Kategorier


Arkiv

Førde Flis - meir enn berre flis

Førde Flis - meir enn berre flis

Innhaldssak Førde Flis

Det ligg meir bak Førde Flis enn namnet tilseier. Med dagleg leiar Marek Czarny i spissen har dei utvida tenestespekteret sitt dei siste åra. – Mange kjenner oss for flislegginga vår, og det er ein viktig del av bedrifta. Men vi gjer mykje meir, og det er få som veit, fortel han. For i tillegg til å flislegge heimar og bedrifter rundt om i gamle Sogn og Fjordane, er gjengen til Marek gode på maling, sliping av tregolv, støyping, golvbelegg og tapetsering. - Vi jobbar alltid for å bli betre, og gi kundane våre eit breiare spekter av tenester. Som dagleg leiar er eg opptatt av å utvikle og utvide, og no tilbyr vi fleire tenester som få i nærområdet gjer, fortel han. Han er allsidig, og har lang erfaring som både flisleggar og malar. Selskapet på fire tilsette har han drive med ei stødig hand sidan han valde å starte for seg sjølv i 2017.

Golvet heime hos ein kunde blir som nytt med Marek i farta!

Gamle hus blir som nye

Golvet har mykje å sei for heilheita i eit hus. Mange har golv som fungerer heilt fint, men treng fornying i utsjånad og farge. Heldigvis er det ikkje sikkert du treng å bytte ut heile golvet for å friske det opp. Har ein eit golv av eik, furu, teak eller gran er det lett for Førde Flis å skifte heile utsjånaden, men samtidig behalde den gode kvaliteten. – Vi slipar, sparklar, fiksar og legg ny lakk på toppen av golvet. Det gjer at du kan få nesten den fargen du vil, og det ser heilt nytt ut. I tillegg til at det blir veldig fint, er det miljøvennleg å fikse noko du har framfor å alltid kjøpe nytt, forklarar Marek. Og golv er noko dei kan hos Førde Flis. I tillegg til sliping er dei ekspertar på flis, golvbelegg og støyping. – Vi fungerer ofte som ein rådgivar til kundane våre. Når nokon tar kontakt drar vi alltid på gratis synfaring. Då kjem vi med råd, og fortel kva vi anbefala dei å gjere. Saman kjem vi fram til ei god løysing. Enten det gjeld sliping, flislegging på badet eller epoxy av garasjegolvet, fortel han. Dette kjem godt med – enten du skal totalrenovere eit hus eller bygge nytt. Førde Flis har god kompetanse for eitkvart rom. – På badet for eksempel, er det viktig å sjekke for fall. Når vi begynner ein jobb sjekkar vi alltid av desse småtinga. Er utgangspunktet dårleg, blir jobben aldri bra. Difor brukar vi tid på å fikse, rette og støype først, forklarar Marek entusiastisk. I tillegg til å flislegge kan dei hjelpe deg med både maling og membran på våtrom. I andre rom kan dei bidra med sparkling, tapet og/eller strietapet, slik at du får det resultatet du drøymer om.

Den daglege leiaren i Førde Flis har dei siste åra utvida tenesteportefølja til bedrifta

Frå gode råd til perfekt resultat

Ove Olsen har vore kunde av Marek i mange år. – Eg er ein nøyaktig person. I tillegg kan eg ein ting eller to ting sjølv, så du kan sei eg er litt pirkete. Difor er det kjekt at eg alltid blir fornøgd med resultatet Førde Flis leverer, fortel Ove. Marek og Ove går langt tilbake, og har kjent kvarandre sidan 2014. Ove har nytta bedrifta til hjelp både på bad, kjøkken, stove og soverom, og dei har vore innom både maling, sparkling og grunnarbeid. Han har til gode å nytte dei til flislegging, men forsikrar oss om at det gjer han neste gong det trengs heime. – Eg set også pris på at dei er rådgivande i forkant av eit prosjekt. Det er mykje kunnskap innomhus, og dei held ikkje igjen på gode råd og løysingar. Dette gjer at sluttproduktet alltid blir skikkeleg bra, fortel Ove.

- Det er så betryggande at eg ikkje treng å vere heime når Førde Flis held på. Dei kjem til avtalt tid, får ting gjort på ein utmerka måte, og etterlet huset strøkent.
Ove Olsen

Det er ikkje vanskeleg å finne nøgde kundar.

Åse Hegrenes har budd lenge vekke, men no ho flytta heim til Sunnfjord. Ho renoverer eit hus frå 1946, og ved ein tilfeldigheit fann ho nummeret til Førde Flis. – Det er eg glad for, fortel ho. Hos ho har dei lagt flis på heile badet utanom taket. Ein stor entré er også blitt som ny. I tillegg er nesten heile huset malt innvendig. – Dei er veldig flinke og pliktoppfyllande. I tillegg kjem dei med konstruktive tilbakemeldingar, og blir ein sparringspartnar når eg lurar på noko. Eg er også imponert over kor ryddig det er når dei er ferdige for dagen. Det er verkeleg ingenting å utsette på, fortel ho. Både Åse og Ove trekk fram kor punktlege bedrifta er. Dei kjem aldri seint, og følger opp all kommunikasjon. – Til og med snekkaren vi hadde inne var imponert over flislegginga, legg Åse til entusiastisk. Begge kan varmt anbefale Marek og gjengen til andre.

– Det viktigaste for meg er at produktet kundane får er god kvalitet. Samstundes er vi opptekne av å levere til rett tid – og avtalt pris, fortel han. Og skal vi tru dei nøgde kundane er dette noko heile teamet i Førde Flis lev godt opp til. Marek er også opptatt av at kundane får det sånn dei drøymer om. Han seier lett ja til dei prosjekta som er utanom standarden, og likar ei lita utfordring.

Golv og veggar. Bad og stove. Det er ikkje lite Førde Flis kan levere.

Ein allsidig medspelar

Har du for eksempel eit oppussingsprosjekt er Førde Flis ein god medspelar. Med all si allsidigheit tar dei seg av mange av dei nødvendige oppgåvene, og du får færre aktørar å forhalde deg til. Med andre ord, Førde Flis er ikkje berre ein flisleggar; dei er ein variert partnar for dei som treng ein profesjonell handverkarar.

Eit annleis kontorfellesskap

Eit annleis kontorfellesskap

Sikkerheit og service

Sikkerheit og service