Kategorier


Arkiv

– Det berre palla på seg

– Det berre palla på seg

Sissel Bruland Gurvin vaks opp blant pallar og industriarbeidarar, men ho hadde ikkje tenkt å ta over familiebedrifta Bruland Pallefabrikk. Men så palla det på seg.


Sissel er fjerde generasjon Bruland som driv familiebedrifta.

– Eg er utdanna legesekretær, og har også utdanning innan økonomi og administrasjon frå høgskulen i Sogndal. Før eg hamna her eg er no jobba eg blant anna på sjukehuset, på rekneskapskontor, arkitektkontor og som tilkallingsvikar på psykiatrisk klinikk. Eg likar godt å jobbe med folk, i passe dosar, smiler ho.

– Kva fikk deg til å bli fjerde generasjon i familiebedrifta då?

– Eg har jobba her jamt heile livet, men det var ikkje planen å ta over, seier ho og fortel korleis det likevel vart slik.

– Når eg fikk mitt tredje barn, tok eg litt lenger permisjon, kombinert med å hjelpe pappa litt på pallefabrikken. Og så vart eg meir og meir dregen inn. I 2007 var det brått slik det var blitt, seier ho og ler.

 

Hektisk år
Det har vore hektiske på Bruland siste året. Bruland Pallefabrikk har blitt til Bruland Trevareindustri. Dei har investert i maskiner som opnar nye forretningsområder.

– Namnet Bruland Pallefabrikk fortalte ikkje kva vi driv med no. Vi levere eit breitt spekter av ulike produkt av tre, så Bruland Trevareindustri beskriv betre kva vi driv med: Vi leverer eit breiare spekter av ulike produkt av tre enn før: Spesialprodukt, trematerial, konstruksjonskassar, pallar, fiskekassar, utskorne strø, strø, osv. Vi investerte også i ei precut-maskin, for å opne nye marknadar, så eg ville ha eit namn som fortalte dette, seier Sissel.

 

– Namnet Bruland Pallefabrikk fortalte ikkje kva vi driv med no

Øystein Hope er dagleg leiar i Byggmakker Bruland, og Sissel er dagleg leiar for Bruland Trevareindustri. Dei trekk fram samspelt mellom dei to bedriftene som ein styrke for begge.

Øystein Hope er dagleg leiar i Byggmakker Bruland, og Sissel er dagleg leiar for Bruland Trevareindustri. Dei trekk fram samspelt mellom dei to bedriftene som ein styrke for begge.

Bruland vart Norges beste Byggmakker
Den andre bedrifta til Sissel er Byggmakker Bruland. Som eit resultat av knallhardt arbeid over tid, kunne dei i mars smykke seg med tittelen Norges beste Byggmakker-butikk.
– Det var ei kjekk melding, fordi det ligg målbevist og godt arbeid bak, over mange år. Ei slik intern anerkjenning frå kjeda er det synlege beviset på at vi har gjort ein god jobb, og blir sett for det, seier dagleg leiar i Byggmakker Bruland Øystein Hope, som også er medeigar i butikken.

– Det ligg ein del kriterium bak: blant anna vekst på omsetning, resultat, kjedelojalitet, kundetilfredssleik osv. Og alt må vere på plass, for å nå opp. Det viktigaste med kåringa er at den fortel oss at vi jobbar med dei rette tinga. Vi kan halde fram på kursen vi har, og bli enno råare til å vere god på det vi er gode på, smiler han.
– Vi skal vere gode på service, og ha nøgde kundar. Vi vann også kundetilfredsleikprisen til kjeda i 2018. Slike prisar er ein motivasjon i det arbeidet, skyt Sissel inn.
– Kva er filosofien de jobbar etter?

– Den er enkel: Alt vi driv med er basert på sal, det er fundamentet vårt. Vi er nøydd til å ha kundar, som må vere nøgde med oss, dei rette varene og rett pris. Om du har det på plass, byrjar verdas beste marknadsføringskanal å gå av seg sjølv: Kundar som anbefaler oss til andre. Og vi er veldig bevisst på at vi veit kven som betaler løna vår: Kunden, seier han.

 

Pallar i fire generasjonar
Det var bestefaren til Sissel som starta Bruland Pallefabrikk i 1951.
– Då hadde far hans alt starta landhandel og sildetønnefabrikk, i 1931. Det gjer meg til fjerde generasjon drivar. Den gang hadde vi også sagbruk og høvleri her. I tida vi er inne i no, med høge prisar og mangel på trelast i Norge, skulle eg ønske vi framleis hadde det. Marknaden er veldig urolig for tida, seier ho.
– Fram til 1995 vart butikken og pallefabrikken drive som eit selskap. Så vart vi medlem i Byggmakker-kjeda, og skilte det i to selskap. Byggmakker sentralt hadde aksjemajoriteten nokon år, men eg valte hausten 2014 å ta tilbake lokalt eigarskap. Desse austlendingane veit ikkje heilt korleis det er å drive butikk her hos oss, seier ho med glimt i auget.
– Korleis har du sett ditt preg på familiebedrifta?

