Kategorier


Arkiv

Fredag 12. november er det endeleg klart for Nattope i Førde igjen

Fredag 12. november er det endeleg klart for Nattope i Førde igjen

Det gåvmilde næringslivet i Førde trår til kvart Nattope, så også i år. Tre heldige vinnarar kan sikre premiar til ein verdi av 200 000 kroner.

I år kan ein heldig vinnar sikre seg ein verkeleg kanonstart på julehandelen: Hovudpremien i år har ein verdi på kr. 175 000,-.

Tre heldige vinnarar vinn høvesvis:

1.premie: Varer og tenester til ein verdi av ca. kr.  175 000 (sjå liste under)

2. premie: Gåvekort frå Berge & Co (kr 5000,-), Thon Hotel Førde (kr 5000,-) og Fargerike Førde Fargehandel (kr 5000,-). Verdi totalt kr. 15 000,-

3.premie:  Eit brød kvar dag i eitt år frå Naustdal Dampbakeri – Verdi kr. 10 000,-

Arkivfoto: Geir Opseth, leiar i Fins.

Gåvmildt næringsliv står bak den flotte premien

Handelsstanden i Førde bidreg i fellesskap til fantastisk premier på «Nattope».

– Den totale premiesummen brukar å vere på nær 200 000 kroner, og det kom den rett over i år også. Det er fantastisk, og vi er særs takksame for at næringslivet bidreg slik, seier Geir Opseth, leiar i Førde Industri og Næringssamskipnad.

– I Sunnfjord er vi så heldige å ha eit positivt næringsliv, som kvar år stiller opp og bidreg som best dei kan når vi spør. Nattope er eit flott døme på den dugnaden næringslivet er med på for å skape aktivitet, der bedrifter bidreg med flotte premiar og på andre vis. Det samhaldet vi har skapt rundt Nattope er heilt unikt, og er mogleg fordi vi står samla i Sunnfjord. Næringslivet vårt er kjenneteikna av bedrifter, som bidreg til fellesskapen og tek samfunnsansvar. Det tilfører området vi bur i svært mykje positivt.

Anne Karin Steen, senterleiar Elvetorget, Geir Opseth, leiar i FINS og Rognaldsen, senterleiar Alti Førde.

Endeleg Nattope igjen 

Det er liten tvil om at handelstanden ser fram til god, gamal «Nattope-stemning» igjen 12. november. 

– Nattope samlar mykje blide menneske til handel i Førde, så det er ein kjekk dag både for kundar og butikkane. No har vi ikkje arrangert Nattope sidan 2019, så det blir veldig spennande å sjå korleis dagen blir, seier Rolf Arne Rognaldsen, senterleiar Alti Førde. 

– Det er også ein dag som betyr mykje for butikkane i høve omsetnad, så vi er veldig glade for å kunne arrangerer Nattope slik vi ønskjer. Ein må framleis ta omsyn, men vi har større moglegheiter for å arrangerer dagen slik vi ønskjer igjen, så vi gler oss, seier han. 

– Nattope er eit lokalt skapt arrangement, som starta ut frå eit ønske om å skape aktivitet og handel i sentrum. Det har vi vidareført år for år, og vi opplev at både vi i handelsstanden og kundane våre gler oss til denne dagen kvart år. Det er ingenting som er kjekkare enn liv og røre i sentrum. Og så er det eit høgdepunkt kvart år når Torgplassen er smekkfull i folk og god stemning, før trekninga av premiane klokka 21.00 på fredagen! Nattope er eit viktig og tradisjonelt arrangement for byen vår. Eg oppmodar folk til å bruke dagen. Det er gode tilbod heile dagen, og du kan levere bongar fram til klokka 19.30 på fredag.  

For å delta må du handle på ein av butikkane som deltekt på Nattope. (Sjå liste under). Der får du ein bong, som du legg i ein av desse tre kassane. Dei står på høvesvis Extra Kronborg, Alti og Elvetorget.

Slik deltek du:

  • Bongar finn du på alle butikkar som har gitt gåve. Lista ligg under, og blir oppdatert framover. (Obs: Gjeld ikkje matbutikkar.)

  • Bongane finn du i butikkane frå måndag 8.november. Du kan levere bongar til og med kl 19:30, fredag 12. november.

  • Bongane må leverast ferdig utfylt i ein av dei tre bongkassane. Desse er tydeleg merka (sjå bilete) og dei står plassert på Extra Kronborg, Alti og Elvetorget. OBS: 1 bong per handel. Du kan levere bongar fram til klokka 19.30 på fredag 12. november, då blir boksane tømt og levert til trekking.

 

Endeleg trekning på Torgplassen igjen

  • Det blir trekning av premiar på Torgplassen ved Elvetorget klokka 21.00, fredag 12. november. Du må vere til stades under trekninga for å kunne vinne.

