Kategorier


Arkiv

Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn

Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn

Foto: Øystein Klakegg

Gørill Stigedal vaks opp i Førde, men enda i Skåne i Sverige. Der bygger ho drøymehuset sitt – som blir å sjå i STV «Husdrömmar». Men reisa byrja eigentlig med ein tur til familiehytta på Dønna i Nordland.


Denne historia byr på det meste. Tilfeldige val, ei karriere som formar seg og kjærleik. Dette blir litt forvirrande for lesaren, så vi tek det først: Gørill vaks opp i Førde, men flytta til Bergen. Og der hadde ho kanskje vore enno, om det ikkje var for eit tilfeldig møte med ein halvt svensk kar – på Dønna i Nordland.

Ferienaboar i over 40 år – før dei møttes
– Mor mi kjem frå Skaga, ei lita bygd på øya Dønna utanfor Sandnessjøen. Familien har ei hytte der, som vi har vitja kvar sommar i over 40 år. Sommaren 2009 reiste eg dit, og ein dag  sat det ein kar på terrassen, saman med pappa og familien min: Björn Fritzell. Far hans var frå Sverige, medan mora kjem frå Sandnessjøen. Dei hadde feriehus 500 meter frå oss, og hadde også vore der i 40 år. Vi har gått på dei same strendene, lokalbutikken og bygdehuset heile livet utan å møtast, seier ho og ler.
– Etter at vi vart kjent, har eg sett bilete frå dugnadar på bygdehuset: Der står han saman med far min og tantene mine. Familiane våre har kjent kvarandre i årevis. Feriehuset deira heiter Svenskehuset, og alle kjente dei, men vi møttes først den sommaren.

Og der har du kimen til korleis ein grafisk designar frå Førde enda med å bygge hus på svensk fjernsyn i Skåne. Men først vart det mange år i Bergen, saman med sin nye kjæraste.

– Vi har gått på dei same strendene, lokalbutikken og bygdehuset heile livet utan å møtast

Björn og Gørill under innspeling av “Husdrömmar”. Foto: Privat

Björn og Gørill under innspeling av “Husdrömmar”. Foto: Privat

Jag trivs bäst i öppna landskap
– Kva er det med Skåne som gjer at akkurat her vil du bygge drøymehuset?

– Björn kjem opphavleg frå Småland, men familien hans har hatt ei «sommerstuga» i Sandskogen utanfor Ystad og har derfor nær tilknyting til Skåne. Alt første gang Björn viste meg Ystad var eg “seld”. Det opne landskapet, dei kvite, milelange sandstrendene, det varme klimaet og den unike matkulturen dei har her. Det er så vakkert, eit heilt anna landskap enn Vestlandet. I tillegg bur vi veldig sentralt: Det er berre ein halvtime til Malmø og København, seier ho.

“Jag trivs bäst i öppna landskap, nära havet vill jag bo,
några månader om året, så att själen kan få ro.
Jag trivs bäst i öppna landskap, där vindarna får fart.
Där lärkorna slår högt i skyn, och sjunger underbart.”
- Ulf Lundell


Vakkert og eksotisk
Det var ikkje berre landskapet som var forlokkande. Byggeskikken i Skåne snakka også til ho.

– Huset er særs inspirert av Skåne, og mest av fjøsbygningane ein finn der

– Eg vart fasinert av «skånelängene». Den tradisjonelle hustypen i Skåne. Dei er veldig spesielle, og prega av at Skåne låg under Danmark før. Kombinasjonen av dette og landskapet var vakkert og eksotisk for meg. Eg byrja å teikne skisser på ei “skånelänga” når eg såg at vi skulle flytte frå Askøy. Då Björn fikk jobb i Sverige, byrja teikninga for alvor. Og sidan har det vore x-antal revideringar, seier ho og ler.

– Huset vårt er særs inspirert av Skåne, og mest av fjøsbygningane ein finn der. Dei er veldig lange og smale, og svært karakteristiske, med torv- eller tegltak og pussa mur. Det store rommet i midten på slike fjøsbygg er den store inspirasjonen for huset.

