Kategorier


Arkiv

Årets julegåve: Boka «Åpen, Ærleg og Rusfri»

Årets julegåve: Boka «Åpen, Ærleg og Rusfri»

Rusettervernet i Sogn og Fjordane fyller 50 år i år. Det markerer dei med boka «Åpen, Ærleg og Rusfri», fylt med sterke historier frå sine medlemmar. Den kan du no kjøpe i lokale bokhandlar, rundt om i Sogn og Fjordane.


Boka er eit kjempeløft for den frivillige organisasjonen, som er til hjelp for menneske med alle typar rusproblematikk, samt for pårørande til rusavhengige. Den har teke fire år å produsere, og no er målet å nå ut til fleire, ved å fortelje historier som viser at det nyttar, og at det finnast ein veg ut av mørket.

– Mange gode krefter har jobba, og sikra at det no er råd å kjøpe årets julegåve i lokale bokbutikkar, fortel Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet Sogn og Fjordane.

- Bodskapen vår kan nå ut til fleire

– Vi er svært takksame for at Norli-butikkane i Florø, Førde, Nordfjordeid og Sogndal har teke inn jubileumsboka vår for vidaresal! Det same har Notabene i Måløy og Stryn Bokhandel gjort. Og er det andre som vil selje boka, er det sjølvsagt berre å ta kontakt! Her er det full returrett på uselde bøker og liten eller veldig liten forteneste for butikken. Men dog ein mulighet til å tilby ei vare som få veit dei treng og som få kan klare seg utan. For bodskapen i boka handlar om at ein kan klare å komme eit steg vidare, ved å innsjå at ein treng dei som har gått vegen før. Anten det er ei sjølvhelspsgruppe, turlaget, naboen eller mellom to permar. Med denne boka tilgjengeleg, kan bodskapen vår kan nå ut til fleire. Og kanskje går det ei kule varmt om nokon finn denne under juletreet, eller nokon kan finne motivasjon til endring om dei får lese ei bok om seg sjølv som dei ikkje visste eksisterte.

Boka “Åpen, ærleg og rusfri” finn du hjå Norli bokhandel i Florø, begge Norli-butikkane i Førde, Notabene i Måløy og Stryn Bokhandel.

Boka “Åpen, ærleg og rusfri” finn du hjå Norli bokhandel i Florø, begge Norli-butikkane i Førde, Notabene i Måløy og Stryn Bokhandel.


50 år med sjølvhjelpsgrupper
Den spede starten til dagens rusettervern kom i 1970, då Centrumsgruppen vart stifta i Førde. Dette var fylkets første sjølvhjelpsgruppe. I 1986 vart fylkeslaget stifta, under namnet Alkomanes Ettervern. Seinare skifta dei namn til Rusettervernet i Sogn og Fjordane. Boka  «Åpen, Ærleg og Rusfri» speglar mottoet medlemmane lev etter.

– Centrumsgruppen vart stifta av Berge Selvik. Han og dei andre tidlige eldsjelene, var forret­ningsfolk, som tok tak. Dei kravde at det offent­lige også tok tak og at det måtte skje noko. Det var naudsynt og viktig. Det var lita for­ståing for at rusettervern var viktig. Utan pionerane, hadde vi ikkje vore her i dag.  Difor er vi stolte av å gi ut denne boka, som ei 50-års gåve til oss sjølv og våre medlem, fortel Eysteinn.


 - Boka er ein takk til alle som har hjelpt oss gjennom desse 50 åra



Eit vitnesbyrd om kva som er mogleg, om ein torer å velje det
– Vi var det første fylkesorganiserte nettverk av sjølvhjelpsgrupper for rusavhengige og pårørande i Norge. Vi kunne fylt boka med faktabok­sar, organisasjonsoppbygging og statistikk. Det har aldri fått nokon rusfri før, så det held vi på eit minimum. Målet er at boka skal leve i mange år, som eit vitnesbyrd om kva som er mulig om ein torer, seier han.

