Kategorier


Arkiv

Dan Espedal - eit uvanleg liv

Dan Espedal - eit uvanleg liv

Som infanterist, mineryddar og seinare obduksjonsteknikar i krigssona i Afghanistan har Dan Espedal opplevd mykje ekstreme situasjonar. Det treivst han godt med, til det ein dag sa stopp.  Den unike livserfaringa hans har han no samla i foredraget «Mitt liv».


Ville du til dømes gått ut på ei afghansk slette du visste var full av miner? Eller obdusert kroppar, som kunne innehalde eksplosivar? Dan har gjort begge deler. I dag er han ein roleg, reflektert familiemann, som brukar tida si saman med sambuar Camilla Søvig og borna Elias, Sofie og Selma. Men vegen fram dit har bydd på mykje dramatikk. Då Dan var tre år, døydde veslebror hans. Første gang sambuar Camilla vart gravid, mista dei barnet. Seinare fekk dei ein son, deretter tvillingjenter. Begge gongane vart borna fødd mykje for tidleg. Men hendinga som har prega livet hans mest, skjedde hausten 1994. Dan var ferdig med førstegangstenste, jobba på slaktehuset og brukte tida på fjas og moro. 

– Eg var ein skitunge som trudde eg var tøff, seier han og fortel at livet tok ei brå endring. Bror hans, Arne, var ute i gatene ein laurdag i oktober. Brått var han vekke.

– Då beskjeden kom om at dei hadde funne han død i elva stoppa alt. Eg klarte ikkje å ta det inn, og stappa det inn i det rommet eg lagrar vonde ting i. Ein ting nådde forbi sorga: Arne ville i militære og gjere karriere. Eg var «ferdig» med det, men hadde eit ønske om å reise ut i teneste. I etterkant trur eg det var ein kombinasjon av å heidre han og ei slags flukt, fortel Dan. 

Jakta på adrenalinkick
I perioden 1997-2013 jobba han som infanterist, mineryddar og obduksjonsteknikar, og som sjef for eit likhus i krigssona i Kandahar. 

– Camilla ville at eg skulle bli heime, men eg sa at vi trengte pengane. Sanninga var at eg ville ut igjen for å få roen. Eg var blitt «avhengig» av adrenalin. Å komme ned til rakettangrep og livstruande situasjonar gav meg ro, der sov eg godt. Eg elska livet der. I ettertid ser eg at dette er eit teikn på at noko er gale: Du skal ikkje få indre ro i farlege situasjonar. Av Elias sine første to leveår var eg ute i 16 månadar. Til slutt sa Camilla: «Du kan vere så lenge du vil, men då er vi ikkje her når du kjem heim! Då valte eg familien, seier han, og reiste heim til jobben som obduksjonsteknikar i Helse Førde. Etter kort tid vart han gåande som einaste obduksjonsteknikar der, noko som gjorde kvardagane tyngre. 

Ein av mange opplevingar dei færraste av oss kan forstå: Desarmering av PMN1 Antipersonellmine med cirka 200 gram TNT.

Med fastlegen som psykolog 

Summen av opplevingar var byrja å prege Dan, men han var ikkje klar for å innsjå det. 

– Det var frustrerande. På tenestebeviset mitt står det at det at eg har over normal evne til å tåle fysisk og psykisk stress. Og så brått er tåleevna under normalen. Ein går frå topp til botn, og må jobbe seg gjennom det, seier han og fortel at han brukte fastlegen som «psykolog» i årevis. 
– Eg tenkte dei 20 minutta i slengen der var nok. Både han og Camilla prøvde å få meg til å søke hjelp, utan at eg ville innsjå at eg trengte det. Eg pressa meg berre vidare, seier han og fortel at ein telefon frå ein ven, som jobba med ei bok om norske veteranar, starta ein prosess.  

–  Han lurte på om eg ville bidra med mi historie. I løpet av arbeidet byrja eg å forstå kor mykje livet som soldat hadde prega meg, seier Dan, og fortel at dette enda med at han bad fastlegen sette han i kontakt med ein psykiater. 
– Og ganske raskt fikk eg diagnosen Posttraumatisk stressliding (PTSD). Det var godt å få sett ord på den frustrasjonen eg følte: Eg forstod ikkje korleis eg kunne gå frå å ha det topp når eg var i ekstreme situasjonar, til å få ekstrem angst i daglegdagse situasjonar. Sjølv om eg var trygg, ville ikkje hovudet innsjå det. Det tok tid å erkjenne at det hang igjen ting frå tida mi i forsvaret og i Afghanistan. Som far treng ein ikkje tenke over at ein går frå asfalt til sti, men som mineryddar skal du ikkje gå ut på ein sti utan å klarere for miner. Store folkemengder stressa meg, og eg observerte etter farar som ikkje er der. Forsvaret trena hovudet mitt til å vere i maksimalt alarm-modus, så det har stått på spreng sidan 1997, seier han.