 

Desse bedriftene har bidrege til Nattope-premie

 

·       Spenst. Årskort komplett, med Spa, yoga og crossfit. Verdi: Kr. 11.037,-

·       Naustdal Dampbakeri. Brød eit heilt år. Verdi: Kr. 10.000,-

·       Dale Rør. Takdusj frå Gustavsberg. Verdi kr. 7609,-

·       Elkjøp Førde. Lydplanke. Verdi: kr. 6990,-

·       Coop Obs Bygg. Kärcher høgtrykksspylar. Verdi kr 6000,- 

·       Neumann. Varmevifte, hovudlykt, kabeltrommel og hørselsvern. Verdi kr. 5856,-

·       Vestland Elektro og Rør. Baderomsartiklar og lampe. Verdi kr 5000,- 

·       Berge & Co.  Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Fargerike Førde Fargehandel. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Diesel Elektro. Gåvekort. Verdi kr. 5000,-

·       Førde Vulk. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Opus. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Mobile Førde. Gåvekort. Verdi kr. 5000,-

·       NKM Sunnfjord. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- (inntil 10 personar, 2 heat. )

·       Trøkk n’ Truck. Gåvekort. Verdi kr. 5000,-

·       Thon Hotel Førde. Gåvekort. Verdi kr. 5000,-

·       Scandic Sunnfjord Hotel & Spa. Gåvekort. Verdi kr. 5000 kr (eit samla kjøp)

·       Frydenbø Bilsenter Førde. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Alti Førde. Gåvekort. Verdi kr. 5000,- 

·       Elvetorget. Gavekort. Verdi kr. 5000,-

·       Zoo-1. Klore/klatrestativ. Verdi kr. 4699,- 

·       Bagorama. Samsonite Trillekoffert. Verdi kr. 4199,-

·       Power. Gratis support på tele og data 1. år.

·       Erdal Sport. Sovepose Gruezi Biopod Downwool subzero 185. Verdi kr. 3900,-

·       Sport 1. Mammut sovepose. Verdi kr. 3300,-

·       XL-Farsund Bygg. Drill. Verdi kr. 3290,-

·       Ut Vestland. Allværsjakke- og bukse, reflekssele. Verdi kr. 3150,-

·       Bokuben. Eitech byggesett. Verdi kr. 3130,-

·       Fredrik & Louisa. Goodiebag. Verdi kr. 3000,-

·       Gyngehesten. Tripp Trapp-stol, babysete, Cushion/pute. Verdi kr. 3000,-

·       Telenorbutikken. Apple AirPods Pro. Verdi kr. 3000,-

·       Apotek 1. Skjerf, toalettmappe, hudpleieprodukt. Verdi kr. 2340,-

·       Spar Førde. Diverse varer. Verdi kr. 2000,-

·       Nikita Førde. GDH-føner. Verdi kr. 1999,-

·       Dressmann. Ytterjakke. Verdi kr. 1800,-

·       Norli (Alti Førde og Elvetorget). Troll skulesekk og bøker. Verdi kr. 1698,-

·       Peppes Pizza. Gåvekort pizzafest for deg og 10 vener. Verdi kr. 1600,-

·       Førdefestivalen. Festivalartiklar. Verdi kr. 1500,-

·       Tilbords Førde. Georg Jensen skål/bolle. Verdi kr. 1499,-

·       Sybutikken. Tuttobag til symaskin. Verdi kr. 1400,-

·       Auto 8-8 Forum. Gåvekort. Verdi kr. 1300,-

·       Eurosko/DNA. Kay Urban veske. Verdi kr. 1299,-

·       Bilskadesenteret. Surprisebag med bilprodukt. Verdi kr. 1200,-

·       Våpenloftet. Grillpakke m/diverse knivar og utstyr. Verdi kr. 1200,-

·       Kremmerhuset. Gåvekort og pledd. Verdi kr. 1100,-

·       Esso Førde. Bilvask. Verdi kr. 1000,-

·       Europris. Leikar. Verdi kr. 1000,-

·       Brilleland. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Normal. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Marcel. Les Dux Hoodie. Verdi kr. 1000,-

·       Mestergull. Susanne Friis smykke og gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Floke. Gåvepakke. Verdi kr. 1000,-

·       Frost. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Medvind. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Rema 1000. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Storm. Gåvekort. Verdi kr. 1000,-

·       Plantasjen. Kaffisett. Verdi kr. 900,-

·       Luttfest. To stk billettar til Luttfest 2022. Verdi kr. 840,-

·       Centrum Salong. Goodiebag frå Redken. Verdi kr. 800,-

·       More Woman. Genser frå CLE. Verdi kr. 800,-

·       Bellis Blomster. Lyslykt. Verdi kr. 799,-

·       Sunnfjord Apotek. Hudpleiesett. Verdi kr. 760,-

·       Lindex. Boblebdress. Verdi. kr 699,-

·       Specsavers. Synsundersøking. Verdi kr. 685,-

·       Cubus. Joggedress. Verdi kr. 600,-

·       Kid. Ullpledd. Verdi kr. 600,-

·       Bik Bok. Jeans. Verdi kr. 599,-

·       Mikasport. VLS300 beachball. Verdi kr. 595,-

·       Friluftsbua. Gåvekort, sitteunderlag og kopp. Verdi kr. 554,-

·       Astrids Blomster. Lyslykt. Verdi kr. 500,-

·       Brændmo og Pettersen. Gåvekort. Verdi kr. 500,-

·       LunsjKafe. Gåvekort. Verdi kr. 500,-

·       Non Stop Sko. Gåvekort. Verdi kr. 500,-

·       Krut. Lunsj for to. Verdi kr. 500,-

·       Yes. Gåvekort. Verdi kr 500,-

·       Brito. Gåvepakke med spekemat. Verdi kr. 500,-

·       The Body Shop. Shea bodybutter og Shea bodyscrub. Verdi kr. 438,-

·       Skeidar. Block skap. Verdi kr 399. 

·       Abas Inn. Gåvekort. Verdi kr. 300

·       Carlings. Hue. Verdi kr. 150,-

 

Dan Espedal - eit uvanleg liv

Dan Espedal - eit uvanleg liv

Ei bok, to historier – skrive av ein slags krimforfattar

Ei bok, to historier – skrive av ein slags krimforfattar