Kategorier


Arkiv

73 millionar visningar på YouTube-kanalen til Asbjørn

73 millionar visningar på YouTube-kanalen til Asbjørn

Innhaldssak Peak Sunnfjord

Når vi seier at variasjonen på Peak Sunnfjord er stor, meiner vi det. Det er godt utval bedrifter innom dørene i Hafstadvegen. Ei av dei driv ein av Sunnfjord sine største YouTube kanalar, og er heilt i verdstoppen innan sitt område. Men, det er ikkje sikkert du har høyrt om han likevel. Hels på Asbjørn Lote og Polyfjord.

Sjølvlært YouTubar
Asbjørn har ein mastergrad i entreprenørskap, og ein bachelor i film og TV. Men det er 3D animering han vier tida si til. Han har lagt ut videoar på YouTube i over ti år, og er stort sett sjølvlært. Etter utdanninga og tida som praktikant oppstod draumen om å starte for seg sjølv, og leve av hobbyen. For 2,5 år sidan såg difor Polyfjord dagens lys.

Så, kva gjer eigentleg ein 3D animatør? Asbjørn sit på cellekontoret sitt i første etasje på Peak Sunnfjord. Svaret kjem kjapt og kontant, han treng ikkje tenke seg om. – Eg lagar videoar av ting som bevegar seg på datamaskina. Det er den enkle og nakne forklaringa. Mitt virke går ut på å lage rettleiingar til andre, som eg filmar og legg ut på Instagram og YouTube. Eg jobbar mest med 3D-kunst, arbeidsflytar og visuelle konsept, fortel han. Han har mellom 500 000 og 800 000 visingar på ein månad. – Ein video eg lagde fekk 27 millionar visingar, og det suste inn 100 000 følgjarar på ei veke. Det blei litt for mykje for meg, og eigentleg mest ubehageleg, fortel han med eit smil om munnen.

Finne dei løysingane ingen har funne før
Asbjørn baserer videoane sine på programmet Blender. Det er eit gratis og ope 3D animeringsprogram som kven som helst kan nytte seg av. Han er sjølvlært, og er driven av lysta til å imponere. – Eg likar å finne avgrensingane i Blender, dei tinga ingen har gjort før. Då jobbar eg knallhardt for å finne løysingar, og legg dei ut til målgruppa mi si glede, forklarar han. At innhaldet treff er sikkert. Asbjørn har den mest sette opplæringsvideoen for Blender i verda, og den 4. største YouTube kanalen på temaet. Han heldt innlegg på den internasjonale Blenderkonferansen i Amsterdam i fjor, og over 40 personar kom for selfies. På kundelista hans står store aktørar som Nike og McDonalds. Målgruppa hans strekk seg over heile verda, men han har flest følgjarar frå Tyskland, USA og India. Alle videoane går difor på engelsk, men det er ingen problem for Asbjørn. Han fortel at det faktisk er enklare å filme seg sjølv medan han snakkar engelsk, enn norsk. I tillegg er visst den norske og svenske aksenten populær i utlandet.

Eit kjent og sosialt kontorfellesskap
Hans forhold til Peak Sunnfjord begynte med leige av ein hotdesk. – Kvar sommar eg var heime på ferie sat eg her. Du kan sei eg hadde sommarjobb i eiga bedrift. Eg er glad eg kunne sitte på Peak, det var ekstremt kjedeleg å sitte heime, fortel han. Når han i juni 2023 flytta heim til Sunnfjord frå Trondheim fekk han eit fast cellekontor. Då kjente han miljøet, og visste kva han gjekk til. – Eg angrar ikkje eit sekund på at eg har kontor her. Her skjer alltid noko, det er svært sosialt. Samstundes veit alle kor det er, så det er lett å halde møter og få besøk. Når eg i tillegg fekk kontorplass kjapt, er det ingenting å utsette på, fortel han. Asbjørn filmar som regel heime, og tar kontordagar til redigering.

Med ei aukande interesse for 3D animering og rendering i samfunnet blir det meir enn nok å gjere for Asbjørn og Polyfjord framover. Då er det fint at Peak Sunnfjord legg til rette for både konsentrasjon, samhald og erfaringsutveksling.

Sjå eksempel frå Asbjørn sin YouTube kanal i videoen under!

Alle bilete: Asbjørn Lote/ Polyfjord

Eit annleis kontorfellesskap

Eit annleis kontorfellesskap