– Det ligg hundrevis av ekstreme situasjonar og kvernar i bakhovudet, og desse kan bli trigga av kvardagslege ting. Eg har vore nøydd å ta inn over meg alt eg har halde inne – og sleppe det ut. I starten gav timane hos psykiateren meg sterkare symptom. Men det var ein del av prosessen med å innsjå at eg har eit problem, seier han og held fram. 

– Som psykiateren min seier: «Du er her for at vi skal få rydde litt i biblioteket ditt». Å gå gjennom livet ditt, med ein person som etterkvart kjenner deg særs godt og har tid til å lytte, det er eit privilegium. Ho laga ei tidslinje over livet mitt som vi gjekk gjennom. I starten var det vondt, for der var det mykje eg har fortreng, men det var det beste vi kunne gjere. Sidan 2019 har eg gått til behandling om lag kvar veke, og no gler eg meg nesten til timane. Trykket i hovudet har byrja å gå ned, og det er ei god kjensle. 

Dan Gøran og Øystein Bruland etter det første foredraget Dan heldt, på Sunnfjord Folkehøgskule.

Kva er meir skremmande enn eit minefelt?

Dan har trakka på miner som ikkje har gått av. Overraskande nok finst det ting som er meir skummelt.  

– Om du for nokre år sidan hadde gitt meg valet mellom å gå ut i eit minefelt, eller halde eit foredrag, hadde eg utan tvil valt minefeltet, ler Dan.  

– Og eg hadde aldri gjort dette utan Øystein Bruland, som var sjefen min då Arne døydde. Han har følgt med vidare i livet. Det var han som føreslo at eit slikt foredrag ville kunne vere ein god ting. Han hjelpte meg med å lage det, men det enda med at eg trakk meg. Eg var ikkje klar, og sleit med samvitet etter alt han hadde gjort for meg. Men i 2018 følte eg meg klar, og då ville eg ha han med meg på laget igjen. Då visste eg at no kan eg ikkje trekke meg, uansett. Framføringa skulle skje på Sunnfjord Folkehøgskule, og tre veker før var eg så nervøs at eg seriøst lurte på om dette verkeleg kunne vere bra for meg, seier han og smiler.  

– Men eg var sikker på at dette ville vere bra for meg, sjølv om det ikkje kjentest slik, så eg pressa meg gjennom. Eg nekta å gi opp. Det vart eit par foredrag til på rappen etterpå. Og når Fred Reiersen ville ha meg på Larris Scene var eg tøff nok til å seie ja! Før eg skulle på scena spydde eg to gonger, og Camilla var uroleg for om eg ville klare det. Men eg fekk gode tilbakemeldingar, seier han og fortel kvifor han held foredraget.  

– Eg tenkte at det ville hjelpe meg å snakke om livet mitt. Vi treng alle litt merksemd, og eg har ein jobb der ein blir sittande inne med ting. Eg hadde eit ønske om å skape ei forståing for kvifor eg har var den eg var, og korleis eg vart den eg er. Som mineryddar fekk du ekstreme adrenalinkick, som vart rivne vekk frå meg då eg vende tilbake til det sivile livet. Du blir avhengig av det, og det er vanskeleg å gje slepp. Du må finne det kicket på ein anna måte, som ikkje er farleg, seier Dan og fortel at det er det foredraget gjev han no. 
– For meg er kicket av å stå på scena framfor publikum endå større. Og så gjer det noko med deg når du blir møtt med applaus og positive tilbakemeldingar etterpå. 

Dan, Elias, sambuar Camilla og tvillingane Selma og Sofia. Foto: Guro Lindseth Nes

Koronapause

Det kom fleire oppdrag inn, og kvar tur på scena gav meistring og sjølvtillit. 