– Det må vere på dette med å tenke nytt og satse for framtida. Difor satsa vi nytt stort lagerbygg og «drive in», for å gjere det enklare for proffkundar, og kunne ha meir varer under tak og større volum. Det nye lagerbygget gjer det enklare for kundane våre, og gir ein meir effektiv jobbsituasjon for dei tilsette. Eg er også oppteken av kompetanseheving internt, og fokus på kundeservice, seier ho og held fram.
– Pallar er ikkje det store nytekingsområdet, men vi har prøvd å skape nye marknadar og har satsa på utvikling. For ein pall er ikkje berre ein pall. Det finnast mange hundre ulike typar, så mykje av dette handlar om skreddarsaum, ikkje om volum på enkeltpall.


– Desse austlendingane veit ikkje heilt korleis det er å drive butikk her hos oss


Ein ekte brulending – som eigentlig skulle vore ein gut
Sissel er ein ekte brulending. Sjølv om ho svikta eit par år.  
– Eg vaks opp på Bruland, og eg skulle eigentlig vore ein gut. Det var i alle fall det pappa ønska, og oppdrog meg som, seier ho og ler.
– Eg prøvde å flytte utanfor Bruland. Vi bygde hus i Kusslida. Men eg vart mobba for å bu utanfor 60-sona, så eg flytta heim etter to år. Eg er og blir ein ekte brulending, seier ho og ler.
– Eg var omgitt av industriarbeidarar, og dei fleste venene mine var gutar. Og det var heilt topp. Eg skulle ønske at mine barn hadde ein «Brulandsgjeng». Det var ingen som kødda med oss, seier ho og ler.
– Dei fleste kompisane mine jobba deltid på fabrikken, så eg fikk lov til mykje fordi dei var med. I dei dagar var festane på Breim harde å holde seg unna, men eg hadde ikkje lov å reise. Når eg så gjorde det enda det med at nesten heile «Brulandsgjengen», minus meg, vart slått ned og hamna på sjukehus. Eg vart innkalla som vitne, og sidan eg ikkje var gammal nok fikk mamma nyss i dette. Ho for ned på fabrikken, og spurte karane om eg hadde vore med, og fikk til svar at det hadde eg ikkje, seier ho og ler.
– Vi støtta kvarandre i tjukt og tynt. Det var ei herleg oppvekst, som har farga meg, seier ho og gjev eit døme.

– Eg vaks meir eller mindre opp på fabrikken, så eg køyrte traktor, truck og lastebil lenge før eg hadde lov. Så det var ikkje noko problem å ta lappen. Ikkje hengarlappen heller. Pappa sat traktoren med hengar oppe på området her, og sa eg ikkje fikk lov å komme heim før eg hadde rygga hengaren på plass. Det var langt og krunglete. Det vart litt stygge ord, men det gikk. Og det har komme godt til nytte seinare, for eg har køyrt mykje hestehengar.

– Eg skulle eigentlig vore gut. Det var i alle fall det pappa ønska

Måtte trø til
Det var ikkje alltid like kjekt å ha ei familiebedrift.

– Det var ofte vi måtte spikre pallar, medan andre hadde det kjekt. Vi måtte trø til når det var behov for det. 
– Og slik er det enno. Ungane mine brukte å klage dei også når dei var små: «Kvifor må vi jobbe», seier ho og smiler, og fortel

– Før hadde vi eit lite gardsbruk. Bestefar brukte matpausen sin til å gå og mate dyra. Og der er eg også, seier ho med eit smil.
– Tre og dyr har prega og kjem til å prege livet mitt. Eg er hos hestane i matpausen, for å sleppe dei ut og gi dei middag. Så slik sett er det som det alltid har vore her: trelast, dyr og masse folk i jobb. Når ein har ei bedrift er det alltid eit kvart som må gjerast. Heldigvis har eg ein tålmodig familie som heng med på alt eg finn på, og stiller opp når eg treng hjelp. Og eg gifta meg med ein tålmodig handverkar. Eg kunne ikkje vore med ein treneve, ler ho.
– Men det kan ikkje ha vore lett for han å komme inn i familien gal.

Fjordhest har og vore sentralt på Bruland, både for Sissel og for bestefaren. – Fjordhest er ein stor del av meg, seier Sissel. – Gurven er min første eigen-oppdretta fjordhesthingst. Han skal på utvida kåring i mai, på Eid. Det er noko eg…

Fjordhest har og vore sentralt på Bruland, både for Sissel og for bestefaren.
– Fjordhest er ein stor del av meg, seier Sissel. – Gurven er min første eigen-oppdretta fjordhesthingst. Han skal på utvida kåring i mai, på Eid. Det er noko eg skulle ønske bestefar min kunne fått med seg. Eg trur han følgjer med der oppe frå, og er stolt, seier ho.

Hest er best!
Om Sissel vart oppdregen som gutejente, har ho eit markant trekk ho deler med mange kvinner: Interessa for hest. Og med tre born, to bedrifter og litt anna å styre med utanom jobb, så blir det ikkje all verda fritid.

– Fritida brukar eg til å følgje opp ungane, som driv med handball, fotball og riding. I tillegg sit eg i styret for Førde Handball. Men ungane byrjar å bli så store at det ikkje er så mykje oppfølging lenger. Då er det godt å ha ein hobby, seier ho og fortel om sin.
– Det meste av tida brukar eg i stallen med hestane. Det er mange som lurer på kvifor eg orkar å ha hestar i tillegg til alt anna eg styrer med, men det er omvendt. Det er med hestane eg hentar tilbake energien. Når eg er med hestane tenker eg ikkje på jobb. Og det er vel omtrent den einaste staden det skjer, seier ho og ler.

– Men eg er litt slik at det må skje noko. Eg likar ikkje å sitte i ro, eller rolige dagar. Dermed blir det lite tv-seriar og slikt. Det blir litt serie ti minutt til frukost, og ti minutt til kvelds når eg har vært så tosken å begynt på noko, ler ho.

– Når eg er med hestane tenker eg ikkje på jobb

Du må vere litt tøff...
Sissel har gått og trakka i ein mannsdominert bransje sidan ho var liten, og vart til slutt leiar i ei bedrift med stor overvekt av menn.
– Det går fint. Det krev at du er litt tøff og tåler litt kommentarar og mannehumor, seier ho og ler.

– Det er mykje snakk om kvinnelige leiarar og mangel på sånne. Det tenker eg kan handle om at vi damer har litt mindre tru på oss sjølve og meir samvit. Vi tenker litt meir og uroar oss kanskje meir enn menn? Det merkar eg på meg sjølv også, at i tøffe tider som no blir det ein del uro og dårlig søvn. Kanskje damer har høgare stressnivå, som gjer det vanskelegare å legge vekk tankane? For min del er eg veldig glad for å ha hatt mamma og pappa på laget heile vegen, det har vore ei god støtte. Det blir sikkert verre når eg sit her åleine. Mamma skal prøve å pensjonerer seg til hausten. Eg har gitt pappa beskjed om at han ikkje får lov til å det seg. Og det trur eg heller ikkje han vil!

 

Ser lyst på framtida
Å drive bedrift i pandemitider har sine utfordringar, spesielt når du kombinerer det med ei storsatsing på ny teknologi, men Sissel ser lyst på framtida.

– Viss ikkje hadde eg ikkje tort å satse. Akkurat no pregar koronaen oss, med auka priser på råvarer og mangel på trelast. Eg håpar det berre blir ein dump på vegen vidare. Både Bruland Trevareindustri og Byggmakker Bruland er i bransjar med tøff konkurranse. Marginane er små og konkurransen stor, seier ho og held fram.
– Begge bedrifter deler same filosofi: Vi må vere gode på pris, ha rette produkt og så må vi vere utruleg gode på service og logistikk. Vi må klare å snu oss raskt og ha vilje til omstilling. Gode tilsette er gull verdt, og det har vi. Dei er fantastiske. Vi står samla og alle ønskjer å gå same veg. Utan dei hadde ikkje dette gått, seier ho.
Samspelet mellom Bruland Trevareindustri og Byggmakker Bruland er også ein styrke.

– Vi spelar kvarandre gode, og dreg vekslar på kvarandre. Det er litt av tanken bak omprofileringa og satsinga på nye maskiner: Det gjer oss i stand til å sy saman totalpakkar. Vi kan konstruksjonspakkar på fabrikken, som kan serve butikken. Om du treng ei utestove, kan vi lage konstruksjonspakken her, og så får du alt anna du treng på butikken. Vi håpar og trur dette kan styrke oss i marknaden, seier ho og fortel at det er ein samansveisa gjeng som utgjer dei to bedriftene.

– Ein av dei tilsette i butikken viste meg at han hadde eit bilete av familien sin som skjermbakgrunn: Det var bilde av alle oss som jobbar her, seier ho og smiler.
– Og slik føler eg det faktisk: Vi er ein stor Brulandsfamilie.

 
Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...

Eigentleg skulle Sivert lært seg finsk no...

Marius vart professor då han var 36 år

Marius vart professor då han var 36 år