Kategorier


Arkiv

Sunnfjord Countryrock dundrar i gang siste helga i oktober!

Sunnfjord Countryrock dundrar i gang siste helga i oktober!

ANNONSØRINNHALD FOR SUNNFJORD COUNTRYROCK

Tradisjonen tru vert det arrangert Sunnfjord Countryrock i Førde siste helga i oktober. Fengande bygdefestlåtar, tradisjonelle country-hits, kjærleik, coverlåtar frå blant anna Johnny Cash, høgt energinivå, blues, rockabilly og eit dansande publikum står på agendaen den 29.-30. oktober på Larris Scene og i Sunnfjordsalen! 

To dagar med god stemning, fest og danseglede

Det er berre å børste støv av cowboyhatten og bootsa, og gjere dei svinge- og danseklare til ein av fylkets største countryrock-festivalar! Crashville, Gunslinger, Stine Nilsen & Livin West, Get Rhythm og Olivia McPeek & The Good Oldtimers er klar for å skape liv og røre desse dagane! Bli kjend med banda som skal fyre opp stemninga og dansegleda:

Crashville byr på bygdefestlåtar

Bandet består av: Emil Skaare Sætre (Vokal/Gitar), Øystein Nybø (Trommer/Låtskrivar), Magne Saure (Trekkspel/Piano/Kor), Sigurd Kårstad Fylling (El-Gitar), Glenn Charles Huldal (Bass/Kor).

Ørsta-bandet såg dagens lys under ein somarfest i 2007. Det byrja med god stemning og allsong i 2007, og her i frå balla det på seg med fulle turnèlister og høg allsong-faktor på konsertane. Crashville spelar fengande bygdefestlåtar om livet på bygda, som treff både unge og godt vaksne i bygd og by. I sommar ga dei ut songen “PØBEL”, der dei også spelte inn musikkvideo på det berykta “Essotaket” i Ørsta, rånararne sin andre heim. Er du med på allsong den 29. oktober til “PØBEL” i Sunnfjordsalen?

Speleglede og god stemning frå Stine Nilsen & Livin West

Livin West er: Lars Egil Vågseter (Steelgitar), Jan Karsten Einang (piano/orgel), Erik Torset (gitar), Mads Ola Lillestøl (trommer), Lars Reidar Lillestøl (bassist), Maron Sandvik (akustisk gitar/vokal) og Stine Nilsen (vokalist).

Dyktige musikarar med lang erfaring frå ulike countryband kom saman i 2018 for å reindyrke kjærleiken til countrymusikk, og saman går dei under namnet Stine Nilsen & Livin West. Stine reknast som ein av Norges fremste vokalistar og artistar innan countrysjangeren. Gruppa skriv, produserer og spelar inn låtane sine sjølv. Bandet har stor speleglede, og dei samarbeider med nasjonale og internasjonale artistar og låtskrivarar. Dei speler på Larris Scene 29.oktober. 

“Viagra, biff og bernaisesaus” og meire til frå Gunslingers

Bandet består av: Nikolai Storevik (fele), Dag Wolf (Steel guitar), Tore Mæhle (bass), Jan Ove Johansen (gitar), Frode Måkestad (vokal og låtskrivar), Frode Andreassen (trommer).

 Hardanger”, “Viagra, biff og bernaisesaus”, “Lommelykt” og “32-18” har fenga countryfans i alle aldrar, og den 30. oktober kan du vere ein av dei som får oppleve den gode energien og stemninga Gunslingers utstråler frå scena i Sunnfjordsalen! Fjordane musikkforum skildrar samspelet mellom bandet og publikum som uforklarleg, og ein må berre oppleve det sjølv.

Ekte countrystemning frå Get Rhythm

Get Rhythm består av: Martin Øvstehage, Erlend Trinerud Rognlien, Erik Sverre Engeland, Kjetil Andre Jensen og Erlend Hofstad.

Med ein sterk forkjærleik for legenda Johnny Cash, er det ikkje rart dei har namnet etter ein kjend Cash-låt: Get Rhythm er på plass med ekte countrystemning! Med mørk og malmfull baryton, energisk speleglede og musikalsk kvalitet på øvste hylle, tar desse gutane oss med tilbake til ein musikalsk epoke utan sidestykke. Dei speler på Larris Scene 30. oktober. 

Amerikansk og norsk country frå Olivia McPeek & The Good Oldtimers

Rutinert gjeng: Einar Jakobsen, Olivia McPeek frå Nashville/Førde og Agnar Gjelsvik. Med seg i bandet har dei også Torgrim Rødvik , Steinar Vie og Ole Martin Frimannslund.

Amerikansk og norsk country blir sterkt representert av Olivia McPeek & The Good Oldtimers, med coverlåtar av blant anna Kris Kristoffersen og Brad Paisley. Gitarist, Agnar Gjelsvik, skildrar det å vere på scena slik: “Som spelemann er det fantastisk å sjå den gode stemninga blant publikum frå scena. Slik veit eg at eg gjer noko riktig!”

Etter at arrangementet blei avlyst i fjor grunna covid, er det ekstra stas å kunne gjennomføre det i år. Vi alle kjenner at det klør i danse- og syngemusklane, og vi lovar god stemning med denne line up-en her! Bli med på Sunnfjord Countryrock  29. - 30. oktober. 

 
 
 
Ei bok, to historier – skrive av ein slags krimforfattar

Ei bok, to historier – skrive av ein slags krimforfattar

Kreativt samarbeid landa storkontrakt

Kreativt samarbeid landa storkontrakt