– Draumen var å ta foredraget ut av fylket. Eg fekk også eit oppdrag i Bodø, noko koronaen dessverre sette ein stoppar for. Det var litt dumt, samtidig som pausen har gjort godt også: Eg fekk eit år til med behandling og refleksjon, seier han og fortel at han brukte tida på seg sjølv og familien. 
– Etter ei tid som delvis sjukemeld, vart eg 100 prosent sjukemeld i august 2020. I starten var det tøft, men no har eg fått det på avstand – og meir fred i hovudet. Eg måtte legge jobben heilt vekk ei tid. No må eg ta tida til hjelp, finne ut kva framtida byr på, og kva eg er i stand til. Eg har godteke at eg har eit problem, og ein diagnose, som eg må jobbe meg gjennom. No har eg fått tid til det. Og eg har skjønt kor ufatteleg godt der er å ha ein familie, og å kunne bruke tida med dei, seier han og smiler. 
– Eg brælar vekk ungane. Kjærleiken eg føler til dei, den er så sterk og intens. Eg er privilegert som får bruke så mykje tid med dei. Og å sjå den tryggleiken det gjev dei at mamma og pappa har tid til dei, det gjer meg utruleg godt.  

 

Comeback og satsing for framtida 

– I mai i år heldt eg foredraget for ein 10. klasse på Sande. Eg var veldig nervøs, men det er jo normalt. Ein skal jo vere nervøs, men på ein god måte, seier han og held fram. 

– Å stå på ei scene og dele erfaringar gir meg mykje. Foredraget er ulikt vinkla når eg held det til vaksne og ungdommar. Til dei unge fokuserer eg mest på psykisk helse. Du ser at dei kan kjenne seg igjen i mykje av det eg pratar om, sjølv om vi bearbeider ting ulikt. Og kanskje kan eg hjelpe andre til å tenke annleis, spør Dan og fortel at koronapausen også har gitt tid og høve til å profesjonalisere både innhald og rammeverket rundt «Mitt liv». 

– No er nett- og Facebook-side på plass, slik at folk kan booke foredraget. Vi har alt nokre førespurnadar vi jobbar med, så planen er å gå i gang for alvor over nyttår, seier Dan. 

Det tok lang tid, men endeleg innsåg Dan at han trengte profesjonell hjelp til å bearbeide opplevingane frå tida i militæret.

 Frå rebell til reflektert 

Modninga i løpet av desse åra førte også til ein uventa bonus.  

– Eg vaks opp utan kontakt med far min. Han tok kontakten igjen på det verste tidspunktet i livet mitt, medan eg var ein sint rebell i 20-åra. Den gang gav eg beskjed om at eg har hatt mor mi heile livet, og eg klarar meg godt med ho! Etter at eg vart far sjølv, forstår eg kor mykje den beskjeden må ha såra han, seier Dan, og fortel at prosessen fram mot tilgjeving og ønske om kontakt vaks fram over mange år.
– Camilla kontakta han, medan eg var i Afghanistan. Eg var langt unna og «tøff», men då eg kom heim fekk eg kalde føter. Så gjekk åra, eg fekk to born til, og til slutt manna eg meg opp og bad om å få møte han. Han bur i Haugesund, og vi avtalte å møte han i fjor sommar.

– Eg var dritnervøs der vi sto og venta på familien hans, saman med Camilla og ungane. Så kom han, saman med kona si og eine halvbror min. Dei tok så godt i mot oss, og eg følte meg som del av familien frå første stund.  Eg som har mista to brør, fekk brått to nye! Vi var der heile dagen. Ungane mine leika med ungane til brørne mine og gjekk heilt på vas, ler han. 
– Vi vitja dei i sommar også, og hadde det fantastisk. Det er godt, men trist på same tid. Å vite at eg har ein flott familie til, som har budd så nær i så mange år. Men ein må sjå på det som ei gåve. No har vi god kontakt, og eg er takksam for at han tok i mot meg igjen. Og så har eg endeleg funne ut kvar eg har den sære, tørre humoren min frå, smiler Dan. 

Fredag 28. januar held Dan foredraget sitt på Larris Scene. Billettar kan du kjøpe ved å trykke her

Du kan booke foredraget til Dan her:

https://www.danespedal.no

Og du kan følgje han her: 

https://www.facebook.com/MittLivDanEspedal

 

 
Er du interessert i teknologi?

Er du interessert i teknologi?

Fredag 12. november er det endeleg klart for Nattope i Førde igjen

Fredag 12. november er det endeleg klart for Nattope i Førde igjen