Kategorier


Arkiv

Ungt par valte RAV4 PLug-in Hybrid som familiebil

Ungt par valte RAV4 PLug-in Hybrid som familiebil

Stein Vidar Vie, Toyota Førde, har allereie byrja å bygge eit godt kundeforhold til Emil (0,6), og foreldra hans, Leif Joar og Lone.

Då Lone Dvergsdal Engevik og Leif Joar Ellingsund Apalseth vart foreldre, vakna behovet for ein skikkeleg familiebil. Og då var vegen kort til ein Toyota RAV4 Plug-in Hybrid.

Innhaldsartikkel Toyota Nordfjord og Førde


Nokre dagar skil seg ut frå dei andre i liva våre: Bursdagar og andre merkedagar, å møte sin store kjærleik, få barn, bli ferdig med skule, byrje i jobb og så vidare. Og for mange er dagen ein hentar ut sin første nye bil ein slik dag. Det er kjekt å sette seg inn i nybillukt og køyre heim i eigen, splitter ny bil.
– Å levere ut nye bilar til kundar er alltid kjekt. Det er mykje kjensler i spel og breie smil, spesielt når det er første nye bilen deira, smiler Stein Vidar Vie på Toyota Førde, medan han festar skilt på ein nyvaska Toyota RAV4 Plug-in Hybrid, som om nokre få minutt skal møte sine nye eigarar.

Leif Joar og Lone var på jakt etter ein god familiebil, og valet fall på ein Toyota RAV4 Plug-in Hybrid. Stein Vidar Vie og Toyota Førde leverte ut 132 slike i fjor, og den held fram med å vere eit populært val i 2022.

Første «vaksenbil»

På slaget 15, som avtalt, kjem Lone og Leif Joar for å hente bilen sin, saman med hovudinspirasjonen for bilkjøpet: Vesle Emil som kom til verda i desember 2021.

– Dette er vår første heilt nye bil, så det er kjempespennande, smiler Lone og Leif Joar.
– Vi ønska oss ein litt stor bil med god komfort, med god plass innvendig, i bagasjerom og i baksetet, seier Lone og kikkar blidt ned på Emil.
– Det blir nok fleire barn, så vi må ha plass til barneseta.
– Vi er veldig oppteken av tryggleik. Vi bur i Vevring, så vi må ofte over høgda, og då er det greitt å ha utstyr til å handtere det i alle tilhøve, spesielt om vinteren. Difor ønska vi ein bil med firehjulstrekk. RAV4 fylte alle krava våre, seier Leif Joar. 

Godt nøgde med sine tidligare Toyota

Både Lone og Leif Joar har hatt Toyota før, noko som bidrog til å gjere vegen kort tilbake til Toyota Førde når bilen» skulle handlast.
– Vi har begge hatt kvar vår Toyota før, og har eit godt forhold til merket og vår lokale forhandlar. Toyota har bra bilar, og her får ein god service og fantastisk kundepleie.

Dei er alltid hjelpsame, og er det noko ein lurer på er det berre å stikke innom, seier han.

Litt av æra for valet av bil må mor til Lone ta.
– Mor mi kjøpte ein Toyota RAV4 Plug-in Hybrid før jul. Eg fikk prøve den, og fann ut at dette var bilen eg hadde lyst på. Hennar er raud, men eg ville ha den i grå. Når eg såg denne var eg seld, ler Lone.

 

Så blid blir ein når ein snart skal køyre heim i ein splitter ny Toyota

 

–Fossil, el eller hybrid?

Dagens drivstoffprisar fikk dei til å vurdere elektriske alternativ, men dei landa på ein god kombinasjon: Ein Plug In hybrid.
– Slik prisane er på drivstoff no, så er det klart ein tenker på kostnadane, seier Lone.

– Vi ser jo at det meir og meir handlar om elbil, så vi valte å gå for ein hybrid no. Då får ein det beste av begge deler: Til dagen køyrer ein elektrisk, og så slepp ein å tenke på rekkeviddeangst når ein skal på langtur. Vi bur i Vevring, så med denne køyrer vi fint til og frå jobb i Naustdal med på el, seier Leif Joar.

 Enkelt bilhald  
Lone og Leif Joar valte å lease bilen, noko Stein Vidar merkar at mange i dag vel. 

– Stadig fleire kundar som handlar bil no er meir oppteken av å ha eit totalt bilhald: Dei vil ha alt på ei rekning per månad, slik at dei får ein fast sum å forhalde seg til. Dei vil vekk frå bruktbil og overraskande represjonar og utgifter, og over i eit føreseieleg bilhald, der du slepp tenke på det så mykje. Med leasing og serviceavtale kan du levere bilen inn på service utan å måtte tenke på noko meir på det, seier Stein Vidar.  

Salsvinnar

At Lone og Leif Joar enda med ein RAV4 overraska ikkje Stein Vidar. Toyota Førde har nemleg selt veldig, veldig mange slike, både i fjor og i år.
– I 2021 leverte vi ut 132 RAV4 Plug-in Hybrid frå Toyota Førde. Det er det meste vi har selt av ein modell, så denne har verkeleg treft i marknaden. Og ikkje berre i ei spesifikk målgruppe, denne treff alle både småbarnsfamiliar, par, einslege og pensjonistar, seier han og fortel kvifor.
– Dette er ein bil som fungerer veldig godt for mange, både i høve storleik og motor, og at den er ein ladbar hybrid. Den har god rekkevidde på 75 km elektrisk, slik at dei fleste kan køyre den på el i kvardagen. Faktisk ser vi at den på sommaren, med gunstige tilhøve, har ei rekkevidde på over 90 kilometer elektrisk, seier Stein Vidar og held fram.

– RAV4 Plug-in Hybrid har god plass, og ein kraftplugg av ein motor på 306 HK. Du har dei ekstra kreftene når du treng dei, samtidig som du køyrer den veldig billig på langtur. Den elektrisk boosten i starten gjer til at du køyrer med eit snittforbruk på 0,44 liter. Det har eg sjølverfart på turar til Trondheim, seier han.
– Eg ønskjer Lone og Leif Joar lukke til med ny bil, som eg er trygg på at dei blir veldig nøgde med. Så var det kjekt å helse på vesle Emil, som no kanskje byrjar sitt livslange forhold til Toyota, seier han med glimt i auget.

Er du nysgjerrig på Toyota RAV4 Plug-in Hybrid? Les meir her: https://www.toyota-nf.no/biler/rav4-plug-in-hybrid

 

 

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet

Vellukka russefeiring, takka vere velvilje frå lokalsamfunnet

No er Førdepatrioten digital

No er Førdepatrioten digital