Kategorier


Arkiv

Jobben min: – Brått bytta Marie side

Jobben min: – Brått bytta Marie side

I spalta «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?



Marie Havnen er journalist, med ei spennande karriere bak seg som i løpet av fire år gjorde ho til tidenes yngste, og første kvinnelege, redaktør i Firda.

Vi slo av ein karriereprat med ho, på Førde sit nyaste tilskot på kafé-stammen, Kardemomme Kaffibar, ein dag etter at ho hadde sin siste arbeidsdag i Firda, etter ti år. Over nyttår ventar jobben som kommunikasjonssjef i Lotteri- og Stiftingstilsynet.

 

Tidlig ute
Mange brukar mykje av ungdomstida på å finne ut kva dei skal bli. Marie hadde tidlig ein mistanke om kva ho skulle satse på.

– Som liten skreiv eg skuledagbøker. Det som gikk igjen var fotograf og journalist. Om det var ei heilt klar greie, det veit eg ikkje, men etter vidaregåande søkte eg journalistutdanning - utan å komme inn. Eg ville jobbe innan media, så eg valte bachelor i visuell kultur på Universitetet i Bergen. Vi hadde mykje medievitskap, og lysta til å bli journalist vaks. Det førte meg til ein master i medievitskap, med spesialisering innan journalistikk. Eg har alltid likt å skrive, og alltid vore flinkare til å uttrykke meg skriftlig enn munnleg, seier ho og ler.
– Den gang ante eg ikkje kor lite av journalistjobben som handlar om skriving. Det er sluttproduktet. Jobben handlar mest om å finne saker, og å prate med folk.

Parallelt med studia jobba ho som fotojournalist i Studvest, der ho vart fotoredaktør for ein redaksjon på 13, som journalist på deltid i Firda, og som frilansfotograf for Bergens Tidende.


Den gang ante eg ikkje kor lite av journalistjobben
som handlar om skriving

WEB_8735red---i-saka.jpg

Plan A rauk
Tilfeldigheiter spelar alltid inn på eit liv. Plan A for Marie var å jobbe i Bergen eller Oslo.
– Når eg var ferdig med studia søkte eg sommarjobb i Bergens Tidende. Eg fikk tilbod om sommarjobb i Firda, som eg takka nei til. Sommarjobben i BT fikk eg ikkje, så det enda med at eg måtte ringe redaktør Yngve Årdal og be fint om å få sommarjobben der likevel.

Og med det endra både hennar og Firda si historie seg.  

– Når eg reiste heim, var planen å bli der den sommaren, så skulle eg til Bergen eller Oslo. Eg var ikkje klar for å flytte heim. Venane mine budde andre stadar, seier ho!

 

Bestemte seg for å gi Førde ein reell sjanse
Så tok det eine det andre, slik livet ofte er.  

– Etter sommarjobben fikk eg tilbod om eit vikariat. Medan eg sto i det søkte eg andre jobbar, men etter eit og eit halvt år fekk eg tilbod om fast stilling. Fram til då hadde eg nytta frihelger til Bergens-turar og liknande, men når eg fikk fast jobb tenkte eg: No må eg gi Førde ein sjanse. Etter det snudde det raskt til: Det er her eg vil vere. Eg hadde budd heime nokre år, bygd eit nytt nettverk, samtidig som stadig fleire vener flytta heim. Planen var alltid at eg skulle heim igjen på sikt, så det enda i grunn med at eg var litt tidleg ute, smiler ho.
– Samtidig så finn eg mykje av det eg likar her. Familien min er her, det set eg pris på. Eg har ikkje ein stor lidenskap, eg likar å gjere mykje ulikt. I Førde har ein nærleik til det meste, spesielt natur. Ein kjem seg på topptur etter jobb, anten det er på ski eller til fots. Det er kort veg til alt ein treng, samtidig som ei får litt bykjensle. Det meste er lettvint og nært her. Førde har uteplassar, konsertar og det skjer ting, men eg saknar å ha fleire alternativ på matfronten.


-
Eg måtte ringe redaktør Yngve Årdal og be fint om
å få sommarjobben likevel


Frå sommarvikar til redaktør på under fire år
I 2015, starta Marie ungdomsredaksjonen Firda Ung, der ho tilsette ni unge journalistar, lærte dei opp og styrte redaksjonen. Etter kvart vart ho frontsjef, før ho i 2018 vart den yngste redaktøren i Firda si historie, og den første kvinnelege.

– Såg du for deg eit så rask karrierestige når du byrja i Firda?

– Ikkje i det heile teke, seier ho og ler.
– Det gikk fort fram til eg først fikk jobb som frontsjef, og så seinare redaktør. Det er litt av styrken med mindre stadar: Ein blir meir synleg. Det er færre menneske, det gjer det lettare å bli sett, og at ein får meir ansvar og sjansar, seier ho.

Det var ein tøff jobb
– Kva overraska deg mest med å jobbe som redaktør?  

– Kor altoppslukande stillinga er! Som journalist har eg alltid vore engasjert, og ganske intenst inne i jobben. Samtidig som eg klarte å legge den vekk når eg kom heim. Det var eg veldig oppteken av å ta med meg vidare inn i redaktørrolla, seier ho og ler.
– Det var eit knips, så var den tanken vekke. Eg levde i rolla konstant. Det var mykje ansvar og utfordringar, og mykje forventingar, både internt på huset og frå lesarane. Som redaktør må du svare på alt, frå alle, til ei kvar tid. Det var ganske overveldande, og meir vanskeleg enn kjekt. Det var ei veldig lærerik tid, men jobben var tøff. Spesielt sidan eg var så ung, og tok eit veldig stort steg frå frontsjef til redaktør. Mange av dei tinga eg syns var vanskeleg, tek nok Kai Aage lettare, med si breie erfaring, seier ho.
– Saknar du redaktørjobben?