Huset under bygging. Arkitekturen er inspirert av «skånelängene», den tradisjonelle hustypen i Skåne. Foto: Privat

Huset under bygging. Arkitekturen er inspirert av «skånelängene», den tradisjonelle hustypen i Skåne. Foto: Privat


– Björn er halvt norsk, men meir norsk og vestlending enn meg

Flyttar inn 17.mai
I juli 2019 byrja dei å bygge.
– Grunnentreprenøren hadde tid då, så då kasta vi oss i gang. Og sidan har det vore veldig god framdrift. Etter planen skal vi flytte inn 17.mai 2021, seier ho.

– Er det ein tilfeldig valt dato?
– Nei, det er ikkje det, men det er mannen min som valte den. Björn er halvt norsk, men meir norsk og vestlending enn meg, ler ho, så det var ein naturlig dato. No ligg vi langt framfor skjema på bygginga, men det er datoen vi siktar mot. Vi har ei dotter som er ferdig med vidaregåande til våren, så vi håpar å feire hennar overgang til studentlivet der. Eg fylte 50 år i sommar, men den feiringa vart det ikkje noko av. Så håpet er å kunne ta den igjen til sommaren, i nytt hus, seier ho.

– Du saknar ikkje dei vestlandske fjell i blant?
– Eg saknar mest mamma og familien min. Ikkje fjella så mykje.

Søkte om å bli med i STVs «Husdrömmar»
Når du først endeleg skal bygge drøymehuset ditt, kvifor ikkje gjere det på fjernsyn?

– Eg er ekstremt oppteken av hus, arkitektur, interiør og design. Det har blant anna ført til at eg har sett alle episodar av alle sesongar av STVs realityprogram: «Husdrömmar». Det er eit inspirerande program, og det er kjekt å følgje med på andre sine husdrømmar, kva utfordringar dei møter og løysingar dei finn. Difor bestemte eg meg for å sende inn søknad om å bli med der. Og så vart det slik, seier ho og ler.

 
 -
Veldig skummelt, og til tider særs utleverande


Møtte helten sin
– Korleis er den erfaringa med å vere med på reality-tv så langt?

– I starten veldig gøy. Eg fikk treffe Anne Lundberg og og Gert Wingårdh. Dei er kjekke på fjernsyn, og enno meir så i verkelegheita. Gert er ein av Sveriges fremste arkitektar, og ein person eg ser veldig opp til. At han såg på teikningane mine var ei fantastisk oppleving. Ikkje minst det å få innspel frå ein så dyktig arkitekt, seier og fortel at det også er litt skummelt.

– Og til tider utleverande. Programmet handlar både om huset og oss. SVT leitar etter den unike historia, og vi har ikkje kontroll på alt sjølv. Det er skummelt. Vi deler og private ting. Då vi bygde vårt første hus på Askøy skulle pappa hjelpe. Diverre ramla han ned frå eit stillas, og døydde. Det var ei trist, tøff oppleving for heile familien, som ikkje er så lett å opne opp om. Det er veldig privat, så det er «både og» når ein vel å delta i eit slikt program.

F.v Björn, Gørill og Gert Wingårdh Foto: Privat

F.v Björn, Gørill og Gert Wingårdh Foto: Privat


– Skapartrongen min kjem frå pappa

Dotter av ein byggmeister
Interessa for design, interiør og arkitektur ligg sterkt i Gørill.

– Interessa for å teikne, bygge og pusse opp kjem frå pappa. Han var byggmeister og eit prosjektmenneske. Han hadde alltid eit kvart på gang. Mamma var opptatt av interiør og hadde idear, medan pappa var den utførande parten, seier Gørill og ler.

– Det var ikkje alltid eg var like glad for det. I oppveksten visste vi at når vi skulle på hytta i Hyllestad, så venta det mykje arbeid. Det var ikkje alltid så kjekt at helger og ferier gikk vekk i ulike prosjekt. Det vart mykje bygging etterkvart, seier ho.
– Samtidig prega det oss søskena positivt. Vi lærte oss å ta i eit tak, og fikk kunnskap om bygging, forskaling og støyping.  Når vi hadde utplassering på ungdomsskulen, var eg med pappa på jobb. Det var utruleg kjekt. Vi laga smoltkar til eit fiskeoppdrett, og eg var forskalingssnikkar. Det var lærerikt, og skapartrongen min kjem frå han, seier ho.