– Håpet er at menneske som ønskjer å høyre korleis andre har klart å halde seg rusfri, og har fått hjelp gjennom sjølvhjelpsgrupper, skal kjøpe boka. Og at alle som jobbar med rusproblematikk skal kjøpe boka. Boka er ein takk til alle som har hjelpt oss gjennom desse 50 åra, og ein hyllest av innsatsen som er lagt ned. Og eit døme på at det var verdt det: Rusettervernet har ytt ein forskjell i mange sitt liv. Vi ynskjer også å takke Høgskulen på Vestlandet for at vi får vere med og påverke utdanninga innan rusbehandling.

Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet Sogn og Fjordane.

Eysteinn Udberg, fylkessekretær i Rusettervernet Sogn og Fjordane.

- Det er mogleg å falle, reise seg og finne eit nytt liv etterpå, utan rus


Ønska å skape eit ettermæl over den dugnaden som er lagt ned
Boka har vore eit prosjekt som modna fram over tid.
– Vi såg at den eldre garden byrjar å bli eldre. Det ville vore synd om deira historier gikk tapt. Vi ville også ha med dei yngre, slik at boka kan inspirere og motivere breitt, ved å vise variasjonen i korleis folk kjem fram til å halde seg rusfri, seier Eysteinn.

– Opphaveleg ønska vi å skrive og ta bilete sjølv. Etterkvart kom vi fram til at vi ønska at dette skulle bli ei skapleg bok, så vi kontakta fagfolka i Rein Design. Å gi ut ei bok kostar pengar. Vi måtte ta det stegvis, vente på pengar og gjere ein del dugnad. Det var så viktig for oss å lage denne boka, og den er verdt det. Om det inspirerer berre eit menneske til å halde seg rusfri, er det verdt alle pengane som er brukt og vel så det, seier han.
Boka er gitt ut med støtte frå Berge Selvik Minnefond, Florø Hamn, INC Gruppen og Rein Design, som også har produsert innhald og utforma grafiske. I tillegg har ein fått nytte artiklar frå Ivar Myklebust Longvastøl og Liv Standal, frå avisene Firda og Firdaposten.

– Det har vore eit givande og kjekt oppdrag. Det er kjekt å jobbe med noko som gir så mykje meining som dette, og få møte nokre av alle dei flotte menneska i Rusettervernet, som er gode døme på at det er mogleg å falle, reise seg og finne eit nytt liv etterpå, utan rus. Eg håpar deira historier kan bidra til at andre finn sin veg ut av mørket, seier tekstforfattar Roy Sunde.

- Ingenting svart eller kvitt


Eit utval historier – som fortel historia
Rusettervernet kunne fylt mange bind med historier. I staden let dei nokre få representere seg.

– Desse persona­ne ynskjer med sine historier å gi eit bilde av ein rusmisbrukar, eller pårørande, som har teke grep om eige liv og funne støtte i gruppene våre. Vi vil syne at sjølv om ting ikkje vart som ein hadde tenkt, kan ein tillate seg å være både stolt og audmjuk over kva ein har klart. At ein klart å komme seg dit ein er, fortel Eysteinn.

– Vi vonar folk kan nytte boka som eit oppslags­verk. Les det som høver ein dag, noko anna neste gong. Her er ingenting svart eller kvitt. Du finn ingen fasit eller brukarrettleiing. Er du ein av dei som blir provosert, glad, trist, sjokkert eller in­spirert av det du les? Lat boka ligge eit tid, så les du den om igjen. Orda er dei same, men kanskje ein les forteljingane annleis, seier han og fortel at alle historiene er eit bilete av kva situasjonen var der og då.

– Rusettervernet eller intervjuobjekta rår ikkje over morgondagen. Kvar desse personane er i livet om ei veke eller fem år er ikkje godt å seie. Avhengigheit er lunefull slik. Vonleg har folk det bra og ein klarar å balanserer livet. For somme blir motgangen for stor. Slik er det berre. Gjennom 50 år har gruppene i Sogn og Fjordane jobba etter mottoet open, ær­leg og rusfri. Eit motto som i somme høve er dei tre vanskeligaste orda i verda, men når ein har teke inn over seg kva som ligg i dei, og kjempa for å leve etter dei, blir dette mottoet det mest behaglege og einaste rette å leve etter.

 
 
 
Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn

Gørill flytta til Skåne – og enda på svensk fjernsyn

Til saman har dei over 50 års erfaring. Møt kjøkken-ekspertane.

Til saman har dei over 50 års erfaring. Møt kjøkken-ekspertane.