Kategorier


Arkiv

Eit annleis kontorfellesskap

Eit annleis kontorfellesskap

Innhaldssak Peak Sunnfjord

Det er ikkje vanskeleg å skjønne forretningsidéen til Pål Anders Kårstad og Peak Sunnfjord. Saman med nokre ivrige gründerar starta han opp kontorfellesskapet med eit einaste mål: Å lage ein kul arbeidsplass som tiltrekker seg unge menneske. Her skal det vere like kult og urbant som i dei store byane, og målet er at ein ikkje saknar Oslo eller Bergen. Når statsministeren og statsrådar kjem tilreisande berre for å sjå på miljøet han har skapt, kan vi verkeleg seie at satsinga har vore vellykka.

- Det kan ha vore god timing. Edgeir Aksnes var med då vi starta Peak Sunnfjord for fem år sidan, han skulle rekruttere ein haug med folk til Tibber. Vi skjønte at Førde trengte ein kul stad å samlast, og gjere det meir attraktivt å flytte hit. Det har gått over all forventing, fortel den daglege leiaren entusiastisk. For Peak Sunnfjord har berre vakse dei fem siste åra. Huseigarane utnyttar alt arealet dei kan, og driv kontinuerleg utvikling. Nesten alle kontorlokala på Peak Sunnfjord har vore utleigd til ei kvar tid, og det var berre når Tibber blei for store for 2. etasje at Pål Anders hadde noko ledig ein periode.

Bilete: Photoevent & Vedvik Photography

Seier stort sett aldri nei
- Omgjevnadane rundt oss påverkar oss. Ein er tross alt på jobb store delar av døgnet. Vi har difor lagt mykje tid og energi i design og interiør. Her skal det vere moderne, leikent og uformelt med høg kvalitet. Det trur eg leigetakarane er einige i, fortel han. Sjølv har han investert mykje i prosjektet Peak Sunnfjord, og det er viktig for han at ting skjer. Som huseigar seier han alltid ja til gode initiativ, og bidrar til sosiale samankomstar. – Eg har to hovudoppgåver som huseigar. Det første er å vere fasilitator for alle praktiske ting. Her skal alt vere på stell med lokale, internett, kaffi – you name it. I tillegg er eg tilretteleggjar for arrangement, og sørger for at gode initiativ blir sett ut i livet. Vi har både faglege og festlege arrangement her i Hafstadvegen 23, og eg applaudera stort sett alle, forklarar han.


Hotdesk eller drop-in?
I tillegg til faste kontor tilbyr Peak Sunnfjord både drop-in og hotdesk. Her kan du komme å leige ein kontorplass i ope kontorlandskap, og kjenne på atmosfæren. Optimalt for deg som tar med jobben til Sunnfjord, eller er einaste tilsette i bedrifta. Saman med Sunnfjord kommune tilbyr ein også remote arbeidsplassar. Det er eit prosjekt saman med Remote Norge der ein legg til rette for eitt års gratis kontorplass. Alt inkludert. – Dette er vi med på fordi det er viktig for rekrutteringa. Håpet er jo at dei trivast så godt at dei vel å bli i Sunnfjord, noko dei stort sett gjer, fortel han.

 

Bilete: Photoevent & Vedvik Photography

Næringsklynge med kultur
Med over 30 ulike bedrifter, og 180 personar er Peak Sunnfjord ein variert arbeidsstad. Det er stor spennvidde mellom bedriftene, og mykje god kompetanse innomhus. Miljøet er godt etablert og her er alltid god stemning. – Peak-konseptet er å skape ei klynge av bedrifter der alle ser verdien av samhald og erfaringsutveksling. Det er ei næringsklynge med kultur for å dele og lære av kvarandre, avsluttar han.

73 millionar visningar på YouTube-kanalen til Asbjørn

73 millionar visningar på YouTube-kanalen til Asbjørn

Førde Flis - meir enn berre flis

Førde Flis - meir enn berre flis