Kategorier


Arkiv

Er du interessert i teknologi?

Er du interessert i teknologi?

Ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus i Førde, kan du ta ingeniørutdanning innan ulike fag …   

 Annonsørinnhald Høgskulen på Vestlandet


Studer teknologi på campus Førde! - YouTube

 

Høgskulen på Vestlandet (HVL) sin campus i Førde har rundt 700 ingeniør- og sjukepleiestudentar. Noko av det studentane våre er mest fornøgde med, er den tette kontakten mellom lærar og student. Her finn du 5 gode grunnar til å studere i Førde.

 

I tillegg til bachelor i sjukepleie har HVL i Førde fire ulike ingeniørlinjer:

Informasjonsteknologi

Automatisering m/robotikk (inkl y-veg, stud.med fagbrev)

Elkraftteknikk (inkl. y-veg)

Byggingeniør (inkl. y-veg)

 

Her kan du sjå ein film om kvar av dei ulike linjene:

Elkraft: https://youtu.be/gMd8Zd2GGm4

Byggingeniør: https://youtu.be/kTAYS1A4Wfo

Byggingeniør med info om TRES: https://youtu.be/DSsXhXegZ9Q

Automatisering: https://youtu.be/I2-q8SnrrIU

Informasjonsteknologi: https://youtu.be/2aIPO3tjEt4

 

Forkurs og andre alternative vegar til ingeniørutdanning

Det er fleire vegar inn til ingeniørutdanningane sjølv om du ikkje har generell studiekompetanse med realfag. Vi tilbyr både forkurs, y-veg og tresemesterordning (TRESS). Les meir om dei ulike vegane her.

Lurer du på kva ein ingeniør gjer kan du lese meir her.

 

Studentjobb - få relevant jobb mens du studerer

Tar du teknologiutdanning i Førde kan du få relevant jobb mens du studerer. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sunnfjord Utvikling og Høgskulen på Vestlandet har gjennom Studentjobb fått med seg bedrifter som tilbyr løna relevant erfaring for studentar som går på teknologiutdanning i Førde. Sjå meir om dette her.

 

Studentliv i Førde

Les meir om studentlivet i Førde på denne sida.

 

Campus Verftet

Campus Vertftet er eit nytt teknologisamarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Fagskulen i Sogn og Fjordane. Her får studentane tilgang til topp moderne labbar innanfor robotikk, automasjon og elkraft. Studentane kjem tett på næringslivet og kan jobbe med oppgåver i nært samarbeid med framtidige arbeidsgjevarar.

 

Spørsmål

Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med Eli Nummedal på eli.nummedal@hvl.no eller 48218755.

No er Førdepatrioten digital

No er Førdepatrioten digital

Dan Espedal - eit uvanleg liv

Dan Espedal - eit uvanleg liv