– På ingen måte. Det var ei lette å ta eit steg ned, smiler ho.

– Det var ei lette å ta eit steg ned

WEB_8742red.jpg

 Join the dark side?
I gamle dagar gikk det eit hardt skilje mellom journalistikk og kommunikasjon. Etterkvart har det blitt ganske vanleg at journalistar søker seg over i kommunikasjonssektoren. I januar trer Marie inn i stillinga som kommunikasjonsdirektør hos Lotteri og Stiftingstilsynet.  

– Kvifor eit slikt jobbskifte?

– Eg har av og til tenkt: Korleis er det å jobbe andre stader enn i ei avis? Det er ti år sidan eg byrja i Firda på deltid. Sidan har eg vore der. I blant har tanken vore der om å gjere andre ting, utan at eg har handla på det. Når eg såg utlysninga av denne stillinga, tenkte eg at dette var ein jobb eg hadde lyst på. Det var så spennande at eg berre måtte søke, seier ho og understreka at ho på ingen måte var lei av sin gamle jobb.

– Eg minnast noko eg las om ein som byta jobb: «Eg slutta ikkje i den gamle, eg byrja i den nye».

 

Livslang læring
Å byrje i eit nytt yrke, krev at ein går inn i ein læreprosess. Det gler ho seg til.

– Eg er veldig glad i å lære nye ting, og sette meg grundig inn i det eg skal drive med. I dette tilfellet er det to ting eg må sette meg inn i: Fagfeltet Lotteri- og Stiftingstilsynet jobbar med, der eg har ein god del lesing og læring framfor meg. Og kommunikasjonsfaget. Der tek eg med meg ein god del frå journalistikken, samtidig som eg også her må lære meg mykje. Og det gler eg meg til, seier ho.
– Eg likar å gå framover, og lære nye ting. Journalistikk er prega av høgt tempo, noko eg likar. Det blir det nok i min nye jobb også, samtidig som det blir på eit anna vis. Eg ser også fram til å få lov til å sette meg verkeleg inn i eit felt, og spisse meg på det. Som lokalavisjournalist må ein kunne litt av alt, og ein blir ikkje supergod på noko. Det å kunne jobbe meir med eit smalare felt over tid, ser eg fram til.  

 

– Eg likar å gå framover, og lære nye ting.

Ein jobb som eg likar
Til no har karrieren hennar innehaldt meir enn dei fleste rekk på dobbelt så lang tid. Då er det lett å spørje seg kvar ho trur ho er om fem-ti år?

– Det er umogleg å seie. Om nokon sa at eg skulle vere her eg er no for seks år sidan, hadde eg ikkje trudd det. Det er ein klisjé, men vegen blir til medan ein går, seier ho og deler filosofien sin.

– Jobben er ein stor del av livet til dei fleste. Difor er det viktig å ha ein jobb som ein syns er utfordrande og kjekk å drive med. Målet er å ha ein jobb eg verkeleg likar. Det har eg hatt så langt i livet. Det er håpet for framtida også. Og fordi jobben er ein så stor del av livet, er det viktig å ha gode folk rundt seg. Eg var heldig i Firda, med så mange gode folk rundt meg. Det blir eit sakn å ikkje møte dei, men eg har høyrt gode ting om mine nye kollegaer, som eg gler meg til å bli kjent med. Samtidig som det er litt skummelt med ny jobb.

 

For deg som ønskjer varierte arbeidsdagar
– Men tilbake til andre sida. Er journalist eit yrke du kan anbefale?

– Heilt klart. Det har vore ein veldig kjekk jobb: Det er eit yrke som byr på ein kvardag som er så variert at eg knapt kan tenke meg noko anna yrke som slår det. Du styrer mykje av kvardagen din, det meste er opp til deg sjølv å skape ut frå dine idear. Ein er mykje ute og møter menneske, pratar med dei og fortelje historier. Eg har likt å vere så tett på nyhende og lokalsamfunnet mitt. Og dette med «breaking news-delen» er veldig givande. Å vere tidlig ute med informasjon folk treng, det likar eg veldig godt, seier ho og held fram.

– Når eg var ferdig med studia var det ikkje lokalavis eg drøymte om å jobbe i. Den haldninga har endra seg. No vil eg slå eit slag for lokalavisa og seie at dei fleste journalistar hadde hatt godt av å jobbe i lokalavis ei stund. I lokalavisa flyt det ikkje forbi mykje saker du skal rykke ut på. Du må sjølv finne idear og sakar i stor grad. Ein dag er du i kommunestyre, neste dag rykker du ut til ei trafikkulykke, og den tredje fortel du gode historier om heilt vanlege folk. Den variasjonen er både kjekk og lærerik. Lokalavisa er viktig for folk, det handlar om lokalsamfunnet rundt oss.

– Kva eigenskapar krev yrket ditt?

– Først og fremst at ein er nysgjerrig, stiller spørsmål og har ei genuint ønskje om å finne ut av ting. Og så må ein vere grundig, og etterretteleg i det ein skriv. Kombinert med å vere rask og effektivt.

 

 
Lurer du på kva bøker du får til jul?

Lurer du på kva bøker du får til jul?

Hjarteleg velkommen til Hjartelag

Hjarteleg velkommen til Hjartelag