Kategorier


Arkiv

Om du ikkje er i mål med årets julegåver kan du glede nokon med eit gåvekort på opplevingar i Førdehuset

Om du ikkje er i mål med årets julegåver kan du glede nokon med eit gåvekort på opplevingar i Førdehuset

ANNONSØRINNHALD FOR FØRDEHUSET

Bilete: Mai Kristin Tidemansen og Johan Bengtson


Om dette året har lært oss noko, så er det kor kjekt det er å møte andre. Og kor givande det er å dele opplevingar. Eit gåvekort på opplevingar i Førdehuset er ei gåve som bringer glede, samvær og gode opplevingar.  


– Gåvekorta kan du bruke til alle arrangement i Førdehuset, samt kino og symjehall. Alt utanom kafeen, seier Johan Bengtson, einingsleiar kultur og ungdom. 
– Du kan kjøpe gåvekorta på nett, eller i resepsjonen i Førdehuset. Om du kjøper her hos oss, pyntar vi dei litt med klistermerker også, reklamerer marknadskonsulent Mai Kristin Tidemansen. 


- Gåvekorta kan du bruke til alle arrangement i Førdehuset,
samt kino og symjehall



Ei gåve som varer 
Gåvekorta er gyldig i eit år. 

– Men du kan også bruke gåvekortet til å betale for ting som skjer lenger fram i tid. Om du ser noko på programmet som skjer lenger fram kan du bruke gåvekortet til å kjøpe billettar så fort arrangementet er lagt ut. Johan er i gang med å booke haustprogrammet no.
– Det byr på mykje spennande og kjekt, ein kan bruke gåvekorta på, seier Mai Kristin, og minner om at det blir litt av eit kino-år i 2021, med mykje storfilmar ein kan også kan bruke gåvekortet på.  

Annonsørlenke

IMG_8724bilde2red.jpg

Gode rutinar
Du treng ikkje frykte at gåva blir liggande ubrukt. Gode koronatiltak og gode rutinar, gjer at Førdehuset trygt kan gjennomføre arrangement.  

– Ein del trur nok vi har stengt, men alle tilboda våre er opne som normalt. Og vi har gjennomført mykje arrangement i 2020, seier Johan og held fram:
– Den store skilnaden er at vi grunna smitteverns-tiltak har tak på tal gjestar på 200 i faste seter i storsalen. Når du kjøper billett til familien din så får de sitte i lag, og så er det eit sete sperra mellom kvar husstand. I tillegg sperrar vi annankvar rad slik at ein ikkje har nokon rett framfor eller bak seg. For at fleire skal få høve til å delta på gode kulturopplevingar har vi difor, så langt som råd, lagt til rette for doble førestillingar. I tillegg har vi laga til eit system med gradvis inn- og utslepp på arrangement, for å unngå kø. Slik legg vi til rette for at det skal vere trygt og godt å komme hit, sjølv i slike tider.


– Alle tilboda våre er opne som normalt


Vår-programmet – 10 flotte arrangement du kan bruke gåvekortet på
– Kva skal skje ut over våren? 

– Masse kjekt, seier Mai-Kristin. – Vi er veldig glade for å kunne presenterer eit variert og spennande program. Det blir konsertar, humorshow og teater, for å nemne nokre ting. 

– I februar kjem til dømes Bjarte Tjøstheim, med sitt nye show med den passande tittelen «Det går betre no». Så går det slag i slag: Første helga i mars kan du oppleve Riksteateret med stykket «Eg snakkar om eg snakkar om det heile tida», UKM og stjernekampvinnar Knut Marius Djupvik med band, seier Johan. 

– Helga etter på kjem Atle Antonsen og Bård Tufte Johansen sitt show «12 gode råd». Dei har alt selt ut første framsyning, så her bør ein vere om seg. Så kjem nok ei helg med mykje spennande. «Kan Valen danse», ein konsert for barn, Teater Vestland set opp stykket «Rødhette og Ulven», og Riksteateret kjem med «Pang!», ei satirisk komedie som har gått sin gang i heile Europa. Alt dette skjer same dag, seier Mai Kristin!
– I april kjem Opera Nordfjord med «Sagas», der dei byr på filmmusikk frå fantasy-sjangeren, samt klassikar frå spelverda. ´Det gler eg meg veldig til seier Johan.
– Dei byr på det beste frå på kassasuksessar som Harry Potter, Narnia, The Lord of the Rings, Conan – The Barbarian, World of Warcraft, Carmina Burana, Skyrim, Shadow of the Colossus og sjølvsagt musikk frå demn umåteleg populære TV-serien Game of Thrones.

fleire-arr.jpg

Annonsørlenke

 
 
 
Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange

Gi ei gåve til nokon som ikkje får så mange

sMarte Matvalg – gjennom gode rutinar

sMarte Matvalg – gjennom gode rutinar