Kategorier


Arkiv

Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19

Jobben min: Brått sto Even i frontlina i kampen mot covid-19

I spalta: «Jobben min» snakkar vi med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?

Even Pedersen jobbar på Mikrobiologisk avdeling på Førde sentralsjukehus. Lite visste han då han tok yrkesvalet sitt for 6,5 år sidan kor hektisk jobbkvardagen kunne bli.


Eit hektisk år
Som bioingeniør er Even ein dei som står midt i frontlina i kampen mot pandemien. 
– Først av alt: Kva gjer eigentlig ein bioingeniør? 
– Som regel jobbar vi på eit sjukehuslaboratorium, men også på andre laboratorium. Jobben vår er å analysere prøvemateriell som kjem inn: Blod, sekret, urin, naseprøver osv. Vi er også drilla på blodprøvetaking. Ofte er det vi som tek dei, og vi har veldig gode rutinar på dette. 

– Så det er altså de som tek i mot blant anna eit utal av koronaprøver. Korleis har det vore?
– 2020 har vore hektisk, svarar Even. 
– Det har vore ein rar situasjon. Då pandemien byrja hadde vi daglege møter med leiarane våre, det kom stadig nye ting frå Folkehelseinstituttet og det var ein dagleg kamp for å ikkje gå tom for utstyr. Vi måtte forholde oss til dette, og purre på leverandørar konstant. Folk ønskjer svar på prøvene sine fort, og vi analyserer så raskt vi kan. Det har blitt mange ekstravakter, men vi har klart oss godt. Vi har komme godt ut av situasjonen her i Helse Førde. Vi er heldig med å ha eit ansvarsområde der smittepresset ikkje har vore like høgt som i større byar. 

Even i full gang på laboratoriet. - Målet er å få gjennomført 400 luftvegsprøver for dagen, og det klarar vi. Foto: Privat

Even i full gang på laboratoriet. - Målet er å få gjennomført 400 luftvegsprøver for dagen, og det klarar vi. Foto: Privat

- Målet er å få ut svara så raskt som råd

400 luftvegsprøver for dagen
– Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut på mikrobiologisk avdeling i koronaåret? 
– Vi er med i koronateamet, så arbeidsdagen er hektisk. Når vi kjem på jobb er det første vi gjer å slå på analysemaskinene, som treng tid før dei er oppe og går. Så legg vi ein plan for den dagen, og samlar opp nok av dei ulike typane prøver. Vi set ikkje i gong maskinene før vi har nok. Normalt behandlar vi til dømes mellom 100 til 150 koronaprøver tidlig på morgonen. Vi «fôrar» maskinene så tidlig som råd, fordi vi veit det kjem meir i løpet av dagen. Målet er å få gjennomført 400 luftvegsprøver for dagen, og det klarar vi. Så leverer vi ut svara, som blir gått gjennom av overlegar. Dei kontaktar folk om det er positive prøver. Målet er å få ut svara så raskt som råd. Vi har mykje anna som vi analyserer parallelt med koronaprøver. Så den planen vi legg om morgonen er viktig å halde. 

- Eg ante ikkje kva det gikk ut på

Tilfeldig, men lukkeleg val 
– Kvifor ville du bli bioingeniør?
– Det var veldig tilfeldig. Som mange andre ungdommar visste eg ikkje kva eg ville bli. Før studia var eg butikkmedarbeidar, så byrja eg å studere historie i Bergen. Det var ikkje noko for meg, så etter første året droppa eg det. Eg ønska eit miljøskifte, så eg byrja å kikke på studietilbodet i andre byar. Då fann eg Bioingeniør-studiet i Ålesund. Eg ante ikkje kva det gikk ut på, men eg likte veldig godt kjemi, biologi og lab-arbeid på vidaregåande, så eg søkte meg inn. I løpet av første veka fann eg ut kva yrket handla om, og stortrivest. Så det var eit tilfeldig vegval, som klaffa veldig godt for min del.

Dialekta til Even røper raskt at han kjem lenger sør frå: Askøy utanfor Bergen. Via tilfeldigheiter har han jobba seg nedover Norgeskartet, i si jakt på utdanning og jobb. 

– I førstegongstenesta var eg grensejeger i Kirkenes. Så etter eit mellomspel i Bergen, vart det Ålesund, før eg enda med å flytte til Førde, smiler han. 

– Eg er veldig glad i natur og fjell, så det trakk meg også i retning Førde. Foto: Rein Design

– Eg er veldig glad i natur og fjell, så det trakk meg også i retning Førde. Foto: Rein Design

Jobb – og natur trakk til Førde 
– Kvifor akkurat Førde?
– Vi skulle ha praksis i studiet, og eg fekk tilbod om å ta den på Førde Sentralsjukehus. Etterpå fekk eg tilbod om sommarjobb. I løpet av den tida dukka det opp ei ledig, fast stilling, som eg fekk gode signal om at eg kunne få om eg søkte. Så då gjorde eg det, og fekk den. No har eg jobba her i 3,5 år, og trivast godt. 

– Eg er veldig glad i natur og fjell, så det trakk meg også i retning Førde. Når eg ikkje jobbar, handlar det ofte om å gå i fjella, fiske, trening og friluftsliv. 

- Du må vere ryddig, og ha kontroll på det du jobbar med

Kva eigenskapar krev yrket ditt? 
– Vi bioingeniørar likar å vere veldig nøye i det vi held på med. Du må vere ryddig, og ha kontroll på det du jobbar med. Mottoet vårt er at om du må forlate ei oppgåve halvvegs av ein grunn, så skal neste bioingeniør kunne ta over oppgåvene utan at du må forklare noko. Vi er veldig samstemte på korleis ein skal gjere jobben, og godt drilla i rutinar. Etikk og tausheitsplikt er viktig.  

Korleis blir du dette?
– Ved å ta den treårige bacheloren bioingeniør. Det er ein fordel med bakgrunn i matte, biologi og kjemi på vidaregåande. Du kan også gå vidare til mastegrad, men du treng ikkje for å jobbe på sjukehuslaboratorium.

 Likar du jobben din? 
– Veldig godt. Den er interessant, og ein får gjort mykje ulikt. Så om ein trivast med laboratoriearbeid, og likar faga biologi og kjemi, så vil eg sterkt anbefale deg å søke dette yrket. 

 

I spalta: «Jobben min» snakkar vi iFørde med folk som har teke eit val: Dette skal eg jobbe med. Det finnast 1000-vis av ulike jobbar – så korleis landa dei på sitt val?

 
 
 Luttfest tek koronagrep og gjer prisutdelinga digital

Luttfest tek koronagrep og gjer prisutdelinga digital

Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige

Næringslokale med spennande fellesskapsløysingar til leige