– Pappa hadde arkitektbord heime, som eg tidlig byrja å teikne på. Han lærte meg å teikne på millimeterpapir i målestokk og korleis eg skulle teikne inn isolasjon, luftsperre, skorstein, berebjelkar og alt som må komme fram i ein husteikning. Sidan har eg teikna små og store prosjekt for familie, vener og meg sjølv. Når mamma og pappa skulle bygge på hytta på Dønna, teikna eg ny garasje med loft, som kommunen fekk til godkjenning, seier ho.


– På Dønna kunne eg sitte i timevis og studere alle husa eg såg, og korleis byggeskikken endra seg. Då vi kom fram, fann eg papir og blyant og teikna hus med nye detaljar på vindaugekarmar, retning på kledning og ulike takutstikk. Det vart aldri arkitekt av meg, men eg har fått utfalde meg på små og store prosjekt, frå hytter til garasjar, tilbygg og ulike oppussingsprosjekt. Og no held det første huset eg har teikna frå scratch på å reise seg på Klagstorp, 40 minutt utanfor Malmø. Det er skummelt, på ein god måte.



– Sidan tok eg livets skule, den beste utdanninga


Frå A til Å – til Magiska design
Gørill byrja utdanning på Førde gymnas, før ho studerte eit år ved ein high school i USA, og til slutt vidaregåande på Arna Gymnas.
– Så tok eg teikning form og farge og design og visuell kommunikasjon på Garnes vidaregåande skule. Det fantes ikkje noko klart utdanningsløp vidare innan grafisk design den gong, så sidan tok eg livets skule, den beste utdanninga, seier ho med eit smil.

I løpet av praksistida på Garnes sikra ho seg sin første jobb, som grafisk designar på hustrykkeriet til avisa Firda, og marknadskonsulent for Sentrum Sør.
– Eg jobba der i eit år der, før eg starta for meg sjølv med GS Grafisk i 1995. Eg inngjekk eit uformelt samarbeid med selskapet A til Å i Florø, som seinare vart formalisert til at eg dreiv avdeling for dei i Førde. I 1997 flytta eg til Bergen eit år, før eg vart lokka tilbake til Førde. Eko Trykk ville satse meir på design, og tilsette meg. Det vart den tida eg lærte mest om produksjon. Det var ein god skule, som gav eit unikt innblikk i trykkeriverda. Det var ein styrke å ha med seg. Eg såg moglegheiter og avgrensingar innan det trykketekniske. Det er mange flinke designarar som må rykke eit steg tilbake når dei skal lage trykkefiler, fordi dei har tenkt meir på design enn på format. Det var ei veldig god tid.


Magiska Design
Seinare førte karrieren ho innom fleire større reklamebyrå i Bergen, før ho starta sitt eige selskap i 2015.

– Eg starta Magiska i 2012 på Askøy. Når eg flytta til Sverige starta eg eige AB (tilsvarande AS). Skatteverket kravde eit meir spesifikt namn, så då vart det Magiska Design Sverige AB, men eg kallar det Magiska i daglegtale, seier ho og fortel kva ho jobbar med.

– Stort sett med identitet og merkevarebygging. Anten det er utvikling av ei ny merkevare, eller reposisjonering av ei eksisterande. Og pakningsdesign for daglegvarebransjen. Per no er 90 prosent av kundane norske, men det siste halvåret har eg fått stadig fleire svenske kundar. Eg er så heldig å ha mange og lange relasjonar frå Norge som følgjer meg vidare. Det er eg særs takksam for. Det er kjekt å jobbe med dei. Eg har også eit særs godt samarbeid med trykkeriet Molvik i Bergen, som har vart i over 20 år.

Når huset er ferdig, skal det «avdukast» på SVT. Men akkurat når, veit ho ikkje. Opphavleg skulle det sendast i 2022, men TV-produsenten trykker på. Sidan huset blir ferdig tidligare enn planlagt, kan det vere vi ser Gørill og hennar nye hus i Skåne kringkasta allereie i 2021.

Foto: Privat

Foto: Privat

Skjermdump, skaanehus.com

Skjermdump, skaanehus.com

Gørill bloggar heile vegen frå husdraum til ferdig hus. Du kan følgje prosjektet på nettsida hennar og på Instagram.

 
 
 
Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL

Deler ut mat til dei som treng det mest – med eit SMIL

Årets julegåve: Boka «Åpen, Ærleg og Rusfri»

Årets julegåve: Boka «Åpen, Ærleg og Rusfri»