Spesielt i jula får mange ei ekstra tung tid grunna økonomi. I Sunnfjord kommune er det meir enn 200 barn som lev under fattigdomsgrensa. Dette er barn i familiar med årleg inntekt under 216 000 kroner, det Noreg definerer som lågaste inntekt for å kunne leve normalt.

– I tillegg kjem minstepensjonistar, med trygd på 174 000 kroner, rusavhengige, speleavhengige, folk med sjukdom, permitterte, nokre som har opplevd samlivsbrot og så vidare. I koronatider blir problema til dei som alt slit forsterka. Det er mange grunnar til at familiar og einslige slit med å fylle kjøleskapet. Uansett kva grunnen er, bør ingen svelte i Norge. SMIL-Fond er ikkje meint å vere eit «i staden for», men eit tillegg til kva det offentlige kan bidra med. Difor starta vi denne frivillige organisasjonen, som deler ut mat til dei som treng den mest. Det er bra, både for å reduserer matsvinn, for miljøet og for dei som slit med å fylle kjøleskapet, seier Terje.

Ei matkasse frå SMIL-Fond, klar til utkøyring.

Ei matkasse frå SMIL-Fond, klar til utkøyring.


 -
Som idrettsutøvar har eg eit ekstra ansvar for å gi litt tilbake til samfunnet eg lev i

Frå Formel 4 til matkassar
Måndag er den faste pakkedagen, med utkøyring av matkassar til familiane som treng dei. Ein av dei som har engasjert seg er Formel 4-føraren Håvard Hallerud. Livet hans handlar ofte om å suse rundt på asfalten i rundt 200 km/t. Fullt så raskt går det ikkje når det er matutkøyring.  

– Eg valte å gjere dette fordi eg ser at eg som idrettsutøvar kan gi merksemd til ein liten lokal organisasjon, som består av frivillige, der midlar som kjem inn berre går til å dekke kostnader med transport av mat og lagerkostnader. Her er det ikkje administrative kostnader og tilsette konsulentar. Eg kan delta sjølv og kan styre kor mykje tid eg brukar opp mot studiar og idrettsaktiviteten min. Det viktigaste er at eg kan være med å gjere litt for å hjelpe fine folk som av ulike årsaker sliter. Eg meiner også at eg som idrettsutøvar har eit ekstra ansvar for å gi litt tilbake til samfunnet eg lev i, seier Håvard og fortel kva dette gir han.

– Eg får lov til å vere med på å gjere ein forskjell for nokre som kanskje ikkje har det så bra i disse tider. Som idrettsutøvar og student er det lett å leve i «ein boble» der alt dreier seg om din egen aktivitet. Å engasjere seg litt i andre menneske sitt liv hjelp meg kanskje til å løfte blikket ut av egen situasjon. Kanskje gir det ein «reality check» som kan hjelpe meg å takle medgang og motgang i egen idrett?

Til vanleg handlar livet til Håvard Hallerud om å ta seg raskast mogleg rundt ei bane.

Til vanleg handlar livet til Håvard Hallerud om å ta seg raskast mogleg rundt ei bane.

Du kan gi ei gåve som gir verkeleg meining
– Korleis kan folk vere med og bidra?

– Vi treng alle gode krefter som vil dra lasset samen med oss. Alle beløp er velkommen, saman med andre typar bidrag. Til dømes deling av bodskapen, det blir vi svært takksame for. Ein kommune kan aldri bli sterkare enn sitt svakaste ledd. Det handlar om solidaritet, inkludering og likeverd, om å ta vare på dei som slit mest og ikkje har råd til mat. Alle som tek kontakt med oss blir behandla med diskresjon. Vi har tausheitsplikt, så det er heilt trygt å ta kontakt. Ingen skal måtte gå svolten i frykt for at det skal komme ut, seier leiar i SMIL-Fond. 

- Det handlar om solidaritet, inkludering og likeverd, om å ta vare på dei som slit mest og ikkje har råd til mat.

- Det handlar om solidaritet, inkludering og likeverd, om å ta vare på dei som slit mest og ikkje har råd til mat.

Korleis kan ein gi eit bidrag?
– Du kan bidra ved å gi pengar, eller ved å kjøpe lys av oss. Matbutikkar og matprodusentar som ønskjer å samarbeide kan også ta kontakt, seier Helgheim.


Slik gjev du pengar til SMIL-Fond:

  • SPLEIS

  • VIPPS til 621169

  • Kontonummer: 3705.43.80586

  • Grasrotandel: Org.nr. 925505609



Yt etter evne, få etter behov

Yt etter evne, få etter behov

Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn

Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn