Kategorier


Arkiv

Hjarteleg velkommen til Hjartelag

Hjarteleg velkommen til Hjartelag

Om du leitar i ordboka vil du finne følgande definisjon på «Hjartelag»: Trong til å hjelpe andre, medkjensle, ha godt hjartelag». Og etter eit år prega av korona, avstand og mindre besøk av kjente og kjære er det kanskje nettopp dette vi treng.

Det starta på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde. I mørketida tenkte Hans Martin Holsen, byggeleiar i Åsen & Øvrelid, at eit lys-hjarte kunne spreie litt glede og varme. Og hjartet fekk bein å gå på – og spreidde seg etterkvart utover heile landet: Ei ny «eksportvare» frå Førde var ein realitet. Dette må feirast, tenkte Odd Erik Gullaksen, hotelldirektør ved Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, førre veke. Då byrja planlegginga saman med Fred Reiersen, eventsjef på hotellet, og Svein Inge Bjørkedal, arrangementsansvarleg i Rein Design. Dei har sydd saman eit program på rekordtid.

Hjartet skal feirast med ein heilt ny festival: Hjartelag, søndag 20. desember.
 
To konsertar til ære for hjartet
– Dette har vi gleda oss til å dele, seier Odd Erik oppstemt.
– Året 2020 har vore sterkt prega av korona, og dette har både vi og andre merka godt. Difor er det veldig kjekt å kunne «runde av året» med eit positivt arrangement som hyllar hjartet og ser framover, meiner Odd Erik.

Det blir to konsertar og på scena kjem artistane Silya, Line Dybedal og Buldre Mannskor. Konferansier for kvelden er førdianar og TV-profil Solveig Barstad.
 – Vi er takksame for at alle desse stiller på kort varsel, og vil vere med å feire hjartet, seier Fred. Han legg til at det kriblar i arrangørfingrane, og at det er ekstra hyggeleg å skape litt meir aktivitet for både artistar og teknikarar.

Artisten Line Dybedal frå Selje. Pressefoto.

Artisten Line Dybedal frå Selje. Pressefoto.


Lokalt næringsliv i ryggen
«Når gamle sirkushestar får ferten av sagmugg er dei vanskelege å stoppe» heiter det seg. Svein Inge er klar for manesjen igjen: 
– Det har vore stor aktivitet på e-post, telefon og sosiale media siste veka, innrømmer han. – Igjen ser vi kor viktig eit godt samarbeid og god dialog mellom lokalt næringsliv er, for å få til slike prosjekt.

Åsen & Øvrelid, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling, FINS, Arki Arkitektar og Sunnfjord Hotell AS er sponsorar for festivalen.
– Med restriksjonar på 50 gjestar er det vanskeleg å få arrangement, i alle fall på denne storleiken, til å gå rundt økonomisk. Det hadde rett og slett vore umogeleg å gjennomføre Hjartelag i år utan denne støtta og engasjementet frå næringslivet, seier Fred.

Og for å vise Hjartelag, vart arrangørane tidleg einige om at eit eventuelt overskot, skulle gå til ei god sak. 
– I år går denne gåva til Førde Røde Kors og deira innsats for fellesskap og inkludering, seier Odd Erik. 

Sunnfjordsalen skal stå ferdig 1. juni neste år, men på søndag får vi ein forsmak på den nye konsertsalen. Foto: Svein Inge Bjørkedal

Sunnfjordsalen skal stå ferdig 1. juni neste år, men på søndag får vi ein forsmak på den nye konsertsalen. Foto: Svein Inge Bjørkedal


Forsmak på Sunnfjordsalen
Hjartelag blir den første hendinga som skjer i den nye Sunnfjordsalen. Men enn så lenge, minnar det ikkje om ein tradisjonell konsertarena. 
– Salen er framleis under bygging, så dette blir ein forsmak på eit rom eg trur mange gler seg til står ferdig, meiner Fred. 
– Sunnfjordsalen blir den største av sitt slag i nordre del av Vestland, og takhøgda blir over 7 meter. Neste år skal vi fylle salen med musikk, fest, konferansar og mykje meir, smiler Odd Erik. Utvidinga skal etter planen vere ferdig 1. juni 2021. Han og med-arrangørane ynskjer å gjere Hjartelag til ein årleg tradisjon og førjulsfestival i Førde. 
– Då er det også rom for vesentleg fleire i publikum, slik at Hjartelaget blir endå større!

 
 
Jobben min: – Brått bytta Marie side

Jobben min: – Brått bytta Marie side

Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange

Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange