Kategorier


Arkiv

Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange

Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange

I lokala til Peak Sunnfjord i står eit høgreist juletre. Og til likskap med juletre flest, så ligg det gåver under. Men desse gåvene har ei djupare meining: Dei skal gå til nokon som kanskje elles ikkje ville fått gåver.



Sjølv i gode tider er det mange i Norge som slit med å få økonomien i saman. I eit år som 2020 aukar den problemstillinga. Men om du ønskjer, kan du bidra til at familiar som slit, kan få julegåver. På Peak Sunnfjord samlar dei nemlig inn gåver.

– Alle gåvene som blir lagt under her blir leveret til Foreninga jul for alle Sogn og Fjordane, som deler dei ut til familiar som av ulike grunnar slit med å få endane til å møtes – slik at dei også får feire jul, seier Solbjørg Grøneng, som til dagen jobbar i Sunnfjord Utvikling.

– Dette er eit annleis år, med enno større press på dei som slit. Foreninga byrja ekstra tidlig med å samle inn gåver, og dei er usikker på om dei kjem i mål. Difor ønska vi å bidra, seier Karoline Jakobsen Vågsholm, som jobbar i Norse Feedback.

– Spesielt julegåver til barna. Det er det vi har fokusert mest på. Barn fortener julegåver, men gåver til vaksne også er hjarteleg velkommen.


Barn fortener julegåver

Solbjørg Grøneng og Karoline Jakobsen Vågsholm

Solbjørg Grøneng og Karoline Jakobsen Vågsholm

Det er berre å stikke innom om du vil bidra
– Korleis levere ein gåvene?

– Du kan legge gåvene under juletreet i kantina på Peak Sunnfjord, i Sentrum Sør, i Hafstadvegen 23-25, i Førde fram til fredag 18. desember kl 14:00. Merk gåve med alder og kjønn på mottakar, seier Solbjørg.

Som så ofte her i livet, byrja ideen ein heilt anna stad.

– Då vi skulle pynte juletreet, fann vi ut at det er meir koseleg med eit juletre med gåver under. Det kom forslag om at vi kunne lage ein intern konkurranse på huset, og at nokon kunne vinne gåvene. Men ingen av dei over 100 menneska her på huset har behov for ei ekstra gåve. Vi har alle jobb. Skal vi legge gåver under treet, må dei gå til noko bra, seier Solbjørg.

– Konseptet er kjent frå blant anna hotella til Petter Stordalen. Vi tenkte at i år er eit spesielt år, med mindre trafikk og gjestar på hotell, så dermed kjem det ikkje like mange innom. Ein del matbutikkar har også korger ein kan legge varer i, som blir delt ut, men vi tenkte at barn treng julegåver. Det er over 100 som jobbar her på Peak Sunnfjord, og det er er mykje folk innom, så Peak Sunnfjord er ein fin arena for dette, seier Karoline.




-
Du kan levere gåver fram til fredag 18. desember klokka 14.00

image002.jpg


Plass til enno fleire gåver
Under treet ligg eit titals julegåver, men det er plass til fleire.
– Vi har fått god respons, men vi har plass til fleire gåver, smiler Karoline.
– Eg har også fått melding frå kjente som ønskjer å bidra, som har spurt om eg kan ta med gåve frå dei, så om du kjenner nokon på Peak er det berre å ta kontakt med dei om du ønskjer å bidra.

 

 Om du ønskjer å bidra med noko til Foreningen Jul for alle

  • Kontonummeret: 3705 35 33389

  • Vipps: 629469

  • Meir info finn du på foreininga si Facebook-side

 
Hjarteleg velkommen til Hjartelag

Hjarteleg velkommen til Hjartelag

Om du ikkje er i mål med årets julegåver kan du glede nokon med eit gåvekort på opplevingar i Førdehuset

Om du ikkje er i mål med årets julegåver kan du glede nokon med eit gåvekort på opplevingar i Førdehuset