Kategorier


Arkiv

Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige

Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige

ANNONSØRINNHALD FOR XFORM


Xform er arkitektane som vart eigedomsutviklar. Då seier det seg sjølv at deira fokus er på arkitektur, kvalitet og funksjon. I Apotekargarden tilbyr dei næringslokale med fellesskapsløysingar på blå resept. 


Xform har i mange år sett sitt preg på Førde sentrum, med sin unike arkitektur, anten det er næringslokale eller bustad. Ullsentralen og Atriumhagen er to gode døme på korleis dei har heva bybilete i Førde. Med Apotekargarden ønskjer dei på nytt å skape Førdes flottaste næringslokale. 
– Vår visjon er å skape arkitektur med X-faktor, og det tru vi Apotekargarden skal få til på alle måtar, smiler Christina Kvamme, dagleg leiar i Xform Eigedom. 

Takterrassen i 6.etasje byr på skikkeleg luksus i arbeidskvardagen. Foto: Xform

Takterrassen i 6.etasje byr på skikkeleg luksus i arbeidskvardagen. Foto: Xform

Ei særs synleg bygg, med sin eigen identitet 
Namnet Apotekargarden trekk historiske linjer tilbake. Langebruvegen 15-17 har levd eit liv i stadig utvikling. Først som apotek, så som Magne Aase-butikken. No endrar det natur igjen, gjennom fortetting og gjenbruk. I framtida skal det vere flotte heimar for familiar – og fantastiske næringslokale for bedrifter. 
– Dette er eit berekraftig byutviklingsprosjekt i ein av dei mest sentrale byaksane i fylket. Apotekargarden vert eit svært synleg bygg i Førde sentrum! Eit bygg med eiga identitet og eit bygg utbyggjarar, arkitektar, bebuarar, besøkande og førdianarar kan vere stolte av.

 

- Fellesskap på blå resept

Framleis ledige lokale, som kan tilpassas kvar enkel bedrift 
Apotekargarden er eit kombinert nærings- og bustadbygg med fellesskapsløysingar på blå resept. I dei to nedste etasjane vert det spennande næringsareal for utleige, tilpassa den einskilde leigetakar sitt behov og ynskje. 

– Vi håpar å skape eit spennande, kreativt og innovativt miljø i Apotekargarden. Vi skal sjølv flytte inn mot slutten av 2021. Vi gler oss veldig og håpar å få dele Storstova med mange kjekke bedrifter. Det er framleis ledig næringsareal, så om nokon ønskjer å vite meir, er det berre å ta kontakt, seier ho. 


- Ein gjennomtenkt arbeidsplass har stor verknad på trivsel og produktivitet


Lokale for trivsel
Gode lokale er viktig for bedrifter. Det er ei investering i livskvalitet, og glade medarbeidarar. 
– Vi oppheld oss mykje på arbeidsplassen. Arbeidsmiljøet er avgjerande for om du trivast på jobb. Sjølvsagt spelar kollegane dine ei viktig rolle, men vi veit òg at ein gjennomtenkt arbeidsplass har stor verknad på trivsel og produktivitet. Difor er fokus på trivsel og tilhøyrsle viktig. Interiør og miljøpsykologi heng tett saman. Verdien av eit godt tilrettelagt interiør, som ein integrert del av arkitekturen, er difor stor og viktig. Vår eigen interiørarkitekt står bak interiøret i Apotekargarden. Då veit vi det blir bra. Apotekargarden får også gode dagslystilhøve og eit godt inneklima. Dette er grunnleggande føresetnadar som har direkte påverknad på helsa og kjensla av velvære, seier Christina. 


- Vi kallar det kvardagsluksus for di bedrift


Fellesskap på blå resept 
Arbeidet føregår i lokala til di bedrifta. Men magien blir ofte skapt i fellesområda. I Apotekargarden har Xform bestemt seg for å skape eit fellesareal som tek dette på alvor. 

– Den største trivselen og hygga blir skapt i fellesromma. Storstova, ”Lykkepillen vår”, ligg i inngangspartiet, og gir det viktige fyrsteinntrykket. Storstova er eit innbydande lobbyareal, ein lun og tiltalande sosial arena. Dette er hjartet i Apotekargarden, som med alle sine funksjonar, vert eit samlingspunkt for alle. Vi kallar det kvardagsluksus for di bedrift. Storstova er også kantine og sosial arena for nettverksbygging med gode ringverknadar. Lokalet kan nyttast til større arrangement og som kurslokale. I nærleiken finn du også møterom, som møter dagens behov for virtuell nærleik, seier Christina, som også kan by på ein unik, ekstra kvalitet for sine leigetakarar:

– Takterrassen i 6.etasje byr på skikkeleg luksus i arbeidskvardagen! Til og med på regnfulle dagar kan du nytte deg av det møblerte området under det store tak-overbygget til lunsj og møter!

- Nærleik til eit av fylkets viktigaste og nyaste konferansesenter  



Så sentralt som det kan bli i Førde 
Apotekargarden ligg sentralt i Førde sentrum og vert godt eksponert mot eitt av fylket sine mest profilerte kryss. Fasaden bidreg til å gi bedriftene i Apotekargarden viktig tilhøyrsle og identitet. 
– Scandic Sunnfjord Hotel & Spa er næraste nabo. Verdien av nærleiken til eit av fylkets viktigaste og nyaste konferansesenter, er kanskje unødvendig å nemne. Det blir ein svært god nabo for dynamiske og innovative bedrifter, smiler Christina. 
– I nærleiken finn du òg matbutikk, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Lotteri- og Stiftelsestilsynet, Sparebanken Sogn & Fjordane, Rådhuset og andre sentrale institusjonar. Det blir parkering i front av bygget, langs Langebruvegen og på festplassen, og så gler vi oss til offentlege parkeringsplassar i eit framtidig parkeringshus i Langebruvegen, avsluttar ho.

Annonsørlenke

Apotekargarden: Fellesskap på blå resept 

Apotekargarden: Fellesskap på blå resept 


Ni gode grunnar til å velje Apotekargarden som heim for di bedrift

  • Takterrasse for luksus i arbeidskvardagen

  • Særs god eksponering i ei flott ny bygate med gang og sykkelveg

  • Arkitektur og kvalitetar med identitet

  • Lokale tilpassa dine behov og ynskjer

  • Lokale til butikk og/eller kontor

  • Motiverande og engasjert miljø

  • Innovativt og spenstig fellesareal

  • Tilpassa lokale etter ønskje i 1.-2.etasje

  • Strategisk plassert i Førde sentrum 

 Informasjon om lokala

  • Lokala i Apotekargarden høver til både kontor og næring. 

  • Lokala byr på spenstige fellesareal, funksjonelle møterom og lekker takterrasse

  • Xform tilpassar arealet til di bedrift, etter dine ønskje og behov

  • I første etasje er det ca. 360 m2 med næringslokale og 139 m2 med fellesområde

  • I andre etasje er det cirka 220 m2 med næringslokale og 97 m2 med fellesområde

  • (Og du – ikkje gløym takterrassen)

  • Ferdigstilling i slutten av 2021


For informasjon, ta kontakt med
Christina Kvamme
ck@xform.no / 913 04 300

Annonsørlenke

 
 
 
 
Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19

Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19

Yt etter evne, få etter behov

Yt etter evne, få etter behov